Dette er MB «Speser» slik ho var før ombygging på Vik Båtbyggeri.
MB «Speser» var eit fraktefartøy frå Melbu i Vesterålen. Bygd ved Holms verft, Sverige, i 1928, oppgitt til 93 brt. Det var ei svartmåla, kravellbygd, svenskemakke i eik, bogen baug og speiel. Eigaren, Malvin Eriksen frå Melbu, hadde kjøpt båten frå Sverige, og brukt den til sandfrakt og kystfrakt. «Speser» kom til L/L Vik Båtbyggeri i januar 1960.Båten skulle forhøyast tre hudgangar, og få kryssarhekk. Under arbeidet bestemte eigaren seg for at baugen skulle skiftast med ein rana baug, framover liggande. Den gamle baugen vart kappa av og vinsja tilsides. Kaising eller dekkshus skulle byggast i jern, og vera i full breidde. Alle lugarar skulle innreidast på dekk, altså i kaisinga. Det skulle byggast overbygg med rorhus og bestikklugar, og ein skipperlugar i bakkant. Motoren skulle skiftast med ein brukt 130 hk Voldamotor. Les mer …
|