Bedehuset «Louises Minde» er eit kristeleg forsamlingshus som vart bygd på Leira på Tustna i 1923. Thore P. Leren ( 1855- 1947) var pådrivar for å få huset reist. Huset vert bruka til kristeleg møteverksemd, basarar med meir. Det var til å byrja med strid om kva dette huset skulle brukast til. I 1922 vart det halde eit møte der det vart ordskifte ang. byggjinga av huset. Mange ungdomar ynskte at huset skulle vera eit ungdomshus, med eit breiare bruksområde enn det reint kristelege. Det vart ei splitting i bygda, noko som førde til at det etter kvart vart reist eit eige frilynt ungdomshus. Les mer …
Nordheim (utt. ["nɷ:ɾˌhɛ.m] el. ["nɷ:ˌɾɛ.m]), eldre namn Nautan (utt. ["nʌ:taɲ.] ( nominativ/akkusativ) / ["nʌ:tɔ.] ( dativ)), er ein matrikkelgard og tidlegare butikk, post- og skulestad på nordaustsida av Stabblandet i Tustna sokn av Aure kommune på Nordmøre. Det nylaga namnet Nordheim dukkar opp første gongen i tinglyste erklæringar frå 1879– 1880 om at eigarane vil ta i bruk dette namnet. Topografisk er den sørlege enden av garden avgrensa av Sagvikvatnet i aust og ein lang og bratt men relativt låg åsrygg i vest. Nordenden av garden er avgrensa mot matrikkelgarden Haltvika rett nordom Haltvikåsen og vidare av Imarsundet i aust og av sundet som no blir kalla Nordheimsundet (før: Nautsundet i nord. I nordvest går matrikkelgardsgrensa i retning nordvest frå knausen Nauthatten til neset i austkanten av Haltvika rett sørom Stormolta. Hovudbusettinga har vore nærme Nordheimsundet i nyare tid, og inntil seint på 1900-talet var det både butikk og postkontor der. Les mer …
|