Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Susanne Pedersdotter Krabbe (f. 1627) var dotter av Aure-presten Peder Lauritsen Krabbe (f. 1596). Ho vart gift med borgarmeistaren i Trondheim, Lars Bastiansen Stabell (ca. 1604-1669). Etter ei tid tok dette ekteskapet slutt (av uviss årsak), og Susanne kom fattig attende til Aure. Ho enda sine dagar på husmannsplassen Skiphamna. Folketradisjonen frå Aure framstiller Susanne som overlegen og fæl til å skryta, etter som ho var dotter til den rikaste mannen på Nordmøre. Etter kvar har det utvikla seg ei segn omkring dette, der det finst visse historiske drag. Les mer …
Gressetbåten.
Foto: Olve Utne
(2011)
Gressetbåten, òg kalla Gressetgeita, er ein honnfyring frå Gresset i Aure kommune på Nordmøre. Han er ein geitbåt av aurgjeldstypen og skil seg ut frå andre bevarte aurgjeldgeiter dels ved at han manglar nyare trekk lånt frå åfjordsbåten som vaterbord, skottdrigle og så vidare, og dels ved ein alderdommelig konstruksjon som inkluderer at alle borda er hogne og at framstamnen har ei karakteristisk, alderdommelig form. Da Gressetbåten vart oppdaga av fagfolk, trudde ein at dette var ein båt frå 1700-talet, men ein dendrologisk analyse har datert treverket i båten til 1853. Les mer …