Kirkestallene ved Ås kirke.
Ås kirkestall er Vestre Toten kommunes tusenårssted. Den ligger ved Ås kirke på Bøverbru. Bygningen er fra 1849, og bygget etter vedtak i herredsstyret to år tidligere. I utgangspunktet var det tre kirkestaller. Den vestligste – kalt Einastallen fordi den særlig ble brukt av kirkefolk derfra – ble mindre brukt etter at Eina fikk egen kirke i 1890, og ble revet i 1910. Ut over 1900-tallet ble tilstanden til de øvrige kirkestallene så dårlig at Riksantikvaren i 1958 fant å kunne godta at den ene stallen ble revet mot at den andre ble satt i full stand. Etter dette har bevaringsarbeidet vært konsentrert om det som i utgangspunktet hadde vært den nordvestligste kirkestallen. Den bevarte stallbygningen ga opprinnelig plass til omkring 30 hester i fire rom. Den har vært gjennom en omfattende restaurering, og fremstår som en av landets best bevarte kirkestaller. Les mer …
Hanna Castberg von der Lippe ca. 1920. Foto: Ukjent/Digitalt museum Hanna Castberg von der Lippe (fødd i Skien 31. august 1872, død i Oslo 26. juni 1926) var lærar, forfattar, journalist og samfunnsdebattant. Ho var særleg engasjert i nasjonale og sosialpolitiske spørsmål, ut frå ein politisk radikal og kvinnefrigjerande ståstad. Ho stod norskdomssaka og den frilynte ungdomsrørsla nær, og gjekk inn for den radikale linja i unionsspørsmålet i 1905. Ho tilhøyrde ein sterkt samfunnsengasjert familie, og hadde ein far og ein bror som båe var framståande politikarar på den radikale fløya i Venstre. Sjølv vart ho etterkvart sosialist. Sonen Just Lippe vart ein framgrunnsfigur i Norges Kommunistiske Parti.
Etter avlagt examen artium fekk ho fyrst eit vikariat som styrar av ein privat mellomskule i Elverum. Frå 1892 til 1894 var ho guvernante hjå sokneprest Erichsen i Trysil. Sven Moren fortel i sine memoarar kor sterkt inntrykk denne «emansiperte» unge kvinna gjorde på han og bygdefolket elles der. Ho var aktiv i ungdomslaget og danna songkor som ho sjølv dirigerte. Ho gjekk fremst i 17. maitoget, og heldt sjølv tale for dagen. Med reaksjonar som spente frå sjokk til beundring kunne folk fortelje at ho både drakk øl og røykte sigar i selskap med berre karar.
Les mer …
Anders Hovden (1860-1943) var sokneprest på Østre Toten frå 1920 til 1931. Det var tradisjon i Hoffkjørkja at presten gav eit bilde av seg sjølv til kyrkja når han tok avskil, fortel Hovden i dagboka si. Dette måleriet, som heng i Hoffkjørkja, er måla av Frida Rusti. Anders Hovden betalde 300 kroner for det.
Anders Hovden og Toten er ein artikkel som handlar om diktarpresten Anders Hovden (1860-1943) og tida hans på Toten. Hovden var sokneprest i Østre Toten frå 1920 til 1930. Ein dag tidleg i mai 1920 kom eit flyttelass opp gutua til prestegarden på Hoff. Det var nypresten på Toten, diktarpresten Anders Hovden, som med kjerring og born inntok den store garden. Dei kom frå Melhus i Sør-Trøndelag. Der hadde Hovden vori prest i 10 år. Nå hadde han fått eit av dei største og rikaste prestegjelda i landet, Østre Toten, å bryne seg på. Den 9. mai 1920 vart nypresten innsett i kallet. Les mer …
Utsyn over ein del av Skjåk hovudsokn. Grendene Skjåkstronda (med Skjåk kyrkje) og Bersustronda på hitsida (sørsida) av Ottaelva, Aura (tverrelv frå Aursjoen) og grendene Reppen og Ramstadstronda på andre sida.
Geografien og ressursgrunnlaget i Skjåk har gjort at næringslivet heilt opp mot våre dagar i all hovudsak har vore jord- og skogbruksbasert. Dei store utmarksområda og høgfjellsstrekningane innan kommunen har vore utnytta som ein integrert del av gardsdrifta, og i nyare tid også til reiseliv, ferie- og fritidssyslar. Vassdraga har frå 1920-åra av vore utnytta til kraftproduksjon, seinast med utbygging av Øvre Otta på 2000-talet. Næringslivet er i dag etter måten differensiert, med eit ikkje ubetydeleg innslag av industri i bygdesenteret Bismo. Les mer …
Pollfoss hotell i september 2012. Fjelltoppen Framrusthovden i bakgrunnen. Foto: Kristian Hosar
Pollfoss hotell og gjestehus ligg i Skjåk kommune, i Billingsdalen ved riksveg 15. Hotellet vart bygt i 1897 rett ved den spektakulære Pollfossen i Ottaelva, i skogterreng ved starten av fjellovergangen til Stryn (Nordfjord) og Geiranger (Sunnmøre). Før hotellet kom, var det skysstasjon der i nokre år.
Marknadsgrunnlaget har gjennomgåande vore turisttrafikken. Behovet og moglegheitene for hotelldrift kom med køyrevegane over fjellet på slutten av 1800-talet, Grotli-Geiranger (opna 1889) og Grotli-Stryn (1894). Særleg i dei fyrste tiåra var hotellet også søkt av helserekonvalesentar. Det tørre klimaet i Skjåk er godt for folk med luftvegsplager, og dessutan meinte ein at det skulle vere helsebot i det høge ozoninnhaldet i lufta ved Pollfoss. Les mer …
Ivar Dahle. Foto: Ukjent.
Ivar Dahle (fødd 16. mai 1877 i Gulen, Sogn, død i Heidal i nåverande Sel kommune 26. august 1949) var folkeskulelærar og lokalpolitikar. Han var ordførar i Heidal i nær 25 år, fyrst som arbeidardemokrat, sidan som kommunist og arbeidarpartimann. Dahle var ein av dei fyrste av ganske mange sosialistiske vestlandslærarar som gjorde seg gjeldande i Norddals-bygdene i mellomkrigstida.
Han gjekk i bresjen for ei rekkje store tiltak i Heidal, som bureising, vegbygging, skuleutbygging og anna. På regional basis markerte han seg særleg i samferdselspolitikken, som talsmann for kommunal rutebildrift. Han var målmann og gjorde mykje for å få til språkskiftet til nynorsk i kommunen.
Han var ein særs omtykt og på same tid sterkt omstridd ordførar i ei vanskeleg tid for bygda. Dahle vart til slutt pressa ut av politikken som følgje av kvasse fraksjonsstridar i den lokale arbeidarrørsla rett før krigen. Under krigen vart han fråteken heim og arbeid, og han vart fengsla av Gestapo. Les mer …
|