Sivert Aarflot (1759–1817) reknast som stamfar til slekta Aarflot. Foto: Arnfinn Kjelland (2009)
Aarflot er ei slekt med opphav på garden Årflot i Ørsta kommune. Som stamfar reknast lensmann og boktrykkar Sivert Aarflot (1759–1817).
Kjende medlemmar av slekta
Henrik Johannes Nikolai Martinussen Holsvik (født 13. april 1884, død 2. oktober 1986 var fødd i Holsvika i Austefjorden i Volda kommune av Martinus Harald Olai Iverssen (1843 – 1893) og Hilde Larine Henriksdotter (1856 – 1947) som nummer seks i ein barneflokk på ni frå to ekteskap.
Oktober 1909 gifte Henrik seg med Johanne (Hanna) Oline Jakobsdotter Eide 1883 – 1970). Dei fekk to born: Hilda 1912 og Lars 1915.
Martinus døde i 1893. Ein eldre bror Ivar f. 1875 tok over garden, men døde i 1894. Henrik sit som 10-åring med eigarskap til gard (heilebruk) og heil part (to mann oppmøte) i Holsvik Notlag. Henrik blir brått vaksen. Les mer …
Frå Jakob S. Bjørkedal sin reserve av greinvinklar og krokar
Spanterøter og bjelkekne vart brukt i samband med bygging av kravellbygde båtar, mellom anna i Volda.
Spanterøter i doblingspant var den vanlege måten å binde saman dei to sidene på kravellbygde båtar med. Rota har ein lang og ein kort arm. Den lange er del av stamma på treet, og den korte er den beste armen på rota. Her er innsikta frå dei som er på skogen, og som vel den beste rotarmen som er avgjerande. Den lange armen var gjerne rundt 2 meter, og den korte rotarmen kunne også vera over 1 meter. Ein lang arm gir eit betre omskot på skøytane, men her er det naturen som set begrensninga. Med tømmerbreidd i spantet på 6 eller 7 tommar, så trongst det store røter. Å få fram slike røter er tungt arbeid, då er erfaring og teknikk medverkande til eit godt resultat. Det var ikkje berre røter som kunne brukast, men også store greiner eller andre former for vinkel på stamma. Les mer …
Røde Kors-huset i Volda Foto: Arnfinn Kjelland
Volda Røde Kors Hjelpekorps vart stifta i desember 1944 under namnet Volda Raude Kors Hjelpekorps. Stiftingsmøtet skulle vore 5. desember, men vart utsett på grunn av bombeangrepet i Ørstafjorden der reisesekretæren frå Norges Røde Kors, Kåre Bertelsen, deltok i hjelpearbeidet. Hendinga var nok medverkande til at 55 personar teikna livvarig medlemskap og om lag like mange meldte seg til teneste i hjelpekorpset.
Alt 23. mars 1945 fekk korpset bokstaveleg talt sin «elddåp», i samband med flyangrepet i Dalsfjorden. Da vart mange såra tyskarar frakta til Volda, der hjelpekorpsfolk hjelpte til.
Etter fredsslutninga kom det evakuerte frå Finnmark til Volda. Hjelpekorpset samla inn pengar og deltok i mottaksarbeidet elles. Les mer …
|