Ola Martin Longva (fødd på Moltustranda i Herøy kommune 22. august 1928) er tidlegare skulemann og lokalpolitikar. Han har vore rektor, skulesjef og varaordførar i Sykkylven på Sunnmøre.
Familien flytte i 1931 til Longva i Haram der Ola vaks opp. Faren var styrar på det lokale handelslaget, og ungguten fekk tidleg vere med å hjelpe til i forretninga og på garden heime. Under krigen søkte han seg inn på Volda landsgymnas for å sleppe utskriving til tysk arbeidsteneste. Etter at han var ferdig med gymnaset i 1949, vart det militærteneste. Seinare vart han forsyningsleiar i HV. Han gjekk så attende til handelsyrket. I 1950 vart han tilsett som 1. betjent ved Volda samyrkelag. I 1950/51 gjekk han handelsskulen på kveldstid. Hausten 1951 fekk han arbeid ved Norges Kooperative Landsforening sitt kontor i Ålesund, der han var i fire år. Les mer …
Marie Aase (fødd 1894, død 1991) var den første i Sykkylven som utdanna seg til sjukepleiar. Det skjedde i åra 1913-1914. Då var tuberkulosen framleis ein trugande sjukdom som tok mange liv også i Sykkylven. Mest utsette for sjukdomsangrep var familiar med store barneflokkar som levde i fattigslege og tronge kår. I utdanninga si spesialiserte ho seg på behandling av tuberkulosepasientar, og etter at ho kom tilbake til Sykkylven, virka ho i bygda som sjukesyster. Ei hovudoppgåve vart å hjelpe dei som var ramma av tuberkulose. På denne tida hadde den medisinske vitskapen nett gjort store framsteg. Kunnskap om korleis sjukdom oppstod og kunnskap om korleis han kunne behandlast, hadde erstatta overtru og meir eller mindre effektive kjerringråd. Tuberkulosen smitta mellom anna gjennom spytt. Dei gamle spyttebakkane var seigliva smitteberarar. Marie Aase var ei tidleg talskvinne for god hygiene og riktig matstell. På dette feltet var ho ein modernitetens faneberar i Sykkylven. Les mer …
Ikornnes sett frå lufta i 1953, til venstre er møbelfabrikken og hjørnesteinsbedrifta Ekornes. Foto: Ekornes fabrikker. Ikornnes er ei grend på sørvestsida av Sykkylvsfjorden i Sykkylven kommune. Denne sida vert gjerne kalla Sørestranda.
Fram til 1930-åra var kulturlandskapet heilt dominert av gardsbruk der det vart drive landbruk. Spreidde næringstiltak utanom landbruket var her heilt frå starten av det førre hundreåret. I 1904 kom Johan O. Erstad i gang med møbelfabrikk ved Ekornes-elva. Når Johan flytte frå Erstad til Ikornnes, var det fordi det var isfri hamn her og fordi han fekk tilførsel av stabil vasskraft frå elva.Heilt avgjerande for utviklinga av Ikornnes vart etableringa av J.E. Ekornes Fjærfabrikk i 1934. Jens E. Ekornes hadde vore både på Stranda og i Ørsta og arbeidd i møbelverksemder. I 1934 såg han at det var ein marknad for møbelfjører som han byrja å produsere i eit toetasjes trehus ved strandkanten på Ikornnes. Les mer …
Tomas Tandstad i 2008. Foto: Asgeir Tandstad
Tomas Tandstad (fødd 12. september 1912 i Straumgjerde, der han seinare budde, død 16. september 2013) arbeidde som møbelarbeidar og småbrukar, og var ein av Sykkylven sine fremste tradisjonsberarar.
Han måtte tidleg ta eit tak på garden heime på Tandstad, då faren, Petter, var sterkt redusert fysisk etter ein skade han fekk på Polson-campane i USA. Tomas var også med på forskjellig dagarbeid for andre, han var handlangar ved murarbeid og han var med på fiske i Borgundfjorden i to vintrar. Hausten 1930 byrja han ved AS Sykkylven kurvvarefabrikk, som kom i gang året før. Dei første tre månadane var introduksjonstid, og då måtte han arbeide gratis. I 1930 hadde verksemda nettopp byrja å tilverke overstoppa stolar. Tomas si oppgåve var å stoppe korgstolsete. Dei la stoppinga oppå ei finerplate. Ikkje lenge etterpå gjekk bedrifta over til å lage overstoppa og polerte lenestolar. Les mer …
Aure Teglverk er den eldste industribedrifta i Sykkylven og også mellom dei aller første industritiltaka på Sunnmøre. Aure Teglverk er først nemnt i skriftlege kjelder i 1814. Då søkte Nils L. Aure på Aurebøen og Lars Karl A. Aure i Kapralgarden dei andre oppsitjarane på Aure-garden om løyve til å vinne ut leire på den staden som framleis vert kalla «Verket». Seinare finn vi at teglverket i Jens Kraft sin Beskrivelse over Kongeriget Norge i 1832; «et maadelig drevet Teglverk paa Gaarden Overdal i Søkelven Sogn». Vi finn også verket att i amtmannen si femårsmelding for 1836-40. Han karakteriserte det som eit lite teglverk som årleg produserte om lag 3.000 takstein, 3.000 doble murstein og like mange enkle murstein. Steinen vart seld til Ålesund og andre stader i fogderiet. Les mer …
Carl Eliassen Tandstad (fødd 3. februar 1875 i Sykkylven, død 1938) var lærar, musikar og komponist frå Sykkylven. Han vart fødd i Johannesgarden på Tandstad, som son av Elias og Guri Tandstad. Carl E. Tandstad ville nytte dei rike evnene sine, og som ung reiste han til Volda der han gjennomførte mellomskulen. Volda-tida vart ei rik tid for han. Der fann han også kona si, Ida. Etter som åra gjekk, fekk dei ein stor barneflokk. I Volda kom han i lag med den vidgjetne spelemannen og komponisten Per Bolstad. Begge var, trass i unge år, framifrå felespelarar. Dei inspirerte kvarandre som musikarar og utvikla ein varm, livslang venskap. Les mer …
|