Forside:Nordhordland

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: Hordaland (Distrikt: Sunnhordland • Midthordland • Nordhordland • Hardanger) • Sogn og Fjordane
KOMMUNE: Alver • Austrheim • Fedje • Masfjorden • Modalen • Osterøy • Vaksdal

Om Nordhordland
Nordhordland er eit distrikt i den nordlege delen av det tidlegare fylket Hordaland. Det omfattar sju kommunar: Alver, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Vaksdal. Desse hadde til saman 45 838 innbyggjarar pr. 1. juli 2008, og eit areal på 2753 km². Tidlegare vart òg delar av Gulen kommune og bydelane Arna og Åsane medrekna til Nordhordland. Øygarden vart òg rekna med, men etter at den slo seg saman med Fjell og Sund til nye Øygarden kommune, reknast den gjerne ikkje med lenger. Den største tettstaden i distriktet er Knarvik, som er kommunesenter i Alver.

Saman med Midthordland inngår Nordhordland i regionen Bergen og omland.

  Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Bernhard Aadnekvam, bak til høgre, saman med elevar ved Sunde skole.
Foto: Ukjent (utlånt av Sigmund Larsen)

Bernhard Aadnekvam (fødd 17. april 1898 i Masfjorden, død 20. september 1986) var lærar og kyrkjesongar i Rissa. I 1964 fekk han Kongens fortenestmedalje.

Han var son av bonde Ola J. Aadnekvam og Kari f. Duesund. Bernhard Aadnekvam tok eksamen ved Volda lærarskule i 1923.

Som nyutdanna arbeidde han i åra 1923-27 som lærar ved framhaldsskulen i Rissa. I 1927 vart han konstituert i lærarstilling ved Sunde skole, Sonniskolen, og fekk fast tilsetting i 1928.   Les mer …

Austrheim kyst- og sogelag i Austrheim kommune vart stifta 11. mars 1986. I starten var namnet Austrheim sogelag, men i 1994 bytte laget til det noverande namnet. I føremålsparagrafen står det at «Austrheim kyst- og sogelag arbeider for å samla og gjera tilgjengelig alt tilfang som har å gjera med ålmenn soge, gards- og ættesoge, kystkultur, levevis, folkeminne, stadsnamn og mål i Austrheim kommune. Laget skal vera innmeldt i Landslaget for lokalhistorie». I 2019 hadde laget 70 medlemmer.   Les mer …

Ole Strømme var lærar og kyrkjesongar. Han var den første ordføraren i Austevoll, og hadde dette vervet i 15 år. For dette og anna arbeid vart han tildelt Kongens fortenestmedalje
Foto: Austevoll Menighetsblad 1940.

Ole Strømme (fødd i Fjell 12. juni 1856, død i Austevoll 14. april 1940) var lærar og klokkar i Møkster soknekommune og ordførar i Austevoll kommune.

Strømme voks opp på bruket Nordre Straume (gnr. 35/6) på garden Straume i dåverande Fjell kommune i Hordaland. Før han vinteren 1875 las privat med soknepresten i kommunen, Jacob von der Lippe (1797–1878), var han fiskar og gardsarbeidar. Same året vart han teken opp på Stord Seminarium der han tok lærarprøva i 1877. Han var i kort tid huslærar hos ein mølleeigar i Fjell før han i 1878 vart tilsett i to skulekrinsar i Austevoll der han vekselvis underviste to veker ved to skular. Han var lærar i 45 år.   Les mer …

Første årgang av Havstrilen, utgjeven 2001
Foto: Norsk lokalhistorisk institutts bibliotek
Havstrilen (Kulturhistorisk årbok for Sund, Fjell og Øygarden) vert utgjeven av Nordsjøfartmuseet (i tidlegare Sund kommune), Kystmuseet i Øygarden, Fjell kulturminnelag, Sund sogelag og Øygarden sogelag. Havstrilen kom første gongen ut i 2001.   Les mer …

Johan Christian Walhammer Juuhl (født på Brattholmen i Fjell kommune 27. mai 1866, død i Bergen 15. juli 1947) budde som vaksen i Bergen, og arbeidde som journalist og forfattar. I dag er han i stor grad gløymt, men for dei som er interesserte i historia til den ytste delen av strilelandet og folket der, er bøkene hans vel verdt å henta fram att. Slekta til Johan C. W. Juuhl var knytt til Knarrvika og Brattholmen på austsida av Litlesotra i Fjell kommune. Oldefaren Anders Magnussen (1775-1846) kjøpte Knarrvika i 1838 og starta opp kornmølla der. Tre generasjonar av familien Magnussen dreiv denne industriverksemda fram til tidleg på 1900-talet.   Les mer …

John Rongved

John Rongved (fødd 26. november 1885 i Haus, død 26. november 1950 i Eidskog) var son av lensmann Magne Johnsen Rongved og Brita Johnsdotter. Han gifte seg 2. mai 1916 i Rauland, der kona Aasne f. Kostveit (1895-1992) kom frå. Rongved vart student i 1909 og cand.theol. ved Menighetsfakultetet i 1914, og i juni 1915 vart han utnemnd til stiftskapellan i Agder bispedøme.

Den 5. mai 1916 vart han utnemnd til sokneprest i Jostedalen, og han vart innsett i embetet 30. juli. Då han tok over som skulestyreformann i Jostedalen, vart han den fyrste presten som førte møteboka på nynorsk (sjå Språkskiftet til nynorsk i Jostedalen).

Han forlet Jostedalen 30. juni 1920 etter å ha vorte utnemnd til sokneprest i Vossestrand 16. april. I 1925 vart han sokneprest i Vinje i Telemark og i 1931 prost i Vest-Telemark. I 1934 vart han så prost i Eidskog og i 1938 prost i Vinger og Odal, og i 1945 fekk han avskil.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Nordhordland
 
Andre artiklar