Forside:Nordhordland

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: Hordaland (Distrikt: Sunnhordland • Midthordland • Nordhordland • Hardanger) • Sogn og Fjordane
KOMMUNE: Alver • Austrheim • Fedje • Masfjorden • Modalen • Osterøy • Vaksdal

Om Nordhordland
Nordhordland er eit distrikt i den nordlege delen av det tidlegare fylket Hordaland. Det omfattar sju kommunar: Alver, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Vaksdal. Desse hadde til saman 45 838 innbyggjarar pr. 1. juli 2008, og eit areal på 2753 km². Tidlegare vart òg delar av Gulen kommune og bydelane Arna og Åsane medrekna til Nordhordland. Øygarden vart òg rekna med, men etter at den slo seg saman med Fjell og Sund til nye Øygarden kommune, reknast den gjerne ikkje med lenger. Den største tettstaden i distriktet er Knarvik, som er kommunesenter i Alver.

Saman med Midthordland inngår Nordhordland i regionen Bergen og omland.

  Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Flyfoto Moldøyna 1963. Våningshusa frå venstre: bnr 12, bnr 2, bnr 20 og bnr 3.
Foto: Widerøes Flyveselskap

Moldøyna er ei øy som ligg nord for hovudøya Fedje. Den vart knytt til Fedje ved ei vegfylling i 1960/1961. Namnet kjem av mold, jord (O. Rygh). Uttalen er «målløynæ» eller «mådløynæ». Første gongen me finn namnet i dei skriftlege kjeldene i 1603, vart det skrive Moldøen. Dette var lenge den vanlege skrivemåten, og vert framleis nytta som slektsnamn av mange.

Den gamle landskylda til Moldøyna var 1 våg 18 merker fisk, eller i smørskyld 1 pund 21 merker. Matrikkelen 1665 syner at ein på heile Moldøyna kunne fø sju naut, utsåd er ikkje nemnt.   Les mer …

Austrheim kyst- og sogelag i Austrheim kommune vart stifta 11. mars 1986. I starten var namnet Austrheim sogelag, men i 1994 bytte laget til det noverande namnet. I føremålsparagrafen står det at «Austrheim kyst- og sogelag arbeider for å samla og gjera tilgjengelig alt tilfang som har å gjera med ålmenn soge, gards- og ættesoge, kystkultur, levevis, folkeminne, stadsnamn og mål i Austrheim kommune. Laget skal vera innmeldt i Landslaget for lokalhistorie». I 2019 hadde laget 70 medlemmer.   Les mer …

Selstøbuane var dei enaste bygningane som stod att etter nedbrenninga av bygda i 1942.
Foto: Commons-brukaren Cavernia

Telavåg er ei bygd på Sotra i Øygarden kommune. Staden hadde i 2022 rett i overkant av 600 innbyggjarar.

Telavåg er særleg kjend for represaliane etter ei trefning i 1942. Alle hus vart sprengt og brent, alle dyr ført bort og alle båtar senka. Av innbyggjarane vart alle menn mellom 17 og 60 sende til Sachsenhausen, der 31 av 72 døydde. Dei andre vart internert i Noreg inntil mai 1944. Telavåg er den einaste staden i Noreg som vart utsatt for så harde represaliar, og hendingane vart teke med som eitt av tiltalepunkta i Nürnbergprosessane. Hendingane i 1942 vert minna på Nordsjøfartmuseet, som óg fortel historia om Englandsfarten og Shetlands-Larsen.   Les mer …

Fjell kystlags logo
Fjell kystlag er lokallag av Forbundet KYSTEN og held til i tidlegare Fjell kommune ved Bergen. Kystlaget har teke vare på og restaurert tradisjonsrike bruksbåtar og naustmiljø. Laget vart starta 23. mars 1983 av ein flokk idealistar som såg verdien av den gamle kystkulturen, som den gongen var i raskt forfall. I dag disponerar dei om lag 110 medlemene eit representativt utval av gamle båtar og tre bygningar med lokalhistorisk sus.   Les mer …

Herdlevær mot nordvest.
Foto: Vigleik Mathisen

Herdleværet er ei øy og bygd i Øygarden kommune i Hordaland. Bygda ligg ut mot havet, men ein skjerm av øyar og holmar verner mot storhavet, og Herdleværet er ei god hamn. Namnet kjem frå garden Herdlevær, gnr. 46.

Øya har ei lang busettingshistorie, noko ei grønnsteinsøks frå steinalderen vitner om. Frå historisk tid finnes det fleire skriftfestingar av øya. I soga om Egil Skallagrimsson, er Herdlevær staden Egil tek landkjenning og nyttar som base for ferda over fjorden til Askøy. I soga om Håkon Håkonsson, får vi vite at sommaren 1263 låg leidangsflåten ved øya før den stemna på krigstokt vestover mot Skottland. I same soga kjem det og fram at ferder vestover mot Orknøyane tok utgangspunkt i Herdleværet. Øya låg med andre ord sentralt til for ferder mot Island, Vesterhavsøyane og Dei britiske øyane.   Les mer …

Avishode frå 1893.

Hordaland er ei lokalavis som vert utgjeven på Voss i Hordaland. Ho vart skipa i 1883, og var fram til 1972 ei Venstre-avis. Sidan har ho vore partipolitisk ubunden. Området avisa dekkjer, er kommunane Voss, Ulvik, Granvin, Vaksdal og Modalen. I Voss kommune har avisa ei dekning på meir enn 93 % av husstandane (2008).

Avisa vart omlagt frå fullformat til tabloid i oktober 2003. Ho kjem ut tysdag, torsdag og laurdag, med eit gjennomsnittleg sidetal på kring 28. Avisa er eigd av eit familieaksjeselskap, med disponent Astrid Kløve-Graue som største aksjonær. Redaktør sidan hausten 2013 er Elin Madsen.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Nordhordland
 
Andre artiklar