Forside:Aure kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
KOMMUNE: HustadvikaSunndalTingvollGjemnesAverøyKristiansundSurnadalSmølaAureHeimRindal
TIDLIGERE KOMMUNE: TustnaStemshaug

Om Aure kommune
1576 Aure komm 2006-.png
Aure kommune ligg på Nordmøre og hører administrativt til Møre og Romsdal fylke. Kommunen ligg nordaust på Nordmøre og grensar til trøndelagskommunane Hitra over Trondheimsleia i nordaust og Heim over land i aust og over Vinjefjorden i sør; og til Møre og Romsdals-kommunane Tingvoll over Årsundfjorden i sørvest, Kristiansund over Talgsjøen i vest og Smøla over Edøyfjorden i nord. Saman med Smøla kommune og Halsa i Heim kommune utgjer kommunen distriktet Nordre Nordmøre. Regionsmessig sett ligg kommunen i brytningsområdet mellom Nordmøre, Fosen og Orkdalen, og kommunen er frå hausten 2020 av medlem av både Nordmøre IPR (tidl. Orkide) og Orkdal IPR. Bunadsskikken varierer mellom nordmørsbunad (særleg på Tustna) og aure/hemne-bunaden. Lokalavisa Søvesten dekkjer Heim og Aure. Dei mest lesne regionalavisene er Tidens Krav (Kristiansund) og Adresseavisen (Trondheim). Kystlaget Geitbåtens Venner (og tidlegare Imarsundet kystlag òg) held til i kommunen. Det har vore fleire justeringar av kommunegrensene. Fram til 1964 var kjerneområdet av det som i dag utgjer Aure tre kommunar — Tustna, Aure og Stemshaug. Stemshaug vart ihopslegen med Aure i 1965; og samtidig vart vestsida av Ertvågsøya overført frå Tustna til Aure, og innersida av Ertvågsøya, som hittil hadde hørt til Valsøyfjord kommune, vart lagt til Aure. Rodal og Engdal sørom Vinjefjorden, som låg under Aure fram til 1974, vart overført til Halsa i 1975. Tustna vart ihopslegen med Aure kommune den 1. januar 2006.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Lærer Ole Aalmo.
Foto: Ukjent (skanna av Gunnar E. Kristiansen)
Ole Aalmo (født 14. mars 1861 i Aure, død 1943) var lærer og kirkesanger. I åra 1920-28 satt han som ordfører i Sandstad kommuneHitra. Han var sønn av bonde Lars Olsen Aalmo og Beret Olsdatter. Ole Aalmo tok eksamen ved Klæbu lærerskole i 1881. Han tok seinere flere lærerkurs og skytterkurs. Aalmo var i perioden 1884-1903 ansatt som lærer i Bøfjorden i Stangvik i nåværende Surnadal kommune, til dels var han også lærer ved fortsettelseskolen i bygda, i tillegg til å arbeide som poståpner. Fra 1903 til 1928 var han lærer ved Strand, delvis også Utset krets, i Sandstad, og samtidig arbeidde han som kirkesanger samme sted. Han fortsatte som kirkesanger til 1931.   Les mer …

Nybygd aurgjeldsfyring.
Foto: Olve Utne
(2017)
Aurgjeldsgeit eller aurgjeldgeit, òg kalla aurgjeldsbåt og rett og slett aurgjelding, er den nordligaste av dei tre geografiske hovudtypane av geitbåtane. Dei skil seg ut frå dei to andre hovudtypane ved at dei er noko smalare; dei har lengre kjøl og brattare stamnar; og dei er rigga enten med symmetrisk råsegl eller med lårsegl («geitbåtsegl»), i motsetning til søfjordingen og romsdalsgeita, som normalt allveg er rigga med lårsegl. Med unntak av dei mest alderdommelige båtane har dei gjerne fleire trekk frå dei nyare åfjordsbåtane enn andre geitbåtar har, inkludert vaterbord, rorkult (i staden for styrvol) og festbetar. I nyare tid er aurgjeldsgeita typisk for det gamle Aure prestegjeld, inkludert Rodal og Engdal og Stemshaug, så vel som Vinjefjorden innover mot Vinjeøra i Heim kommune, men i eldre tider (føre kring 1800) ser dette ut til å ha vore den tradisjonelle båttypen i store delar av Trøndelag òg.   Les mer …

Hammarsunda på Tustna i april 2014.
Foto: Olve Utne
Trefningane den 8. og 9. april 1537 var dei siste trefningane mellom den flyktande erkebiskopen av Nidaros. Olav Engelbrektsson, og den danske militærmakta ved Norskekysten. Det er uklart om denne trefninga fann stad i HammarsundaTustna eller i SveggesundetAverøya. Den aller siste trefninga fann stad ute i Nordsjøen dagen etter, den 10. april. Olav Engelbrektsson la ut frå Steinvikholmen med dei tre nederlandske skipa med leigesoldatar den 1. april, og dei segla ut Trondheimsfjorden og plyndra Austrått. Dei segla så utover Trondheimsleia. Ved trefninga omkom Herman buskut den 8. april, og Hubert skipmand omkom den 9. april. Skipa segla så utover Nordsjøen, der det kom til trefningar att den 12. og 17. april.   Les mer …

Ola Stemshaug (født 20. januar 1936 i Stemshaug, død 27. august 2013 i Trondheim) var språkforsker. Stemshaug ble cand.philol. i 1965 med fagkretsen norsk og nordisk språk, historie og geografi. Han var førsteamanuensis ved Norges Teknisk Naturvitenskapelige Universitet i Trondheim og statens navnekonsulent for Midt-Norge. Han var gift med Marit Stemshaug. Navnegransking var ett av spesialfelta til Stemshaug. Han er særlig kjent for verka Namn i Noreg, Norsk personnnamnleksikon og Norsk stadnamnleksikon, det siste redigert sammen med Jørn Sandnes. Norske innbyggjarnemningar i overført tyding (2002) handler om hvordan innbyggernavn som rørosing og setesdøl stundom får en ekstra betydning.   Les mer …

Indresæter pr. Kristiansund, frå 18. mars 1968 6591 Indresæter, var ein postekspedisjon og seinare postkontor på Innersetra i Sålåsundet i Aure kommuneNordmøre. Postkontoret vart etablert den 1. juli 1895 i samband med dampskipsekspedisjonen på Innersetra og dekte matrikkelgardane Storsetra, Innersetra, Hals, Innerberg og Fjelnesdalen — same området som Hals skulekrets. Den første postopnaren der var Gjermund Øvrevik (1850-). Sonen hans, Edvard G. Øvrevik, var postopnar frå 1. november 1921. Tremenningen Johannes Berven tok over i 1947 og var postopnar fram til siste opningsdagen, tysdag den 29. februar 1972. Frå onsdag den 1. mars same året vart området lagt under 6590 Tømmervåg.   Les mer …

Bedehuset «Louises Minde» er eit kristeleg forsamlingshus som vart bygd på LeiraTustna i 1923. Thore P. Leren (1855-1947) var pådrivar for å få huset reist. Huset vert bruka til kristeleg møteverksemd, basarar med meir. Det var til å byrja med strid om kva dette huset skulle brukast til. I 1922 vart det halde eit møte der det vart ordskifte ang. byggjinga av huset. Mange ungdomar ynskte at huset skulle vera eit ungdomshus, med eit breiare bruksområde enn det reint kristelege. Det vart ei splitting i bygda, noko som førde til at det etter kvart vart reist eit eige frilynt ungdomshus.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Aure kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar