Bedehuskafeen i Sykkylven var ein serveringsstad som vart driven i lokala til bedehuset i Sykkylven sentrum nokre år. Kafeen kom i gang i 1960 i første høgda i bedehuset som då var nybygt. Første styrarinna var Karen Fauske, og med eit kort avbrot stod ho føre drifta i mange år. Alt frå byrjinga hadde Bedehuskafeen god søknad både av faste og tilfeldige gjestar, dessutan vart det halde mange bryllaups-, gravferds- og konfirmasjonslag der. Målfrid Rødal, som hadde arbeidd på Bedehuskafeen i mange år, tok over drifta i 1982, og leigde lokala av bedehuset. Samstundes vart namnet forandra til Cafeen. Attåt seg i arbeidet hadde ho fem personar som arbeidde på deltid. Les mer …
Ola Martin Longva (fødd på Moltustranda i Herøy kommune 22. august 1928) er tidlegare skulemann og lokalpolitikar. Han har vore rektor, skulesjef og varaordførar i Sykkylven på Sunnmøre.
Familien flytte i 1931 til Longva i Haram der Ola vaks opp. Faren var styrar på det lokale handelslaget, og ungguten fekk tidleg vere med å hjelpe til i forretninga og på garden heime. Under krigen søkte han seg inn på Volda landsgymnas for å sleppe utskriving til tysk arbeidsteneste. Etter at han var ferdig med gymnaset i 1949, vart det militærteneste. Seinare vart han forsyningsleiar i HV. Han gjekk så attende til handelsyrket. I 1950 vart han tilsett som 1. betjent ved Volda samyrkelag. I 1950/51 gjekk han handelsskulen på kveldstid. Hausten 1951 fekk han arbeid ved Norges Kooperative Landsforening sitt kontor i Ålesund, der han var i fire år. Les mer …
Fabrikkeigar Jens E. Ekornes, grunnleggaren av Ekornes-konsernet.
Jens Ellingsen Ekornes (fødd 20. januar 1908 i Sykkylven, død 25. november 1976 same stad) var ein industrileiar frå Sykkylven, grunnleggar av Ekornes-konsernet.
Jens Ekornes var nr. to av fem brør: Sigurd f. 1906, Jens f. 1908, Martin f. 1912, Leiv Peder f. 1917 (men døydde halvt år gamal) og Leif som yngstemann f. 1919. Foreldra var gardbrukar Elling Sivertsen Ekornes (1877–1966) og husmor Berte Jensine Nikoline Jensdotter Ekornes (1884–1968). Allereie i barneåra hadde Jens ein trong til å sysle med alt som rørte seg, og mange finurlege konstruksjonar vart til, til dømes skovlhjul i elva. I 15-årsalderen vart Jens med som stuert på båt i to månader på etterjulsvinteren, og ferda gjekk til Kvalvåg på Bremangerlandet, der faren dreiv oppkjøp av fisk. Denne etterjulsvinteren gav Jens reiselyst og eventyrlyst. Han ville oppdage meir av den store verda og melde seg på ein tur med den 35 fots lille ”Brand I”, eit sjøgutskip med 12 gutar i alderen 16-17 år. Dei drog sørover langs kysten frå Ålesund til landsspeidarleiren i Horten. Jens vart seinare aktivt med i speidarrørsla og i losjearbeid for avhaldssaka. Les mer …
Aure Teglverk er den eldste industribedrifta i Sykkylven og også mellom dei aller første industritiltaka på Sunnmøre. Aure Teglverk er først nemnt i skriftlege kjelder i 1814. Då søkte Nils L. Aure på Aurebøen og Lars Karl A. Aure i Kapralgarden dei andre oppsitjarane på Aure-garden om løyve til å vinne ut leire på den staden som framleis vert kalla «Verket». Seinare finn vi at teglverket i Jens Kraft sin Beskrivelse over Kongeriget Norge i 1832; «et maadelig drevet Teglverk paa Gaarden Overdal i Søkelven Sogn». Vi finn også verket att i amtmannen si femårsmelding for 1836-40. Han karakteriserte det som eit lite teglverk som årleg produserte om lag 3.000 takstein, 3.000 doble murstein og like mange enkle murstein. Steinen vart seld til Ålesund og andre stader i fogderiet. Les mer …
Det fyrste bedehuset, som sto ferdig i 1892. Teikning av Martin Furseth.
Sykkylven indremisjon er ei misjonsforeining i Sykkylven. Skipingsdatoen til foreininga er 9. desember 1888, og det første styret var samansett slik: Peter O. Eidem, leiar, Sven A. Ullavik, nestleiar, Lars P. Grebstad, skrivar og Nils C. Aure, kasserar. I januar same året kom det i gang ei misjonsforeining i Hundeidvik og året etter fekk dei også misjonsforeining i Velledalen.
Utløysande årsak til at det kom i gang tre misjonsforeiningar i Sykkylven på om lag eitt år, var virket til vekkingspredikanten Paul Gerhard Sand frå Biri. I 1888 var Sand i Sykkylven og tala, mellom anna i sykkylvskyrkja. «Sand stansa berre nokre dagar, men det var lenge nok til at heile bygda kom i rørsle. Det vart ei folkevekking som Sykkylven aldri har sett maken til anten før eller sidan,» skriv Oscar Handeland i boka Vårløysing II. Les mer …
|