Lars Kinsarvik: Armstol med treskurd og rosemaling. (2018)
Lars Kinsarvik (1846–1925) vaks opp på garden Hus i Kinsarvik i Hardanger, i eit miljø som ga impulsar til rosemaling og treskurd. Han blei fengsla av dette og utvikla seg til kanskje si tids fremste treskjerar. Først med sete i Hardanger, seinare på Sunnmøre. I 1905 flytte Kinsarvik med familien til Ørsta. Grunnane til dette var nok fleire. Ein var at han ei tid hadde ikkje hadde så store innkomer, og hadde ansvar for ein stor familie: kone og fem barn.
Det var Andreas Austlid som overtalte Kinsarvik til å velje Ørsta. Austlid var skulestyrar på den nyss oppretta folkehøgskulen i bygda. Han hadde tidlegare vore lærar ved folkehøgskulen i Ullensvang. Der hadde Austlid og Kinsarvik blitt godt kjende, fordi Kinsarvik var sterkt medverkande til både oppretting og drift av skulen. I Ørsta fekk Kinsarvik arbeid som lærar ved Møre folkehøgskule. Samtidig hadde han inntekter av å vere ein mykje brukt foredragshaldar i ungdomslag og andre organisasjonar. Les mer …
Her på veg til hamn i svert fint veir. Hadde vore ca 37 mil av Runde med seigarna, og hadde ein god fangst om bord.
MB «Hai», M-94-HØ, var bygd i Romsdalen i 1916. Lengde var 40 fot, og motor Rekord 26 hk. Ombygd i 1928 til 51 fot. I 1937 fekk den ny motor « Wichmann» 40hk, og forlengd til 53,8 fot. Lengste lengde oppgitt til 60 engelske fot. Ein «Kromhout»motor på 150 hk. vart innsett i 1965. Båten vart kondemnert i 1985, og enda sine dagar på botnen av Voldsfjorden. Hans Goksøyr selde båten i 1920 til Matias Sævik, og Anton og Paul Flusund. Sønene deira Petter Sævik, Harald A. Flusund og Ragnvald P. Flusund overtok båten i 1937. I 1952 vart det endring i eigarskapet. Rangvald vart åleine då dei andre ville selja sine partar, Peder og Olav Leine kom då inn som medeigarar. I 1978 overtok partreiarlaget Ragnvald Flusund båten, og selde den vidare til Inge Remøy og sonen Oddmar Remøy i 1981. Dei brukte båten til garn og linefiskje. Siste to tre åra vart båten rigga til brugdefangst. Oddmar hadde då samarbeid med ein kar frå Trøndelag, han hadde utstyr til brugdefangst. Les mer …
Lovise Heggen Foto: Johan J. Nerbøvik
Lovise Heggen (fødd 17. mars 1893 på Heggen i Valldalen av foreldra Gurine Ingebriktsdtr. og Mons Ellingss. Heggen, som nr fem av fjorten sysken. Ho vart konfirmert i Norddal i 1908 med karakteren «Næsten udmerket godt».
Lovise Heggen tok eksamen ved Volda lærarskule i 1914 og hadde deretter stillingar ved Arendal, i heimbygda Valldalen og tre år i Narvik. I 1930 tok ho embetseksamen ved Universitetet i Oslo med hovudfag i norsk og sidefaga historie og engelsk. Deretter vart ho lektor ved Volda lærarskule fram til 1957. Ho bygde seg hus i Kårstavegen nr. 12 i 1937 og bude der til ho døydde.[1].
Lovise Heggen var sosialist og var med på etableringa av Volda Arbeidarlags kvinnegruppe i 1937, same året som ho vart vald inn i heradsstyret. Ho var sterkt religiøs, og vart medlem av Oxfordrørsla. Lærarskulen vart eit sentrum for denne rørsla. Ho var òg pasifist, og markerte seg ved å gå i mot hjelpa til Finland i februar 1940. Det fekk ho «skarpe hogg» for. Les mer …
|