Bjørn Kleppo frå Eidsborg i Tokke. Foto: Vest-Telemark Museum Bjørn Kleppo (1894 – 1976) er kjent som «den moderne knivmakars far». Og det med rette, for Bjørn har ei særleg ære for å ha gjeve skap og lag på staskniven, eller bunadkniven, slik me kjenner den i dag. Stasknivar laga han mange av og desse er spreidde over heile landet. Den som eig ein slik omfram gild kniv, har noko særs verdifullt i sitt eige. Ei samling av stasknivar utan ein Kleppokniv er ikkje ei heil samling.
Bjørn, eller Bjønn som han heitte lokalt, var fødd den 22.januar 1894 på garden Kleppo i grenda Eidsborg i det som i dag er Tokke kommune. Der voks han opp, arbeidde og levde all si tid heilt til han vart gamal og ufrisk. Då måtte han ned på Helseheimen på Dalen, der han døydde den 7. april 1976.
Skulle det vera liv laga i dei tider og skulle ein greie seg på ein liten gard i Vest-Telemark, måtte ein vera nøysam og sjølvhjelpen. Folk på slike plassar var nok vanlegvis utan formell utdanning, men mange kunne vera overmåte kunnskapsrike og visste å snu seg.
Bjørn Kleppo var ein bygdekunstnar og eit universalgeni heilt utanom det vanlege. Det er mest ikkje til å tru kva han klarte å få til med små ressursar. I alle fall var han særdeles hendig og hadde eit godt hovud. Han var treskjerar, smed, knivmakar, sylvsmed, våpenmakar og urmakar. På sitt beste, var dette arbeid av høgaste kvalitet. Bjørn ætta både frå smedar og sylvsmedar så han hadde det i seg, og då vekse opp i eit godt miljø for handverk, - ja, då låg alt til rette for kva det skulle bli av guten. Les mer …
Den fyrste bygningen til Fyresdal Forbruksforening i Folkestadgata 24. Denne bygningen blei flytta bakover til Breifonn, Skippergata 2 i 1905 for å gje plass til ny handelsbygning.
Fyresdal Handelslag vart grunnlagt i 1871 med ein aksjekapital på 3080 kr. Handelslaget bestod opphavleg av tre filialar; hovudforretninga i Folkestadgata 24 i Folkestadbyen, ei forretning i Hegglandsgrend og ei på Øyane i Veum. I 1899 gjekk handelslaget på Veum ut som eiga forretning og vart heitande Veum Handelslag. Forretninga i Hegglandsgrend gjekk ut i 1916. Fyresdal Handelslag er gnr. 37/5/1.
17. februar 1872 heldt foreininga sitt fyrste årsmøte. 24. april peikar styret ut tomt til nytt hus - eit jordstykke på 1 ½ mål vert leigd i 1874 for årleg 1 ½ spd. Dette var eit stykke åker/eng på Århus grunn, Folkestad. Halvor Sitje og Daniel Svolestog fekk i oppdrag å flytte eit aktuelt hus til tomta. Huset kjøpte dei på Nordre Bondal (Fyresdal gnr. 64/2) i Kleivgrend, og bygningen kom opprinneleg frå Vodd. Dette var det fyrste huset i det som skulle bli "Byen" i Fyresdal. Dette var ei lita krambu. I 1886 bygsla Forbruksforeninga eit nytt stykke jord til 20 kroner årleg leige. Det var stadig ei utfordring med borgehandel også lokalt, men handelen gjekk godt.
Les mer …
Olaf Sveinsson fra Seljord til venstre og Knut Loupedalen fra Kviteseid til høyre. Begge utdannet lærere ved Kviteseid seminar. Foto: Fra Ljos over Telemark : eit attersyn. Olav Stranna, 1937 Knut Olavsson Loupedalen (født 17. juni 1844 i Brunkeberg, død 22. april 1923) tok lærerutdannelse ved Kviteseid Seminar og var lærer og gårdbruker i Kviteseid i hele sitt yrkesaktive liv. Han drev farsgården Loupedalen i Sandlandsgrend som mønsterbruk. Han arbeidet først som lærer, først i Dalane og så i utbygdi i Morgedal. Han deltok også i det offentlige liv, og hadde mange tillitsverv. Les mer …
|