Hans Romundset med fela si i 1982. Foto: Faksimile fra Tidens krav ( Kristiansund), lørdag 17. juli 1982 Hans Romundset ( 1904- 1992) var ein skreddar og spelemann frå garden Romundset («Hansgarden») på Skarsøya i Aure kommune på Nordmøre. Han var son av gardbrukar Hans Knutsen Romundset (f. 1873) og Elen Olsdatter (f. 1876)Hans byrja med felespel då han var i 10-14 års alderen. Ein viktig læremeister i denne tida var den eldre broren, Ola. Men for det meste var Hans sjølvlærd i felespeling. Hans og Ola spela mykje i lag, både privat og offentleg. Ofte var også systra Oline med på gitar. Hans fekk si eiga fele då han var 14-15 år gamal. Denne fela brukte han omtrent heile livet igjennom. Hans var særs aktiv som spelemann i 1930-åra og fram til han gifta seg med Ingrid Johansen frå Vesterålen i 1943. Då Hans var 23-24 år byrja han som skreddarlærling hjå Halvard Husby i Foldfjorden. Les mer …
Nybygd aurgjeldsfyring. Foto: Olve Utne (2017)
Aurgjeldsgeit eller aurgjeldgeit, òg kalla aurgjeldsbåt og rett og slett aurgjelding, er den nordligaste av dei tre geografiske hovudtypane av geitbåtane. Dei skil seg ut frå dei to andre hovudtypane ved at dei er noko smalare; dei har lengre kjøl og brattare stamnar; og dei er rigga enten med symmetrisk råsegl eller med lårsegl («geitbåtsegl»), i motsetning til søfjordingen og romsdalsgeita, som normalt allveg er rigga med lårsegl. Med unntak av dei mest alderdommelige båtane har dei gjerne fleire trekk frå dei nyare åfjordsbåtane enn andre geitbåtar har, inkludert vaterbord, rorkult (i staden for styrvol) og festbetar. I nyare tid er aurgjeldsgeita typisk for det gamle Aure prestegjeld, inkludert Rodal og Engdal og Stemshaug, så vel som Vinjefjorden innover mot Vinjeøra i Heim kommune, men i eldre tider (føre kring 1800) ser dette ut til å ha vore den tradisjonelle båttypen i store delar av Trøndelag òg. Les mer …
Ola Gresset. Foto: Fra Trondhjems fylke av D.N.T. gjennem 50 år (1881-1931) Ola Gresset (født 22. desember 1859, død 5. oktober 1952) var en av de mange lærerne fra sin generasjon som gikk Klæbu seminar. Til sist ble han også klokker; først i Valsøyfjord på Nordmøre og seinere i hovedkirka i Melhus kommune, der han var til han gikk av ved årsskiftet 1922- 1923. I 1884 ble han vakt til innsats for avholdssaken, og meldte seg inn i lokallaget av Det Norske Totalavholdsselskap mens han var lærer i Osen kommune i Sør-Trøndelag.I 1880 hadde han søkt og ble opptatt på Klæbu seminar. Han ble ferdig uteksaminert to år seinere, i 1882 og ble da tilsatt som lærer i Osen i Bjørnør prestegjeld. Her ble han til våren 1887, og samme høst ble han tilsatt som lærer på Otnes skole i Valsøyfjord som ble egen kommune ved fradelingen fra Aure kommune 1. januar 1894. Etter noen tid ble han også klokker ved Otnes kirke. Den lille lærerfamilien ble i Valsøyfjord i ni år, før de flytta til Melhus kommune, der Gresset ble tilsatt som lærer ved Elverhøy skole og som klokker i hovedkirka i Melhus. Les mer …
Bedehuset «Louises Minde» er eit kristeleg forsamlingshus som vart bygd på Leira på Tustna i 1923. Thore P. Leren ( 1855- 1947) var pådrivar for å få huset reist. Huset vert bruka til kristeleg møteverksemd, basarar med meir. Det var til å byrja med strid om kva dette huset skulle brukast til. I 1922 vart det halde eit møte der det vart ordskifte ang. byggjinga av huset. Mange ungdomar ynskte at huset skulle vera eit ungdomshus, med eit breiare bruksområde enn det reint kristelege. Det vart ei splitting i bygda, noko som førde til at det etter kvart vart reist eit eige frilynt ungdomshus. Les mer …
Johannes Berven spelar på fjølfela si. Johannes Berven ( 1899– 1996), mest kjent som Jóanes Trø’n eller Bærven lokalt, var ein småbrukar, telefonist, postopnar, smed og spelemann frå Trøa under Innersetra på Tustna i noverande Aure kommune på Nordmøre. Johannes Hilmar Gjermundson Berven vart fødd som den yngste av fem sysken den 18. mars 1899. Johannes tok over Trøa i 1924. Han dreiv jorda, fiska og arbeidde i smia, og i tillegg tok han over telefonstasjonen etter far sin. I 1945 tok han over postkontoret i bygda òg, og han dreiv det til det vart nedlagt i 1971. Da Johannes var kring tolvårsalderen, altså kring 1911, bygde han seg si eiga fjølfele. Les mer …
|