Forside:Volda kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Rogaland • Vestland • Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre
KOMMUNE: VanylvenSandeHerøyUlsteinHareidVoldaØrstaStrandaFjordSykkylvenSulaGiskeHaramÅlesund
TIDLIGERE KOMMUNE: Norddal • Skodje • Sandøy • Stordal • Ørskog • (Hornindal)

Om Volda kommune
1519 Volda komm.png
Volda kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen grensar i nord til Ørsta og Ulstein, i sør til Stad og Stryn, i øst til Stranda og i vest til Vanylven. I sjøen er det grense til Herøy. Volda kommune omkransar, eller er delt av Voldsfjorden, med fjordgreinane Dalsfjorden og Austefjorden. Kommunen fekk sin noverande form i 2020, då tidlegare Hornindal kommune og to kretser frå Ørsta kommune vart innlemma. Administrasjonssenteret er tettstaden Volda med blant anna sjukehus og Høgskulen i Volda. Kommunen har fire kyrkjer, Volda kyrkje, Dalsfjord kyrkje, Austefjord kyrkje og Kilsfjord kyrkje.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Nora Kiperberg fotografert på Fjordsyn i Volda i april 2015.
Foto: Svein Aam
Nora Olivia Kiperberg (født 11. februar 1912 på Fremmerlid i Skodje, død 15. desember 2015 i Volda) var friviljug sjukepleiar under felttoget i Romsdalen i 1940 og seinare sjukepleiar ved Volda sjukehus. Foreldra hennar var Hilda og Aret Tomren, og dei flytte etter kvart til Sjøholt i Ørskog kommune der Nora voks opp.   Les mer …

MB «Safir» her på veg inn på Ålesund hamn.

MB «Safir» M-44-B bygd ved Vik Båtbyggeri i 1947 for Peter J. Hessen m.fl. Heissa pr. Ålesund. Frå 1968 vart Borgund kommune innlemma i Ålesund kommune og båten vart registrert M-44-A. Dette er ein av fleire båtar i denne størrelsen som var bygde rundt midt på 1940 talet. Denne har vore registrert i fleire kommuner og fylker, sjå avsnitt om andre eigarar. Hausten 2011 kom den attende til Sunnmør, den er no ute av Fortegnelse over Merkepliktige Norske Fiskefarkoster

I fiskeriregisteret 1950 står desse spesifikasjonane. Mkr. Safir, Mkr står for motorkryssar. Brukast til, fk som står for kystfiske. Lengde er 34,3 fot, breidde 11,3 fot, djupte 5,1 fot. Motor Volda 22 hk. Den er bygd på doblingspant slik den vanlege byggemåten på Vik var.   Les mer …

MB «Nybør», går ei runde utfor slippen på Vik

MB «Nybør» M-24-S, levert desember 1954, eigarar var Hjalmar, Kjartan og Oddvar Longva. Alle frå Haugsbygda i Sande kommune, Møre og Romsdal.

Båten var bygd etter verkstaden, Vik Båtbyggeri, sin vanlege modell. Kravellt kryssar med rana stamn, og lyft på understemne. Doblingspanta var av 6 toms fure. Berekna lengde på båten var 60 fot. Lugarkappe, lukekarm og kjeising i stål, overbygg elles i tre. Bak i kjeisinga var bysse. Der var dorken heva, for å gi høgde i kahytta, som hadde fire køyer. Gang midt i kjeising med dør til begge sider, nedgang til kahytt, og leider opp til bestikklugar. Nedgang til maskinrom også frå gangen. På babord side var galgedekk med davitar for livbåt, og egnarhus. Mastrer, bommar og alle beslag, tankar og liknande vart laga på verkstaden. Forut var lugar med 6 køyer. Båten hadde to ankerklyss. Styremaskina var av merke «Tennfjord». Elles var det montert radar, Simrad sendar, ekkolodd. Kjenningssignal: LJQJ.   Les mer …

Her er hudinga på «Mot» godt i gang.Det er Håkon Høydalsvik og Håkon Berg som er i gang med fjerde planken på babord side
(1972)
MB «Mot», M-38-A, Kjennesignal: LM 4458. L/L Vik Båtbyggeri bygde denne båten i 1972 for Osvald Karlsen, Langevåg. Dette var første båten bygd på laminerte spant ved båtbyggeriet. Kantraspanta framme og bak var i heil ved og utan skøyt. Båten er i Fiskeriregisteret oppgitt til 13,5 m lang, 4,1 m breidde og 1,7 m djup. Det gir lengde 43’.   Les mer …

Røde Kors-huset i Volda
Foto: Arnfinn Kjelland

Volda Røde Kors Hjelpekorps vart stifta i desember 1944 under namnet Volda Raude Kors Hjelpekorps. Stiftingsmøtet skulle vore 5. desember, men vart utsett på grunn av bombeangrepet i Ørstafjorden der reisesekretæren frå Norges Røde Kors, Kåre Bertelsen, deltok i hjelpearbeidet. Hendinga var nok medverkande til at 55 personar teikna livvarig medlemskap og om lag like mange meldte seg til teneste i hjelpekorpset.

Alt 23. mars 1945 fekk korpset bokstaveleg talt sin «elddåp», i samband med flyangrepet i Dalsfjorden. Da vart mange såra tyskarar frakta til Volda, der hjelpekorpsfolk hjelpte til.

Etter fredsslutninga kom det evakuerte frå Finnmark til Volda. Hjelpekorpset samla inn pengar og deltok i mottaksarbeidet elles.   Les mer …

Jostein Nerbøvik 2001
Foto: Ragnar H. Albertsen
Jostein Nerbøvik (fødd 10. juli 1938 i Volda, død 18. mars 2004 i Oslo) var ein framståande historikar med omfattande lokal- og annan faghistorisk produksjon. Etter oppveksten i Volda studerte han historie hovudfag i Oslo og avla eksamen i 1967 med oppgåva Antiparlamentariske straumdrag i Noreg 1905-1914. Oppgåva kom ut i bokform kort tid etter. Nerbøvik var ein av pionerane i oppbygginga av distriktshøgskulesystemet i Noreg, med tilsetting ved Telemark distriktshøgskule i Bø i Telemark i 1971. Der skreiv han òg første versjon av den læreboka som fram til 2012 var i bruk på dei fleste årsstudium (grunnfag) i historie ved norske høgskular og universitet: Norsk historie 1870-1905 (1973). Siste utgåva av denne boka kom i 1999. Medan han var i Bø engasjerte han seg i forsking og formidling av lokal- og regional historie for Telemark, m.a. gjennom boka Bønder i kamp. Bygdefolkets krisehjelp 1925-1935 (1991), som han i 1993 disputerte for graden dr.philos. med ved Universitetet i Trondheim.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Volda kommune
 
Andre artiklar