Forside:Nordmøre

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
KOMMUNE: HustadvikaSunndalTingvollGjemnesAverøyKristiansundSurnadalSmølaAureHeimRindal

Om Nordmøre
Kart over Midt-Noreg med det noverande Nordmøre markert i grønt.

Nordmør (eldre namneform) eller Nordmøre (den vanlegaste namneforma i dag) er eit historisk landskap og ein region i Midt-Noreg. I nyare tid blir Nordmøre vanlegvis definert som dei noverande kommunane Aure, Averøy, Eide, Gjemnes, Kristiansund, Smøla, Sunndal, Surnadal og Tingvoll i Møre og Romsdal samt Rindal og delar av Heim i Trøndelag.

Historisk sett har Nordmøre lege under Frostating lagdømme (til dags dato) og Nidaros bispedømme (til Møre bispedømme vart oppretta i 1982). Frå 1500-talet til i dag har Nordmøre sortert under Trondheims len (til 1662), Trondhjems stiftsamt (til amtssystemet vart avvikla først på 1900-talet. Lokalt har Nordmøre vore eige futedømme (fogderi), og frå 1662 av har landskapet sortert under Romsdals amt, som frå 1689 av har inkludert Sunnmøre òg. Frå 1919 av har nordmørskommunane utgjort dei nordaustlegaste 40 % av Møre fylke, no Møre og Romsdal fylke. Av desse gikk Rindal kommune over til Trøndelag den 1. januar 2019.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Georg Ulrich Wasmuth med Dannebrogordenen.
Foto: Ukjent kunstnar
Georg Ulrich Wasmuth (fødd i Kristiansund 19. mars 1788, død på Ytterøya 16. oktober 1814) var offiser og eidsvollsmann. Foreldra var kjøpmann Christian Fredrik Wasmuth (1753–1805) og Johanne Susanne Holck (1749–1822). Hans farfar, legen Georg Heinrich Ulrich Wedich Wasmuth (1724–1800) hadde innvandret fra Mecklenburg. Familien tilhøyrde eliten av borgarskapet i Kristiansund. Dei hadde i ein herskapeleg bustad på Innlandet, som kjøpmann Wasmuth hadde bygd kring år 1800. Vi finn dei der i folketeljinga 1801, foreldre med to søner og tre døtrer. Men firmaet gjekk konkurs i 1804. Den unge Georg Ulrich var da under utdanning ved Krigsskolen. Han byrja i teneste som korporal ved Nordafjelske skiløperbataljon underlagt 1. Trondhjemske infanteriregiment, truleg i 1804, medan han framleis var kadett. Frå 1805 var han offiser og tilsett som fenrik ved 1. Trondhjemske infanteriregiment, 1. gevorbne grernaderkompani.   Les mer …

Anders Andersson Todal (fødd 12. november 1884 i Aure, død 5. mars 1963 i Trondheim) var skolemann, underoffiser, arkivmann og lokalhistorikar, statsarkivar i Trondheim 1934-1954. Han var ein markant representant for den sterke Venstre-tradisjonen innan norsk lokalhistorie og kulturarbeid generelt.
Frå Todalen, grenda der Anders Todal hadde oppveksten sin.
Foto: Olve Utne (2010)
Han var fødd og oppvaksen i Todalen i Aure kommuneNordmøre. Foreldra var gardbrukarparet Anders Jakobsson og Karen Andersdotter Todal. Anders Andersson var den yngste av fire sysken. Han gifta seg i 1915 med Anna Sofie Hove (1886–1970) frå Åsen. Dei fekk to døtrer, Karen og Ingebjørg. Barndomsheimen til Anders var bruket Kjerra av den mangbølte garden Todal i Indre Aure. Garden med sine mange heimar var nærmast å rekne som ein tettstad i bygda. Det budde over 120 menneske der i 1900. På heimstaden var Anders Todal omgjeven av eit miljø sterkt prega av norskdomsidealisme, fråhaldssak, skyttarvesen og Venstre-politikk generelt, og han slutta sjølv til fulle opp om denne rørsla alt frå ungdommen av og livet ut.   Les mer …

Susanne Pedersdotter Krabbe (f. 1627) var dotter av Aure-presten Peder Lauritsen Krabbe (f. 1596). Ho vart gift med borgarmeistaren i Trondheim, Lars Bastiansen Stabell (ca. 1604-1669). Etter ei tid tok dette ekteskapet slutt (av uviss årsak), og Susanne kom fattig attende til Aure. Ho enda sine dagar på husmannsplassen Skiphamna. Folketradisjonen frå Aure framstiller Susanne som overlegen og fæl til å skryta, etter som ho var dotter til den rikaste mannen på Nordmøre. Etter kvar har det utvikla seg ei segn omkring dette, der det finst visse historiske drag.   Les mer …

Henrik Sødal.
Foto: Hentet fra Studentene fra 1918 (1950)

Henrik Sødal (født 10. mai 1897 i Hemne, død 14. januar 1982) var skoleinspektør og venstrepolitiker.

Han var sønn av lærer og bonde Lars Sødahl (1844–1934) og Ingeborg f. Holden (1853–1926). Han endra etternavnet til Sødal i 1919, muligens for å avdanske stavemåten. Etter eksamen artium på latinlinja ved Volda gymnas i 1918 tok han lærereksamen ved Notodden lærarskule i 1920. Etter vikariater under studiene jobba han som overlærer ved Nesna lærerskole fra 1920 til 1926, så som lærer ved Follo fylkesskole fra 1926 og folkeskolen i Bærum fra 1929.   Les mer …

Gressetgeita er ein fyring av aurgjeldstypen.
Foto: Olve Utne
Ein fyring (med kort y), òg kalla firing, er ein båt med fire par årar. Namnet blir særlig bruka om geitbåtar og åfjordsbåtar. I samband med årfjordsbåter blir namnet (stor)fyreng òg bruka om båter med fem par årar i nyare tid. Fyringen var den minste havbåten og i likheit med femringen vart han tradisjonelt gjerne bruka som linebåt. Han kunne òg fungere som føringsbåt ved behov. Innover på 1900-talet vart åfjordsfyringane ofte bruka til fiskeoppkjøp og salting på Hitra og Frøya. Åfjordsfyringar kunne òg ha løfting, eller avtakbar «hytte». Dei mindre fyringane hadde løftingen midtskips, og så var det rom til sjøbørnar frammi og atti. Storfyringane hadde gjerne løftingen atti.   Les mer …

Kåre Olav Solhjell (født 1942 i Vistdal, død 11. desember 2016) var lærer, bonde og bygdebokforfatter. Kåre Olav Solhjell hadde verv som folkevalgt i KrF i Gol kommunestyre og Buskerud fylkesting. Fra 2007 til 2011 var han varaordfører i Gol kommune. Kåre Olav Solhjell var bosatt på Øygardane i Gol i Buskerud, men var født i Vistdal i Nesset kommune i Møre og Romsdal. Han vokste opp på en gård i Vistdalen. I 1953, da Solhjell var elleve år gammel, flyttet foreldrene til Hansgarden på Osmarka. I 1961 gikk han ett-årig realskole på Syvdsbotn på søre Sunnmøre. Senere to-årig gymnas på Nordfjordeid. Han tok brevkurs i latin i militæret. Etter eksamen artium begynte han studier ved universitetet i Bergen, og avla eksamen i engelsk mellomfag til jul i 1966.   Les mer …
 
 
Kategoriar for Nordmøre
 
Andre artiklar