Anne Jensdotter Sletto, 1901. Foto: Hol Bygdearkiv.
Anne Jensdotter Sletto (fødd 4. mars 1867 i Hol kommune, død juli 1946 same stad) var tenestejente, vaske- og strykekone. Det er sikkert at ho virka i heimbygda og i Vestfold og at ho budde i Akershus då dottera Jenny vart fødd.
Anne Jensdotter Sletto høyrde til dei småe i samfunnet. Ho var tenestjente i ei eller annan form all si tid. Ei blant mange. Av folketellingane mot slutten av 19. hundreåret er talet på gruppa som hadde personleg tenesteyting som leveveg 95 000 i 1890 og 112 000 i 1900. Med visse atterhald var kring 7-8% av innbyggjarane i Norge tenarar heilt fram til kring 1930. Les mer …
Biskopsvarden er en varde som står på høydedraget rett vest for Store Skiftessjøen i Eidfjord kommune. Varden har et kraftig, rektangulært fundament med delvis oppbygd varde, delvis omrotet og sammenrast. Bolter i et par av steinene etter sekundær bruk som mastefeste. Bilde fra 1985 viser en helt sammenrast varde. Steinene i fundamentet er sterkt overgrodd. Biskopsvarden er en av flere varder på den eldgamle ferdselsveien mellom Eidfjord og Hol. Alderen på vardene er uavklart, men trolig kan de være oppsatt på slutten av høymiddelalderen. Les mer …
Rosekyrkja i Stordal Foto: Kristian Almås/Fortidsminneforeningen Webjørn Maler, eller Webjørn Olsen Hamersbøen, var ein av dei markerte rosemalarane i Hallingdal i si tid. Webjørn var fødd i 1766 i Hol. Det var mange framståande rosemalarar i Hallingdal i hans samtid. Webjørn flytte derfor tidleg ut, til Vestlandet, der det var lettare å finne arbeid enn i heimetraktene. Her blei han etter kvart ein ettertrakta kyrkjemalar, kjend som Webjørn Malar eller Webjørn Halling. Etter ei tid slo han seg ned i Loen i Nordfjord, der han gifte seg og skaffa seg gard. Les mer …
Lars K. Ødegaard Foto: Nasjonalbiblioteket
Lars Kristianson Ødegaard (Øygarde) (fødd 17. november 1877, død 5. april 1933) var lærar og fotograf. Han vaks opp på nordre Øygarden i Lien, aust for Geilo, Hol, som femtemann i ein syskjenflokk på åtte. Foreldra, Kristian Tolleivson (1828-1912) frå nordre Sveinhaug og Barbro Eilivsdotter (1843-1919) frå Bryplassen (Dagali), var gardbrukarar.
Lærarutdanninga tok han ved Elverum friseminar, der han er oppført som elev i 1900. Før han var ferdigutdanna, virka Lars som lærar ved Skurdalen skule mellom 1897 og 1899. Etter lærarskulen flytta han i 1902 til Nes, der han fyrst arbeidde ved Dokken skule og seinare ved Skåterudmoen. Les mer …
Faksimile fra Arbeiderbladet 27. juli 1965; utsnitt av omtale av Hjalmar Andreas Mjelstad i anledning hans fratreden for aldergrensen.
Hjalmar Andreas Mjelstad (født 27. juli 1895 i Skånevik i Etne kommune, død 28. mai 1976) var sivilingeniør. Gjennom hele yrkeskarrieren arbeidet han med elektrisitetsforsyning og kraftutbygging, lengst var han ved Oslo Lysverker, der han blant annet var kraftutbyggingssjef. Hjalmar Mjelstad var sønn av brukseier Berge Mjelstad (f. 1860) og Martha f. Hillesdal (f. 1862), og ble gift i 1932 med Ingeborg Vinje Ludvigsen (1903-1993). Les mer …
Attgrodde ruinar etter noko som antakelig har vore ei steinbu til stølen Mjølhaugen, Ustaoset. Foto: Marianne Wiig (2012). Stølen Mjølhaugane låg på Ustaoset i Hol kommune. Stølen høyrde opphavleg til garden Geilo i Ustedalen. Ved delinga av garden i 1772 følgde han nedre nordre Geilo. I 1808 selde Ola Knutson Geilo garden med stølar til verbroren Lars Olson nedre Geilo. Åtte år seinare kjøpte Svein Olson Rudningen (1769-1861), Holet, stølen med bu, hamn og ved. Han kjøpte på denne tida fleire stølar i området kring Ustaoset, mellom anna i Prestholt. Restar etter ei eller fleire steinbuer og steingjerder ligg i dag (2012) på ein skrå voll nedanfor Mjølhaugane. Les mer …
|