Forside:Nordmøre

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 17. mai 2010 kl. 01:03 av Dena Utne (samtale | bidrag) (Erstatter sida med «{{Distriktsmal |Flertall(er/ar) = ar }}»)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
KOMMUNE: HustadvikaSunndalTingvollGjemnesAverøyKristiansundSurnadalSmølaAureHeimRindal

Om Nordmøre
Kart over Midt-Noreg med det noverande Nordmøre markert i grønt.

Nordmør (eldre namneform) eller Nordmøre (den vanlegaste namneforma i dag) er eit historisk landskap og ein region i Midt-Noreg. I nyare tid blir Nordmøre vanlegvis definert som dei noverande kommunane Aure, Averøy, Eide, Gjemnes, Kristiansund, Smøla, Sunndal, Surnadal og Tingvoll i Møre og Romsdal samt Rindal og delar av Heim i Trøndelag.

Historisk sett har Nordmøre lege under Frostating lagdømme (til dags dato) og Nidaros bispedømme (til Møre bispedømme vart oppretta i 1982). Frå 1500-talet til i dag har Nordmøre sortert under Trondheims len (til 1662), Trondhjems stiftsamt (til amtssystemet vart avvikla først på 1900-talet. Lokalt har Nordmøre vore eige futedømme (fogderi), og frå 1662 av har landskapet sortert under Romsdals amt, som frå 1689 av har inkludert Sunnmøre òg. Frå 1919 av har nordmørskommunane utgjort dei nordaustlegaste 40 % av Møre fylke, no Møre og Romsdal fylke. Av desse gikk Rindal kommune over til Trøndelag den 1. januar 2019.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Storoddan–Sunde–Hemnskjel–Sandstad var eit ferjesamband mellom Storoddan i Hemne kommune, Sunde og Hemnskjel i Snillfjord kommune og Sandstad i Hitra kommune, alle i Sør-Trøndelag. Ferjesambandet vart etablert i 1964. Ved ferdigstillinga av RV 714 vart anløpsstaden på Storoddan i 1971 flytta til Sunde, men Storoddan ferjeleie vart framleis trafikkert fram til nedlegginga i 1982.   Les mer …

Smøla historielags logo.

Smøla historielag i Smøla kommune ble skipa i 2007 og meldte seg like etterpå inn i Landslaget for lokalhistorie. Det har som formål å vekke historisk interesse og arbeide for å øke og spre kunnskap om historie og tradisjoner i Smøla og i naboområdene. Laget gir ut årboka Smøla-minne.

I 2019 hadde historielaget 150 medlemmer. Utviklinga er stabil.   Les mer …

Grip kyrkje i 2005.
Foto: Arnfinn Kjelland

Grip kyrkje (trad. uttale Gripkjerkjå ["gɾi:pˌçerʰçɔ.], dativ Gripkjerkjånn ["gɾi:pˌçerʰçɔɲ.]), ofte omtala som Grip stavkyrkje, er ei stavkyrkjefiskeværet Grip i Kristiansund kommuneNordmøre. Kyrkja, som ligg på det høgste punktet på Grip, kring 8 meter over havet, er ei enkel stavkyrkje av møretypen og er datert til kring 1470. Fram til kommunesamanslåinga med Kristiansund kommune i 1964 sokna kyrkja til Kvernes prestegjeld. I 1967 vart ho annekskyrkje til Kirklandet.

