Forside:Nordmøre

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 17. mai 2010 kl. 01:03 av Dena Utne (samtale | bidrag) (Erstatter sida med «{{Distriktsmal |Flertall(er/ar) = ar }}»)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
KOMMUNE: HustadvikaSunndalTingvollGjemnesAverøyKristiansundSurnadalSmølaAureHeimRindal

Om Nordmøre
Kart over Midt-Noreg med det noverande Nordmøre markert i grønt.

Nordmør (eldre namneform) eller Nordmøre (den vanlegaste namneforma i dag) er eit historisk landskap og ein region i Midt-Noreg. I nyare tid blir Nordmøre vanlegvis definert som dei noverande kommunane Aure, Averøy, Eide, Gjemnes, Kristiansund, Smøla, Sunndal, Surnadal og Tingvoll i Møre og Romsdal samt Rindal og delar av Heim i Trøndelag.

Historisk sett har Nordmøre lege under Frostating lagdømme (til dags dato) og Nidaros bispedømme (til Møre bispedømme vart oppretta i 1982). Frå 1500-talet til i dag har Nordmøre sortert under Trondheims len (til 1662), Trondhjems stiftsamt (til amtssystemet vart avvikla først på 1900-talet. Lokalt har Nordmøre vore eige futedømme (fogderi), og frå 1662 av har landskapet sortert under Romsdals amt, som frå 1689 av har inkludert Sunnmøre òg. Frå 1919 av har nordmørskommunane utgjort dei nordaustlegaste 40 % av Møre fylke, no Møre og Romsdal fylke. Av desse gikk Rindal kommune over til Trøndelag den 1. januar 2019.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
TINE Midt-Norge (Hemne) på Kyrksæterøra var i drift inntil 2001.
Foto: Olve Utne
(2009)
Hemne meieri var et andelsmeieriKyrksæterøra i Hemne kommune. Det ble opprettet i 1953, og var fra starten ment å være et smør- og geitostmeieri, men mangel på geitemelk gjorde at det bare ble produsert smør inntil hvitostproduksjonen begynte i 1956. Meieriet innstilte driften i 2001. Etableringen av meieri bidro til utviklingen av båtruter, bilruter og vannverk i Hemne. Meieriet drev både slakteri, butikk og innkjøpslag.   Les mer …

David Glick, frå J : historien om kristiansundsjødene
David Glick (fødd 4. oktober 1907 i Trondheim, død 22. januar 1943 i Auschwitz) var transportarbeidar på Sunndalsøra frå 1941 av. Ettersom han var jøde vart han deportert til konsentrasjonsleir i 1942, og han vart drepen i dødsleiren Auschwitz. Han var son av Elias Glick (1876–1914) og Jenny Glick f. Wolf (1874–1942). Faren var frå Russland, medan mora var fødd i Tyskland. I folketeljinga 1910 finn vi mora, faren og to eldre sysken i Mellomveien 8 i Trondheim. Faren var handelsmann. Ei eldre syster, Anna Glick gift Matulsky, vart også drepen i Auschwitz. David hadde òg ein eldre bror, Israel Glick som døydde ung i 1919.   Les mer …

Ola Gresset.
Foto: Fra Trondhjems fylke av D.N.T. gjennem 50 år (1881-1931)
Ola Gresset (født 22. desember 1859, død 5. oktober 1952) var en av de mange lærerne fra sin generasjon som gikk Klæbu seminar. Til sist ble han også klokker; først i ValsøyfjordNordmøre og seinere i hovedkirka i Melhus kommune, der han var til han gikk av ved årsskiftet 1922-1923. I 1884 ble han vakt til innsats for avholdssaken, og meldte seg inn i lokallaget av Det Norske Totalavholdsselskap mens han var lærer i Osen kommune i Sør-Trøndelag.I 1880 hadde han søkt og ble opptatt på Klæbu seminar. Han ble ferdig uteksaminert to år seinere, i 1882 og ble da tilsatt som lærer i Osen i Bjørnør prestegjeld. Her ble han til våren 1887, og samme høst ble han tilsatt som lærer på Otnes skole i Valsøyfjord som ble egen kommune ved fradelingen fra Aure kommune 1. januar 1894. Etter noen tid ble han også klokker ved Otnes kirke. Den lille lærerfamilien ble i Valsøyfjord i ni år, før de flytta til Melhus kommune, der Gresset ble tilsatt som lærer ved Elverhøy skole og som klokker i hovedkirka i Melhus.   Les mer …

Husa på Langholmen.
Foto: Olve Utne
Langholmen (dativ (på/frå) Langholma) er eit fråflytta fiskevær på ei langstrekt samling av tettliggjande holmar utom Golmøya i Aure kommuneNordmøre. Dei første fast busette vi veit om er registrert i kyrkjebøkene frå 1751 og framover, og dei siste fastbuande flytta frå Langholmen i 1970-åra. Været Langholmen, som opprinneleg hørte til Golma, låg under væreigarar i Kristiansund i hundre år: under Christie-familien frå 1822 til 1910, og under Hans Christian Olaus Aass frå 1910 til 1923, da Langholmen kom på lokale hender att.   Les mer …

Tyrhaug fyrstasjon på Ringholmen ved Kyrhaug.
Foto: Olve Utne
Kyrhaug (trad. uttale /"cørʌu/ (Edøya) el. /"çy:rʌu/ (Tustna), ofte skrive Tyrhaug, er ein matrikkelgard og ei grend på Edøya i Smøla kommuneNordmør. Den mest pålitelige skrivemåten vi kjenner til i eldre skrifter er Kyrhofuit/Kirhofuit, som vi finn i P. Claussøn Friis (15451614) sine skrifter; namnet er eigentlig Kyrhau (Kyrhovud), av norrønt *Kýrhǫfuð (‘kuhovud’). Skrivemåten med t-, som finst belagt frå sist på 1500-talet og framover, kjem av at namnet har vorte tolka som tyr + haug: Tørhogh (1590), Thiurhoug (1643), Tyrhoug (1667).   Les mer …

Ole Andreas Lindeman. Avfotografert portrettmaleri av ukjent kunster.
Foto: Erik Olsen
(1897)
Ole Andreas Lindeman (fødd 17. januar 1769 i Surnadal, død 26. februar 1857 i Trondheim) var ein pianist, organist og musikkpedagog frå SurnadalenNordmøre. Lindeman tok eksamen artium ved Trondheim katedralskole før han reiste til København i 1788 for å studere juss. Etter kvart brukte han stadig meir av tida på musikk, og han avbraut jusstudia. Ole Andreas Lindeman vart elev av kapellmeister Israel Gottlieb Wernicke og heldt konsertar med klavér eller fiolin i København. På oppmoding frå biskop Johan Christian Schønheyder flytta Lindeman til Trondheim for å bli organist i Vår Frue kyrkje der i 1799.   Les mer …
 
 
Kategoriar for Nordmøre
 
Andre artiklar