Forside:Nordmøre

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 17. mai 2010 kl. 01:03 av Dena Utne (samtale | bidrag) (Erstatter sida med «{{Distriktsmal |Flertall(er/ar) = ar }}»)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
KOMMUNE: HustadvikaSunndalTingvollGjemnesAverøyKristiansundSurnadalSmølaAureHeimRindal

Om Nordmøre
Kart over Midt-Noreg med det noverande Nordmøre markert i grønt.

Nordmør (eldre namneform) eller Nordmøre (den vanlegaste namneforma i dag) er eit historisk landskap og ein region i Midt-Noreg. I nyare tid blir Nordmøre vanlegvis definert som dei noverande kommunane Aure, Averøy, Eide, Gjemnes, Kristiansund, Smøla, Sunndal, Surnadal og Tingvoll i Møre og Romsdal samt Rindal og delar av Heim i Trøndelag.

Historisk sett har Nordmøre lege under Frostating lagdømme (til dags dato) og Nidaros bispedømme (til Møre bispedømme vart oppretta i 1982). Frå 1500-talet til i dag har Nordmøre sortert under Trondheims len (til 1662), Trondhjems stiftsamt (til amtssystemet vart avvikla først på 1900-talet. Lokalt har Nordmøre vore eige futedømme (fogderi), og frå 1662 av har landskapet sortert under Romsdals amt, som frå 1689 av har inkludert Sunnmøre òg. Frå 1919 av har nordmørskommunane utgjort dei nordaustlegaste 40 % av Møre fylke, no Møre og Romsdal fylke. Av desse gikk Rindal kommune over til Trøndelag den 1. januar 2019.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Hovuddelen av Trondheims hovudlen 1647 med Nordmørs fogderi fargekoda. Gjemnes tinglag er lysegrønt.
Gjemnes tinglag var på 1600-talet og utover til tidleg på 1800-talet den rettslege administrative eininga som dekte noverande Kristiansund, indre deler av Eide kommune, vestsida av Aspøya i noverande Tingvoll kommune og noverande Gjemnes kommune med unntak av Angvik og Flemma.   Les mer …

Storoddan–Sunde–Hemnskjel–Sandstad var eit ferjesamband mellom Storoddan i Hemne kommune, Sunde og Hemnskjel i Snillfjord kommune og Sandstad i Hitra kommune, alle i Sør-Trøndelag. Ferjesambandet vart etablert i 1964. Ved ferdigstillinga av RV 714 vart anløpsstaden på Storoddan i 1971 flytta til Sunde, men Storoddan ferjeleie vart framleis trafikkert fram til nedlegginga i 1982.   Les mer …

Herlof Harstad er gravlagt på Ris kirkegård i Oslo.
Foto: Stig Rune Pedersen (2015)
Herlof Harstad (født 13. januar 1909 i Kristiansund, død 22. desember 1968 i Oslo) var NS-redaktør før andre verdenskrig, seinere en respektert redaktør av Vi menn. Han var sønn av lagersjef Kristian Harstad og Jonetta f. Sjømæling, som begge var fra Øre. Etter eksamen artium på reallinja ved Kristiansunds offentlige skole begynte karrieren i pressen. Han var Kristiansunds-korrespondent for aviser i Oslo (Aftenposten) og Trondheim, og var så «en tid i Oslo som pressemann og ved forlag». Her redigerte han nærmere bestemt Nasjonal Samlings partiavis Nasjonal Samling fra mars 1934 til mars 1936, om enn Vidkun Quisling sto som «politisk redaktør» og liknende titler. I 1935 var Harstad også sjef for lokalavisa Oslo-Arbeideren i en periode. Da NS bytta navn på sitt hovedorgan, kom Harstad så over til Fritt Folk fra starten i 1936 og redigerte den ut året. Ved starten av 1937 gikk NS nærmest i oppløsning.   Les mer …

MB «Vega» leverte ofte varer til Fr. Marit Halsnes, seinare Soleimsund Handel.
MB «Vega» var ein rutebåt som vart driven av Albert Dahle (1898-1994) frå Ytre Breivika under Leira på Tustna og som gjekk i rute mellom Kristiansund og både yttersida og innersida av Tustna frå han vart kjøpt i 1947 eller 1948 og heilt fram til ferjesambandet Kristiansund–Tømmervåg vart sett i drift i 1960. Albert Dahle og far hans, Edvard E. Dahle (1869–1939), begynte med privat rutebåt mellom Kristiansund og yttersida av Tustna med MB «Fram» i 1938. Albert Dahle fortsette drifta da far hans dødde og dreiv ruta gjennom krigen og fram til han kjøpte ny båt. I 1947 eller 1948 kjøpte Albert Dahle MB «Vega» av Knut Eide, som hadde drive rutekjøring med båten ein stad i Moldedistriktet.   Les mer …

Hopen kyrkje sett frå sør-søraust.
Foto: Olve Utne
Hopen kyrkjeHopenSmøla er soknekyrkja i Hopen sokn av Edøy prestegjeld. Fram til midten av 1700-talet sokna folk frå Veiholmen og Nord-Smøla til Veigen kapell på Veiholmen. På grunn av at det gamle fiskarkapellet på Veiholmen var forfalt, fekk commerceråd Hammond løyve den 11. juni 1745 til å byggje nytt kapell på Hopen. Den gamle altartavla, som stammar frå 1500-talet, vart flytta over til det nye kapellet. Den noverande Hopen kyrkje vart bygd i 1892 som langkyrkje i tre og har 260 sitteplassar. Ho har vore reparert og oppussa fleire gonger, og i tillegg noko påbygd i 1966. I 1916 vart det innsett pipeorgel, men sidan 1953 har det vore bruka hammondorgel der.   Les mer …

Dette er MB «Speser» slik ho var før ombygging på Vik Båtbyggeri.
MB «Speser» var eit fraktefartøy frå Melbu i Vesterålen. Bygd ved Holms verft, Sverige, i 1928, oppgitt til 93 brt. Det var ei svartmåla, kravellbygd, svenskemakke i eik, bogen baug og speiel. Eigaren, Malvin Eriksen frå Melbu, hadde kjøpt båten frå Sverige, og brukt den til sandfrakt og kystfrakt. «Speser» kom til L/L Vik Båtbyggeri i januar 1960.Båten skulle forhøyast tre hudgangar, og få kryssarhekk. Under arbeidet bestemte eigaren seg for at baugen skulle skiftast med ein rana baug, framover liggande. Den gamle baugen vart kappa av og vinsja tilsides. Kaising eller dekkshus skulle byggast i jern, og vera i full breidde. Alle lugarar skulle innreidast på dekk, altså i kaisinga. Det skulle byggast overbygg med rorhus og bestikklugar, og ein skipperlugar i bakkant. Motoren skulle skiftast med ein brukt 130 hk Voldamotor.   Les mer …
 
 
Kategoriar for Nordmøre
 
Andre artiklar