Telemark Husflidssentral blei skipa i 1930 etter opptak frå Telemark Husflid- og Husindustrilag. Forretninga låg i Liegata 2 i Skien.
Varer produsert for Telemark Husflidssentral. Foto: Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.
Telemark Husflidssentral blei oppretta for å skaffe avsetning for husflidvarer og på den måte fremje husflidarbeidet. Stat og fylke gav 5.000 kr i tilskot til forretninga, og einskilde kommunar i Telemark lova forskotsbetaling til produsentar for sentralen. Forskotsgarantien varierte frå 100 kr til 2.000 kr frå kvar kommune, til saman 10.000-11.000 kr. I tillegg gav Telemark Landbruksselskap eit tilskot på 500 kr. Det var ei føresetnad at ein skulle skaffe godt og ekte husflidarbeid til ein rimeleg pris. Les mer …
Falkumelvens Iskompani ble startet i 1875. Iskompaniet skar is på Falkumelva og oppbevarte isen i ishus som lå på Myren i Skien. Falkumelvens Iskompani ble etablert av brukseier Thorvald Schiøtt, stadsingeniør Richard Arnold og agent Robert Prizelius. Selskapet ble formelt registrert 21. januar 1875.
Før dette hadde Richard Arnold og Eduard Otto Jonassen inngått en avtale med Andreas Halvorsen Tvedten som var eier av Søndre Falkum i Eilert Sundts gate 40 om å leie elva langs gården. Leieprisen var 60 spesiedaler i året. Jonassen var allerede eier på begge sider av elven sør for Falkum-gården, og iskompaniet hadde derfor et stort område å hente isen fra.
Iskompaniet oppførte tre store ishus på Myren, i tillegg til et lagerhus på Gråten. Les mer …
Jens Erichstrup. Ukjent kunstnar Jens Erichstrup (fødd i Skien 10. november 1775, død i Stavanger 18. august 1826) var embetsmann, eidsvollsmann og stortingsrepresentant.
Han var fødd inn i ein handverkarfamilie. Foreldra var glasmeister Daniel Jensen Erichstrup og Dorothea Jonsdotter. Han fekk utdanning og tok i 1798 embetseksamen i juss på dansk (ikkje latin). Hans tenestemanns- og embetskarriere byrja med teneste i Rentekammeret i København, fyrst som kopist 1801-1803 og deretter som fullmektig. I 1810 vart han utnemnd til fut i Lister fogderi, så vidt ein kan sjå busett i Farsund. I 1818 fekk han same embetet i Larvik, og allereie året etter konstituert amtmann i Larvik amt. Han vart utnemnd til amtmann i Stavanger 16. april 1825, men døydde allereie året etter. Han var ugift. Les mer …
Doro Heyerdahl på skitur i Skjåk på 1930-talet. (Utsnitt). Foto: Ukjent. Doro (Dorothea) Heyerdahl (fødd på Voss 8. desember 1894, død i Oslo 25. april 1988) var folkeskule-, framhaldsskule- og folkehøgskulelærar. Den lengste samanhengande delen av si yrkesgjerning hadde ho ved Lom og Skjåk framhaldsskule, frå 1925 til ca. 1950, med mindre avbrot. Som det står i ei femtiårsomtale av henne, hadde ho i løpet av denne tida «hatt en stor del av ungdommen i Lom og Skjåk som sine elever». Og ho var ein svært avhalden lærar. Med bakgrunn frå universitet, lærarskule, folkehøgskule og ungdomslagsarbeid, og ved sitt elskelege og interesserte vesen, verka «ho Doro» utan tvil som ein sterk inspirasjon for mange av desse ungdomane.
Les mer …
|