Synnøve Riste i 1880. Foto: Ukjend
Synnøve Riste, f. Synnøve Oline Rasmusdotter Aarflot (fødd 19. august 1858 i Volda, død 22. oktober 1889 same staden) var målforkjempar og kvinnesaksforkjempar. Mellom anna er ho kjend for pionerverksemd innan den nynorske pressa. Ho var oldebarn av opplysningsmannen Sivert Aarflot (1759–1817), og livet hennar vart prega av slekta Aarflot sitt engasjement for folkeopplysning og politikk – sjølv om ho òg vart ståande i opposisjon til onkelen Maurits Aarflot. Ho var ein av dei første kvinnene som skreiv offentleg på landsmål, og vert kalla «Fjøyra som dreiv» for si rolle som drivkrafta bak det radikale folkehøgskulemiljøet i Volda. Les mer …
Karstein Oddmund Vik med studentlue. Foto: Ukjent Karstein Oddmund Vik (fødd 24. oktober 1919, død 26. desember 2003) var ein arkitekt og oppdrettspioner frå Sykkylven. Etter framhaldsskule og middelskule på Sjøholt og i Volda byrja han på toårig gymnas på Nordfjordeid. Han bestemte seg tidleg for at han ville bli arkitekt, sjølv om det var få som den gongen visste kva ein arkitekt var. Det var smått med midlar i heimen, men foreldra, Klaus og Anna Vik, hjelpte til som best dei kunne. Med lån og eige inntektsbringande arbeid gjennomførte han arkitektstudiet ved Norges Tekniske Høgskole i Trondheim. I 1942 tok han eit opphald i studiet og reiste tilbake til Sykkylven. Her kom han i gang med ein armaturfabrikk, INO, saman med slektningen Haldor Vik. I 1943 vart han gift med Borgny Liv Digernes frå Ørsta. Med dottera Anita, som vart fødd i 1945, reiste dei til Trondheim i 1947 så han kunne fullføre arkitektutdanninga. Møbelprodusenten Jens E. Ekornes i Sykkylven gav han i oppdrag å teikne fabrikk på Ikornnes, og med dette arbeidet og nokre andre mindre jobbar finansierte han siste del av studiet. Les mer …
Stefan Frich med ei av skuleklassene sine. Tidspunkt og fotograf ukjent. Stefan Frich (fødd 17. desember 1844 i Hjørundfjord, død 14. mars 1927 i Fåberg) var skulemann, redaktør, forfattar og nynorskforkjempar. Han dreiv i 30 år friskule i Fåberg (nå Lillehammer kommune). Både religiøst, pedagogisk og politisk sett var Frich sterkt påverka av grundtvigianismen og Christopher Bruun. Språkpolitisk var han ein forkjempar for større innverknad frå austlandsmåla i landsmålet/nynorsken. Foreldra var Gjert Jansen Frich (1803-1863) og Ambrosia von Krogh (1807-1865). Stefan var den nest yngste i ein syskenflokk på sju. Oppveksten hadde han i Hjørundfjord (nå Ørsta kommune) og i Hegra (nå Stjørdal kommune), der faren var sokneprest. Stefan Frich levde ugift heile livet. Som 13-åring tok han til ved Katedralskulen i Trondheim. Her vart han introdusert for grundtvigianismen i kyrkjelyden til Fredrik Nannestad Wexelsen i Bakklandet sokn. Frich tok examen artium i 1862, og byrja rett etter på filologistudiar i Christiania. Han fekk vanskar med studiefinansieringa da faren døydde året etter, og var huslærar hjå Hornemann på Reins kloster i eit par år. I 1865 var han attende i Christiania og heldt fram med studiane. Samstundes arbeidde han som lærar ved Balchens Døveinstitut, og dreiv privatundervisning for artianarar. Les mer …
Ein snidbetning er ein sunnmørsbåt som (i motsetnad til beingangarar) har mange innskøytte renningar i fremre del av botnen og halsane. Ved at bordgangane blir skjerva til to framom mastra blir det mogleg å ha ein brei, berande framende samtidig som atterenden er smal og slepper sjøen lett når ein seglar unna vêret — og alt dette med bord av moderate dimensjonar. Største svakheita ved denne konstruksjonen er at dei mange skjervingane nær same punktet gjev større risiko for lekkasje eller til og med at båten brotnar. Årsaka til at ein begynte å byggje sunnmørsbåtane som snidbetningar er ikkje heilt sikker. Ein hypotese er at det er ei tilpassing til dårlegare emnetilfang etter at mykje av sunnmørsskogen vart uthogd under hollendartida, som for Sunnmøre sin del varte frå 1500-talet og litt innpå 1600-talet. Ein annan hypotese, som ikkje nødvendigvis står i motsetnad til den første, er at snidbetningane kom til med overgangen frå eldre daudhoggingsteknikk til nyare vekt på sagde bord og meir bøyging heller enn tilhogging å gjere. Les mer …
|