Gunnar Utsond i 1913 Foto: Fotograf: L. Szacinski (firmaet) / Oslo Museum
Gunnar Utsond (fødd på Nordgarden i Lundevallgrendi, Kviteseid 31. august 1864, død på Neset i Sundkilen i Kviteseid 27. januar 1950) var ein bilethoggar frå Kviteseid i Telemark.
Foreldra til Gunnar Utsond var byggmeister og gardbrukar Olaus Svenkesen (1829–1899) og Hæge Nordbø (1836–1874). Han vart gift med Gunhild Øyan (født 17.3.1885, død 23.3.1972) 8. september 1903 i Kviteseid. Ho var dotter av Kjetil Øyan (1848–1905) og Kari Blikom (1845–1930).
Utsond vokste opp i Kviteseid og byrja tidleg med treskjering. Då han var 17 år reiste han til Kristiania, der han kom inn på Den kgl. Tegneskole under Julius Middelthun. Samstundes utdanna han seg til tannlege og praktiserte ei kort tid i Larvik og Kviteseid. 1889 bestemte han seg for å satse på kunsten og reiste til København, der han vart elev av Stephan Sinding. Les mer …
Herman Olsen Gjellhus, Nesland i Vinje; Aasmund Norgaard, Dalen, portrettert i august 1857 av Adolph Tidemand Aasmund Saamundsen Norgaard (født 14. oktober 1776 på Gjersund i Morgedal, død 27. november 1864 i Dalen) ble oppfattet som en «ganske interessant personlighed»; Begavet byggmester, mekaniker, metallarbeider, urmaker, idéskaper, oppfinner og politiker. Presten Simon Olaus Wollf kaller han «Prosjektmaker». Familen kommer fra Huvestad i Kviteseid, Telemark.
.Norgaard kom i ung alder til Jacob Aall på Nes jernverk, der han bygde en masovn.
Jacob Aall bekostet Norgaards utdannelse ved reiser og studier i Danmark og Sverige sammen med sin bror Niels Aall (1769-1854) på Ulefos. Her ble han ansatt som byggmester og fagmann på tømmer. Han bodde på Ulefoss fra 1804 til han i 1806 hadde han fullført oppføringen av Ulefoss sagbruk (Ulefos Saugbrug). Han ledet senere byggingen av hovedbygningen på Søndre Brekke etter at Aall hadde kjøpt stedet i 1810. Samme år som han kom til Ulefoss ble han gift med Lovise Dorthea Smidt (1778–1861).
Telemark Museum «Fører» af 1927 forteller at « Niels Aall under sin ombygning ikke brugte anden arkitekt end byggelederen Aasmund Norgaard». Les mer …
Den fyrste bygningen til Fyresdal Forbruksforening i Folkestadgata 24. Denne bygningen blei flytta bakover til Breifonn, Skippergata 2 i 1905 for å gje plass til ny handelsbygning.
Fyresdal Handelslag vart grunnlagt i 1871 med ein aksjekapital på 3080 kr. Handelslaget bestod opphavleg av tre filialar; hovudforretninga i Folkestadgata 24 i Folkestadbyen, ei forretning i Hegglandsgrend og ei på Øyane i Veum. I 1899 gjekk handelslaget på Veum ut som eiga forretning og vart heitande Veum Handelslag. Forretninga i Hegglandsgrend gjekk ut i 1916. Fyresdal Handelslag er gnr. 37/5/1.
17. februar 1872 heldt foreininga sitt fyrste årsmøte. 24. april peikar styret ut tomt til nytt hus - eit jordstykke på 1 ½ mål vert leigd i 1874 for årleg 1 ½ spd. Dette var eit stykke åker/eng på Århus grunn, Folkestad. Halvor Sitje og Daniel Svolestog fekk i oppdrag å flytte eit aktuelt hus til tomta. Huset kjøpte dei på Nordre Bondal (Fyresdal gnr. 64/2) i Kleivgrend, og bygningen kom opprinneleg frå Vodd. Dette var det fyrste huset i det som skulle bli "Byen" i Fyresdal. Dette var ei lita krambu. I 1886 bygsla Forbruksforeninga eit nytt stykke jord til 20 kroner årleg leige. Det var stadig ei utfordring med borgehandel også lokalt, men handelen gjekk godt.
Les mer …
Kviteseid historielag held til i Kviteseid kommune i Telemark. Det blei stifta ved eit konstituerande møte 10. oktober 1985 etter initiativ frå Arne Nordskog. Han og eit arbeidsutval gjorde det førebuande arbeidet, slik at det alt i dette møtet blei det vedteke lovar og arbeidsoppgåver for laget. Det blei óg valt styre der Olav Ibrekk blei den første leiaren. Han fekk med seg initiativtakaren, Arne Nordskog, Torleiv Lid, Anne Roholdt og Torvild Dalen. Les mer …
|