Johannes Berven spelar på fjølfela si. Johannes Berven ( 1899– 1996), mest kjent som Jóanes Trø’n eller Bærven lokalt, var ein småbrukar, telefonist, postopnar, smed og spelemann frå Trøa under Innersetra på Tustna i noverande Aure kommune på Nordmøre. Johannes Hilmar Gjermundson Berven vart fødd som den yngste av fem sysken den 18. mars 1899. Johannes tok over Trøa i 1924. Han dreiv jorda, fiska og arbeidde i smia, og i tillegg tok han over telefonstasjonen etter far sin. I 1945 tok han over postkontoret i bygda òg, og han dreiv det til det vart nedlagt i 1971. Da Johannes var kring tolvårsalderen, altså kring 1911, bygde han seg si eiga fjølfele. Les mer …
Magnhild Almhjell i 1948.
Magnhild Havdal Almhjell ( 1894– 1985) var ein folkemusikkutøvar frå Tingvoll på Nordmøre. Magnhild Havdal vart fødd den 11. juni 1894 i Oppigarden i Havdalen inst i Tingvoll kommune på Nordmøre. Mora, Karen Havdal, dødde i 1895, berre 23 år gammal. Etter at Magnhild miste mor si, vaks ho opp hos besteforeldra på Havdal. Ho fekk mykje tradisjonsstoff frå morfaren, Kristoffer Knutson Havdal ( 1822– 1912), og av mormora, Magnhild Eriksdotter Havdal, f. Valset (Ålvundeid) ( 1841– 1942), lærte ho mange gamle tonar. Les mer …
Motiv frå Remmingen. Foto: Laila Skaret (2009)
Remmingen er ei samling øyer i Smøla kommune på Nordmøre. Dei er lokaliserte nordaust for Glasøya, på innsida av Smøla. Øyene høyrer inn under garden Hellesfjord. På den største av desse øyene har det vore busetjing heilt fram til i dag. Peder Kristensen Kattholm og kona hans, Mildri Steffensdotter Oterholmen, var dei fyrste som busette seg på Remmingen. Dei kom til staden som husmannsfolk omkring 1850. Familien livnæra seg av fiske.
I 1947 vart Remmingen seld frå Ingvald Åsheim til Harald Kulø for kr. 6.000. Kulø var ikkje busett her, men bruka staden til laksefiske og beite for sauer. Les mer …
Melfæringen «Glomstadgeita» under segl. (18. juni 2011)
Omgrepet geitbåt viser vanlegvis til den tradisjonelle opne og oftast spissgatta ro- og seglbåttypen frå Nordmøre og Romsdalen — og i eldre tid Fosen og området kring Trondheimsfjorden òg. Geitbåten hører typologisk sett med til dei rundstemnde vestlandsbåtane heller enn til dei i nyare tid mykje meir rettstemnde åfjordsbåtane og nordlandsbåtane. Geitbåten skil seg ut frå dei andre tradisjonelle opne båttypane frå Vestlandet og nordover ved den korte og relativt djupe kjølen, den halvplanande skrogforma og den svært langstrakte overgangen frå kjøl til stamn — eigenskapar som gjer denne båten til ein djerv havseglar og god bidevindsseglar. Les mer …
|