Forside:Aure kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Møre og Romsdal • Sør-Trøndelag • Nord-Trøndelag
(Sunnmøre) • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
EideSunndalTingvollGjemnesAverøyKristiansundSurnadalRindalSmølaAUREHalsa
TustnaAureStemshaug

Om Aure kommune
1576 Aure komm 2006-.png
Aure er ein av dei elleve kommunane på Nordmøre og ligg i Møre og Romsdal fylke. Kommunen ligg nordaust på Nordmøre og grensar til Smøla over Edøyfjorden i nord, til Hitra over Trondheimsleia i nordaust, til Hemne over land i aust, til Halsa og Tingvoll over Vinjefjorden i sør, og til Kristiansund over Talgsjøen i vest. Saman med Smøla og Halsa utgjer kommunen distriktet Nordre Nordmøre. Regionsmessig sett ligg kommunen i brytningsområdet mellom Nordmøre, Fosen og Orkdalen. Bunadsskikken varierer mellom nordmørsbunad (særleg på Tustna) og aure/hemne-bunaden. Lokalavisene er Nordvestnytt (Smøla/Aure) og Søvesten (Aure/Hemne). Dei mest lesne regionalavisene er Tidens Krav (Kristiansund) og Adresseavisen (Trondheim). Kystlaget Geitbåtens Venner (og tidlegare Imarsundet kystlag òg) held til i kommunen. Det har vore fleire justeringar av kommunegrensene. Fram til 1964 var kjerneområdet av det som i dag utgjer Aure tre kommunar — Tustna, Aure og Stemshaug. Stemshaug vart ihopslegen med Aure i 1965; og samtidig vart vestsida av Ertvågsøya overført frå Tustna til Aure, og innersida av Ertvågsøya, som hittil hadde hørt til Valsøyfjord kommune, vart lagt til Aure. Engdal og Rodal sørom Vinjefjorden, som låg under Aure fram til 1974, vart overført til Halsa i 1975. Tustna vart ihopslegen med Aure kommune den 1. januar 2006.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Låna i Innergarden på Innerberg.
Foto: Olve Utne
Innerberg, òg skrive Inderberg og Berg som slektsnamn, er ein matrikkelgard på Stabblandet i Aure kommuneNordmøre. Garden grensar til Sålåsundet i vest og til fjellet Innerbergsalen i aust. Mot nord grensar garden mot matrikkelgarden Stabben; og mot søraust grensar han mot Fjelnesdalen. Innerberg har to hovudbruk: Innergarden og Yttergarden. I tillegg var Halsen (offisielt namn Åsnes) husmannsplass, og frå 1892 sjølveigande bruk; og Yttervik vart utskilt som sjølveigande bruk i 1911. I matrikkelutkastet frå 1723 er det nemnt at Innerberg hadde eiga seter. Denne setra er borte, og fram mot slutten av 1800-talet leigde dei seter frå Fjelnesdalen. Innerberg høyrde med til Hals skulekrets fram til han vart nedlagt sommaren 1972 og postkontoret var 6591 Indresæter fram til det vart nedlagt i 1973. I 1975 vart det bygd veg mot Soleim, og Innerberg vart flytta over til Nordheim skulekrets og 6594 Nordheim.   Les mer …

Ola Stemshaug (født 20. januar 1936 i Stemshaug, død 27. august 2013 i Trondheim) var språkforsker. Stemshaug ble cand.philol. i 1965 med fagkretsen norsk og nordisk språk, historie og geografi. Han var førsteamanuensis ved Norges Teknisk Naturvitenskapelige Universitet i Trondheim og statens navnekonsulent for Midt-Norge. Han var gift med Marit Stemshaug. Navnegransking var ett av spesialfelta til Stemshaug. Han er særlig kjent for verka Namn i Noreg, Norsk personnnamnleksikon og Norsk stadnamnleksikon, det siste redigert sammen med Jørn Sandnes. Norske innbyggjarnemningar i overført tyding (2002) handler om hvordan innbyggernavn som rørosing og setesdøl stundom får en ekstra betydning.   Les mer …

Aure kyrkje sett frå sjøsida.
Foto: Olve Utne
(2008)
Aure kyrkje (nyn. Aure kyrkje, bokm. Aure kirke), lokal uttale Örkjerkjå (NA) / Örkjerkjonn (D), er ein i hovudsak attoppbygd kopi av korskyrkja av tre som vart innvigd i 1727. Kyrkja, som ligg på ei lita høgd nede ved Aursundet i Aure sentrum i Aure kommuneNordmøre, er soknekyrkje for Aure sokn og var hovudkyrkje for Aure prestegjeld i Ytre Nordmøre prosti av Møre bispedømme.   Les mer …

Anders (Andersson) Todal (fødd 12. november 1884 i Aure, død 5. mars 1963 i Trondheim) var skolemann, underoffiser, arkivmann og lokalhistorikar, statsarkivar i Trondheim 1934-1954. Han var ein markant representant for den sterke Venstre-tradisjonen innan norsk lokalhistorie og kulturarbeid generelt.
Frå Todalen, grenda der Anders Todal hadde oppveksten sin.
Foto: Olve Utne (2010)
Han var fødd og oppvaksen i Todalen i Aure kommuneNordmøre. Foreldra var gardbrukarparet Anders Jakobsson og Karen Andersdotter Todal. Anders Andersson var den yngste av fire sysken. Han gifta seg i 1915 med Anna Sofie Hove (1886–1970) frå Åsen. Dei fekk to døtrer, Karen og Ingebjørg. Barndomsheimen til Anders var bruket Kjerra av den mangbølte garden Todal i Indre Aure. Garden med sine mange heimar var nærmast å rekne som ein tettstad i bygda. Det budde over 120 menneske der i 1900. På heimstaden var Anders Todal omgjeven av eit miljø sterkt prega av norskdomsidealisme, fråhaldssak, skyttarvesen og Venstre-politikk generelt, og han slutta sjølv til fulle opp om denne rørsla alt frå ungdommen av og livet ut.   Les mer …

«Heimbygda Stemshaug» er ein bygdesong skriven av Anders Skipnes. Songen kan syngjast på to melodiar: «Det ligger et land» eller «De nære ting». Songteksten tek oss med på ei vandring gjennom det området som frå 1914 til 1965 var Stemshaug kommune. Det blir gjeve skildringar av historie, natur, folke- og næringsliv.   Les mer …

Nordvestnytt er ei lokalavis som blir utgjeva på Hopen i Smøla kommuneNordmøre. Avisa, som vart etablert i 1988 og kjem ut éin gong i veka (2008), har Smøla og Aure kommunar som dekningsområde. Nordvestnytt har ein dekningsprosent på 65 % i primærområdet og konkurrerer først og fremst med lokalavisa Søvesten (utg. i Hemne), med distriktsavisa Tidens Krav (utg. i Kristiansund) og med landsdelsavisa Adresseavisen (utg. i Trondheim).   Les mer …
 
Sjå òg
 
Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Aure kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
Lesund
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar