Forside:Fyresdal kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Akershus • Buskerud • Innlandet • Oslo • Telemark • (Distrikt: Grenland • Aust-Telemark • Vest-Telemark) • Vestfold • Østfold
KOMMUNE: Bamble • Drangedal • Fyresdal • Hjartdal • Kragerø • Kviteseid • Midt-Telemark • Nissedal • Nome • Notodden • Porsgrunn • Seljord • Siljan • Skien • Tinn • Tokke • Vinje

Om Fyresdal kommune
0831 Fyresdal komm.png

Fyresdal kommune i Telemark fylke grensar mot Åmli, Bygland og Valle i Agder fylke, og mot Tokke, Kviteseid og Nissedal i Telemark. Høgaste punkt er Roan, 1 192 moh. Næringsvegane i kommunen er i all hovudsak skogbruk og jordbruk, i tillegg til vasskraftproduksjon. Fyresdal har mange gravhaugar og runesteinar frå vikingtida.

Namnet kjem av innsjønamnet Fyrir, det gamle namnet på Fyresvatn. Ordet fyrir er ein preposisjon som tyder det som ligg framanfor eller i vegen for ein. Dette gjorde vatnet då ein i folkevandringstida trengde seg oppover mot og inn i denne dalen utan farbare strender ein kunne ferdast langs.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Olav og Else med born ca. 1904.
Olav Aslakson Momrak (1868-1944) var født i Fyresdal. Foreldra var Aslak Kjetilson S. Snarteland (1825-1899), gift 1851 med Anne Gunnarsdotter Klauvreid (1833-1911) frå Skafså. Dei var gardfolk på S. Momrak gnr. 28/1 og så på S. Snarteland gnr. 1/2 der Aslak var frå. Aslak og Anne fekk 9 born, Olav var nr. 8 av desse. I 1891 vart han gift med Else Talleivsdotter N. Væting (1869-1945) frå N. Væting gnr. 35/1.   Les mer …

Nedre Haugan i Hauggrend.
Nedre Haugan (Fyresdal gnr. 95/1). I 1831 vart matrikkelgarden Haugane dela i to etter at det ei kort tid hadde vore leiglending på halve garden. Ved skøyte 1831 fekk Sigurd Olavson Sandland (1786-1854) frå Skafså halve Haugane med skyld 9 ¾ setK for 400 spd. Dette vart gnr. 95/1 Nedre Haugane då dette tunet låg nede ved den nye alfarvegen.   Les mer …

Lars Abraham og Gro Qvisling.
Foto: Ukjent
Lars Abraham Rasmusson Qvisling (fødd i Nissedal 1816 død i Fyresdal 1876) var lensmann og bonde i Fyresdal.
Lauritz Ibsen var ein bondeson frå Kvislemark nær Slagelse på Sjælland som levde i perioden 1634 – 1703. Som ung kom han til Kristiania, tok teologisk embetseksamen og vart slottsprest på Akershus festning. Då han kom til Noreg tok han tilnamnet Quislin som skulle vere ei etterlikning av Kvislemark. To søner og to døtre endra namnet til Qvislin for å gjere det meir norsk. Lars Abraham sette så på ein g i slutten. Seinare vart namnet endra til Quisling.
Eine son til Lauritz Ibsen Quislin, Abraham Larsen Quislin, var ei tid kapellan hjå presten Jakob Hansen Morland i Vinje. Han overtok kallet og gifta seg med dottera til Morland, Susanne. Son deira, Lauritz Qvislin, var ei tid kapellan i Fyresdal hjå presten Peder Bloch, og gifta seg med den eldste dottera hans, Anne Jørgine. Han blei sidan sokneprest i Tinn.   Les mer …

Folkestadbyen og jordbrukslandskapet rundt. Foto: Bjørn Østrem
Folkestadbyen kring 1930.
Folkestadbyen ligg sentralt i Fyresdal kommune. Dette er ei samling hus som ber preg av ein hageby og vart bygd opp etter år 1870 stort sett av handverkarar. Når folk i sentrale delar av Fyresdal skal burt i sentrum i ein forretning eller eit anna ærend, seier dei enno at ein skal ein tur burt i «byen».   Les mer …

Øyskogen med gravhaugar og furutre.
Foto: Olav Momrak-Haugan
(2010)
Øyskogen ligg midt i sentrum av Fyresdal og like ved Moland kyrkje. Dette er eit parkliknande område med mange svære furutre og ei rekke med gravhaugar, meir enn 20 i talet. I dette landskapet er det så etter kvart kome til ei gruppe med bygningar av ulik slag som utgjer ein del av Fyresdal Bygdemuseum. Presten Iver Andreas Teisner var og ordførar ein lengre periode. Han gjorde ein heilt utruleg innsats for kommunen og som takk for dette fekk han ein stor bauta sentralt i området.Øyskogen er ein mykje bruka stemneplass, og det er Fyresdal kommune sin 1000-års stad.   Les mer …

Reklamekort for avisa fra 1980-tallet, tegnet av John Skarprud.

Vest-Telemark Blad er ei avis som blir gitt ut i Kviteseid i Telemark. Den dekker kommunene Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke og Vinje, og blir skrevet på nynorsk. Avisa kom ut tre dager i uka; tirsdag, torsdag og lørdag fram til november 2016. 1. november kom den første fredagsavisa.

Vest-Telemark Blad er partipolitisk uavhengig. Likevel mener noen å huske at VTB ble kallt Pravda på 70-tallet, andre husker at VTB i enkelte sammenheng og miljøer (først og fremst de høyre-orienterte) fikk tilnavnet Vesle-Pravda.

Tidligere redaktør, Knut Espelid sier: «Ein viktig grunn til oppnamnnet var nok at korkje folk flest eller lokalpolitikarane i regionen var vane med å ha ei kritisk presse så nær seg. Det som kom fram i avisene t.d. frå politisk behandling før VTB kom, var reint refererande - avisene hadde gjerne ein «referent» i kommunestyremøtet (t.d. H.J. Sandsdalen i mange år i Seljord.)»   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Fyresdal kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar