Forside:Fyresdal kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Akershus • Buskerud • Innlandet • Oslo • Telemark • (Distrikt: Grenland • Aust-Telemark • Vest-Telemark) • Vestfold • Østfold
KOMMUNE: Bamble • Drangedal • Fyresdal • Hjartdal • Kragerø • Kviteseid • Midt-Telemark • Nissedal • Nome • Notodden • Porsgrunn • Seljord • Siljan • Skien • Tinn • Tokke • Vinje

Om Fyresdal kommune
0831 Fyresdal komm.png
Fyresdal kommune er ein kommune i Telemark fylke. Kommunen grensar mot Åmli, Bygland og Valle i Agder fylke, og mot Tokke, Kviteseid og Nissedal i Telemark. Høgaste punkt er Roan, 1 192 moh. Næringsvegane i kommunen er i all hovudsak skogbruk og jordbruk, i tillegg til vasskraftproduksjon. Fyresdal har mange gravhaugar og runesteinar frå vikingtida.

Namnet kjem av innsjønamnet Fyrir, det gamle namnet på Fyresvatn. Ordet fyrir er ein preposisjon som tyder det som ligg framanfor eller i vegen for ein. Dette gjorde vatnet då ein i folkevandringstida trengde seg oppover mot og inn i denne dalen utan farbare strender ein kunne ferdast langs.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Christian Frederik Michelet rundt 1860.
Christian Frederik Michelet (født 7. desember 1792 i Fyresdal, død 13. mai 1874Asak ved Halden) var generalmajor og kommandant på Fredriksten festning. Han hadde en lengre militær karriere, deltok i krigen i 1814, og holdt nesten på å delta på Danmarks side under begge de slesvigske krigene. Han var over lengre tid bosatt på Blaker skanse, og var første ordfører i Aurskog herred i åra 1837-1839. Christian Fredrik Michelet ble født på Moland prestegard i Fyresdal, og var sønn av sokneprest Johan Wilhelm Michelet og Sophie Amalie Tuchsen. Onkelen var generalmajor Jørgen Michelet (1742-1818). Broren Simon Themstrup Michelet (1793-1879) ble stiftamtskriver i Trondhjems stift.   Les mer …

John og Torbjørg Lie med born
Foto: ukjent fotograf

Torbjørg Lie, fødd i Fyresdal i 1855 og død 1924 i Kviteseid. Torbjørg var frå garden Rinden, gnr. 57 i Åslandsgrend. Foreldra var Jørund Bjørguvson Breiland (1802-1876) og Gunhild Olavsdtr. Øvretveit (1814-1881). Torbjørg var den yngste i ein syskenflokk på 7.

I 1882 vart Torbjørg gift med John Pederson N. Lie (1846-1916) frå Lie nedre, gnr 88/1 i Liegrend i Fyresdal og dei vart buande på Lie. Jon var lærar, diktar og gardmann. Eldste son deira var Håkon Lie (1884-1970) som vart skogforvaltar og forfattar, busett på Lillehammer.   Les mer …

Folsæ i 1923, då det vart landbruksskule her. Undervisnings- og internatbygningen Dovrehalli er under bygging.
Foto: Ukjend

Foldsæ i Hauggrend i Fyresdal kommune (gnr. 93) er ein gard med ei mangslungen soge. Fyrst rydda i sameigeskogen i grenda, så ved kjøp utvida til ein relativt stor gard. Deretter ein periode som fattiggard, vidare som landbruksskule, økosenter, steinerskule, omgjort til aksjeselskap og til slutt i privat eige att. Namnet på garden har vore skrive på mange ulike måtar, til dømes Folsæt og Folsæ, men i 2011 vert namnet på garden skrive Foldsæ. Det er lite vi kjenner til garden frå eldre tider. I skattelistene av år 1585 er det nemnd at garden låg øyde, der er heller ikkje førd opp brukar i skattelista av 1593. I ein matrikkelprotokoll frå 1665 står det mellom anna: «Folsiøe skylder 2 Tønder Mel., er god Skouff.»

I 1595 kom Oslobispen Jens Nilssøn på visitasferd framom Foldsæ. Han skriv ikkje om sjølve garden, men fortel om namnet Foldsæ i ulike samanhengar, namn på veg, bru, elv og vatn.   Les mer …

John Ånison Folsæth.

Jon Ånison Folsæ (Folseth) (1824-1882) var bonde og predikant. Foreldra var Åni Tarjeison Lønnegrav (1791-1857) frå Vrådal, gift 1814 med Torbjørg Jonsdotter Fjone (1785-1862) frå Nissedal. Åni hadde Naper i Vrådal og vert nemnd som Åni Naper.

Åni Tarjeison Naper kjøpte Folsæ Gnr. 93 i Hauggrend i 1830. Eine sonen Tarjei vart gift til ein gard i Randesund, Korsvig, ein annan son, Gunnar, tok over Naper og det vart difor til at Jon tok over garden Folsæ. Det var og to døtrer, Sigrid som vart gift på Bjåland i Lårdal og Birgit som vart gift på Lofthus i Fardal i Fyresdal.

Jon vart i 1865 gift med Olydia (Lydia) Arntsen (1824-1879) frå Alstahaug, husjomfru hjå prosten Teisner og dotter til sorenskrivar Arntsen. Ho var ei stille kristen kvinne som hadde stor tillit. Dei fekk ingen born. Heimen deira var ein veneheim som stod open for alle kristelege vener og alle som søkte hjelp og rettleiing.   Les mer …

Anders Jørgensen Veum
Foto: Ukjent
Anders Jørgensen Veum (fødd 1836 på Kvasjord i Fyresdal, død 1932 på Bekkelagshøgda i Aker) var utdanna lærar og telegrafist, men var særleg kjent for det allsidige samfunnsengasjementet sitt. Frå 1877 til 1883 representerte han Kristians amtStortinget. Veum flytta fleire gonger, og han gjorde seg gjeldande over alt kor han kom. Gjøvik, Lillestrøm og heimbygda Fyresdal er blant stadene Veum virka. Han var dessutan ein av Landmandsforbundets grunnleggjarar i 1896. Privatarkivet til Veum finst i Riksarkivet.   Les mer …

Brønnebalet frå Sagåa.
Foto: Olav Momrak-Haugan (2011)
Brønnebalet i Hauggrend, Fyresdal kommune, stod ved Sagåa, men vart flytta til Øyskogen. Å brønne er å gje ein hest eller storfe noko å drikke, i dette tilfelle vatn. Bal er ei eldre form av balje, altså eit kar til vatn eller anna flytande. Då Bandakslivegen vart bygd ferdig gjennom Hauggrend like etter år 1900, var hestetransport einerådande. Hesten var eit verdfullt hjelpemiddel som måtte takast godt vare på skulle den yte sitt beste. Mat kunne dei ha med under transport, men vatn måtte dei finne undervegs. Difor vart det på laglege stader ved bekkar eller elvar laga til vasskuper av ein eller annan slag med tilførsel av rennande vatn som hesten kunne drikke av. Folka nytta seg og av dette.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Fyresdal kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar