Hans Romundset ( 1904- 1992) var ein skreddar og spelemann frå garden Romundset («Hansgarden») på Skarsøya i Aure kommune på Nordmøre. Han var son av gardbrukar Hans Knutsen Romundset (f. 1873) og Elen Olsdatter (f. 1876)Hans byrja med felespel då han var i 10-14 års alderen. Ein viktig læremeister i denne tida var den eldre broren, Ola. Men for det meste var Hans sjølvlærd i felespeling. Hans og Ola spela mykje i lag, både privat og offentleg. Ofte var også systra Oline med på gitar. Hans fekk si eiga fele då han var 14-15 år gamal. Denne fela brukte han omtrent heile livet igjennom. Hans var særs aktiv som spelemann i 1930-åra og fram til han gifta seg med Ingrid Johansen frå Vesterålen i 1943. Då Hans var 23-24 år byrja han som skreddarlærling hjå Halvard Husby i Foldfjorden. Les mer …
Peder Hovdan (ukjent fotograf).
Peder Elenus Hovdan (fødd i Hemne i Sør-Trøndelag 28. mai 1874, død 9. november 1965) var lærar, målmann og kulturhistorikar. Han er mest kjend for å ha dokumentert utbreiinga av nynorsk skriftkultur på mest alle område i eit halvt hundreår fram mot 1950-åra. Han var fødd Sivertsen, men bytte i 1915 etternamn til Hovdan etter mora sitt fødenamn. Han var gift med lærerinna Jørgine Hovdan, fødd Oppebøen (1873-?), og dei fekk ein son og to døtrer.
Peder Hovdan tok eksamen ved Levanger lærarskule i 1896, og arbeidde som lærar på Vålerenga, Grønland og i Gamlebyen i Oslo 1899–1940. Les mer …
Sildball med kålrabi, gulrot, potet og flatbrød med smör. Ananasbrus attått. Foto: Olve Utne
Sildball (lokal uttale sillbaill), òg kalla sildeball somme plassar, er ein matrett som hovudsaklig blir bruka kring Ytre Nordmøre og Fosen, men som òg blir noko bruka elles i Midt-Noreg. Hovudingrediensane i sildball er sild (fersk sild eller spekesild), potet, løk og mjøl (oftast byggmjøl). Ingrediensane blir hakka eller ihopmolne til ein tjukk farse som så blir forma til kuler med ca 5–8 cm diameter og koka — ofte i lag med kålrabi og gulrøter — til dei flyt opp. Les mer …
|