Kyrkja vart ombygd i 1621 og i 1870-åra, og i 1933 fikk kyrkja sementfundament og ny utvendig bordkleding. Kyrkja er kjent for altarskåpet sitt, ein triptych frå Utrecht i Nederland frå ca. 1515 med sentralskulptur av jomfru Maria, og med Heilag-Olav og Margareta av Antiokia i fløyene.   Les mer …

Kornstad stavkyrkje i Averøy kommune var frå først av ei enkel stavkyrkje, som blei reven i 1871. Over kordøra stod namnet “Niels Hindricksøn”. Tyder dette “Niils Henrikson Gyldenløve til Østråt” (fru Ingers ektemake), kan vel kyrkja vera bygd av han mellom år 1510 og 1520, og kom da i lag med Giske-godset. Joh. Brodal meiner ho er eldre. Han fortel at ho vart laga til korskyrkje med to timbra sideskip i 1649. I 1665 var det fleire store reparasjonar i koret, i korset og i kyrkjestolane, og loft innlagt. Da Chr. Lossius 1725 kjøpte kyrkja, var ho forfalla. Han gjorde storflidnad, bygde tårn som fekk årstalet 1761 på spiren. Truleg var det da dei to galleri “for mandspersoner” vart bygde. På altertavla var måla: Jesus innset nattverden. Kring tavla var sett fem trefigurar, truleg Moses og dei fire evangelistar. Ei innskrift synte at altertavla var sælebotsgåve i 1638 av enkja etter kongeleg gastgjevar på Smørholmen, Ole Olsen Helt (“Jelt”), fødd 1571, død 1637. Nederst på altertavla var utskore ein smågut som kvilde på høgre hand og heldt eit timeglass i venstre. På austre vegg hang ei tavle med to felt. I øvste felt var bilete av Jesus på krossen og dei to røvarar. I nederste felt var Ole Helt sjølv teikna med langt kvitt skjegg mellom fem søner på den eine sida, og på den andre sida var enkja Marit Svendsdotter avbilda med sine fem døtre. Denne tavla var og forært av “Oluf Heltis efterleverske” anno 1638.   Les mer …

Hermann Fischer.
Herman(n) Fischer (født 1. januar 1893 i Litauen, død 2. januar 1943 i Auschwitz) var ein forretningsmann, cellist, målmann og sjakkspelar i Kristiansund. Han tok over forretninga Beklædningsmagasinet Fix etter faren i 1914 og dreiv ho med eit kortare avbrott fram til tidleg i 1940-åra. Han var cellist i Kristiansund Symfoniorkester og leiar av orkesteret. Hermann Fischer vart fødd den 1. januar 1893 i Leckava (jiddisch Latskeve) i Litauen som den eldste av åtte born av foreldra Dina f. Bekker (f. 1872 i Leckava; d. 1943 i Auschwitz) og Abraham Fischer (1867–1942). Han vaks opp hovudsakleg i Trondheim, der familien hadde busett seg midt i 1890-åra — den første tida i Nedre Møllenberg gade 36B (Folket. 1900), og seinare i Krambodgate 15 (Folket. 1910) og Innherredsvn. 27. Hermann gikk på 7-årig folkeskule ved Bispehaugens folkeskole i Trondheim, og deretter utdanna han seg ved K. Solbergs handelsskole. Han må nok òg ha fått god opplæring i cello som vi ser av rolla hans i Kristiansund Symfoniorkester, men vi veit ikkje enno kven læraren hans var. Han gifta seg med Gusta Berman i Trondheim den 19. september 1915.   Les mer …

Johan Olsen Aarø var den som først lykkes med ordinær rutebilkjøring i Norge, her med sin 1907 UNIC, fotografert i Kristiania før turen til Møre og Romsdal.
Foto: Eivind Enger, Kristiania
(1908)
Norges første bussrute trafikkerte strekningen mellom Molde og Batnfjorden. Den startet 12. mai 1908 og gikk den 36 kilometer lange veien fra Molde over Fursetfjellet til Batnfjordsøra. I dag er denne veistrekningen en etappe av E39. Bussruten var et framskritt fordi passasjerer som ønsket å unngå den værharde Hustadvika, kunne ta dette stykket av reisen over land. Bussruten ble kjørt med en nyinnkjøpt seks-seters UNIC 1907-modell, med 18 hestekrefter. Bilen var franskprodusert, med karosseripåbygg fra Norge. Den er bevart på Romsdalsmuseet.   Les mer …
 
 
Kategoriar for Nordmøre
 
Andre artiklar