Anders Andersson Todal (fødd 12. november 1884 i Aure, død 5. mars 1963 i Trondheim) var skolemann, underoffiser, arkivmann og lokalhistorikar, statsarkivar i Trondheim 1934-1954. Han var ein markant representant for den sterke Venstre-tradisjonen innan norsk lokalhistorie og kulturarbeid generelt. Frå Todalen, grenda der Anders Todal hadde oppveksten sin. Han var fødd og oppvaksen i Todalen i Aure kommune på Nordmøre. Foreldra var gardbrukarparet Anders Jakobsson og Karen Andersdotter Todal. Anders Andersson var den yngste av fire sysken. Han gifta seg i 1915 med Anna Sofie Hove (1886–1970) frå Åsen. Dei fekk to døtrer, Karen og Ingebjørg.
Barndomsheimen til Anders var bruket Kjerra av den mangbølte garden Todal i Indre Aure. Garden med sine mange heimar var nærmast å rekne som ein tettstad i bygda. Det budde over 120 menneske der i 1900. På heimstaden var Anders Todal omgjeven av eit miljø sterkt prega av norskdomsidealisme, fråhaldssak, skyttarvesen og Venstre-politikk generelt, og han slutta sjølv til fulle opp om denne rørsla alt frå ungdommen av og livet ut. Les mer …
Skulehuset som var i bruk frå 1951 til 2009. Foto: R. Lie
Lesund skulekrins var ein tidlegare grunnskulekrins i Aure kommune. Krinsen vart oppretta på 1700-talet. Til å byrja med vart det dreve omgangsskule. I 1896 vart det bygd eiga skulebygning på nordsida av Lesund. Skulen frå 1896 vart reve i 1949, då det vart starta byggjing av nytt skulehus. Nyskulen vart teke i bruk i 1951. Den var bygd i to høgder, med loft. Dette bygget var i si tid omtala som ein mønsterskule i eit leksikon. Eit særpreg ved skulen er utsmykningane i tak og på dører. Dette var det kyrkjedekoratøren og malaren Daniel Skipnes (1882-1972) som stod for. I 2009 vart Lesund skule nedlagt, og elevane i krinsen vart flytta til Aure barne- og ungdomsskule. Les mer …
|