John Jarnes (fødd 27. desember 1915, død 19. desember 2016) var møbelfabrikant i Sykkylven. Han vart fødd på garden Rongen, som son til Karl J. Jarnes. Karl dreiv gard og trevareproduksjon. Spesialiteten var produksjon av trapper. John vanka tidleg i verkstaden til faren, allereie frå 10-11-årsalderen var han med i produksjonen. Etter at han var konfirmert, arbeidde han for faren på heiltid. I 1936 vart han tilsett ved J.E. Ekornes Fjærfabrikk som den første i madrassproduksjonen. Jens E. Ekornes hadde to år tidlegare byrja å produsere metallfjører til møbelindustrien. Med slike fjører kunne ein også lage sengemadrasser. Dette vart starten på produksjonen av dei såkalla Svanemadrassene. Les mer …
Tomas Tandstad i 2008. Foto: Asgeir Tandstad
Tomas Tandstad (fødd 12. september 1912 i Straumgjerde, der han seinare budde, død 16. september 2013) arbeidde som møbelarbeidar og småbrukar, og var ein av Sykkylven sine fremste tradisjonsberarar.
Han måtte tidleg ta eit tak på garden heime på Tandstad, då faren, Petter, var sterkt redusert fysisk etter ein skade han fekk på Polson-campane i USA. Tomas var også med på forskjellig dagarbeid for andre, han var handlangar ved murarbeid og han var med på fiske i Borgundfjorden i to vintrar. Hausten 1930 byrja han ved AS Sykkylven kurvvarefabrikk, som kom i gang året før. Dei første tre månadane var introduksjonstid, og då måtte han arbeide gratis. I 1930 hadde verksemda nettopp byrja å tilverke overstoppa stolar. Tomas si oppgåve var å stoppe korgstolsete. Dei la stoppinga oppå ei finerplate. Ikkje lenge etterpå gjekk bedrifta over til å lage overstoppa og polerte lenestolar. Les mer …
Vestlandske Møbler i 1953. Vestlandske Møbler vart skipa i 1929 under namnet AS Sykkylven kurvvarefabrikk. Initiativtakarar var Fridtjof Fredriksen og bror hans, Asbjørn Fredriksen snr. Skipingsmøtet, som vart halde på romet til Fridtjof Fredriksen i Lied-huset på Aure i oktober 1929, samla ti personar, som alle teikna seg for aksjar. Fridtjof var på denne tida kontormann hos Ole T. Lied, som dreiv konfeksjonsfabrikken Fønix. Det var også i fabrikklokala til Lied at korgvareproduksjonen kom i gang seinhausten 1929.
Møbelfabrikken i Sykkylven vart på 1960-talet særleg kjend for stolen Siesta, som òg førte til internasjonalt gjennombrot. I 1997 vart bedrifta seld til Ekornnes. Les mer …
Stopping av puter hjå Hjelle i 1960-åra (ukjend fotograf). L.K. Hjelle er ein møbelfabrikk i Sykkylven. Bedrifta vart skipa i 1940 av Lars K. Hjelle og svograne hans, Arne Welle og Petter Furseth. Første tida var bedrifta spreidd over seks forskjellige kjellarlokale i Sykkylven, men i 1942 bygde dei fabrikk på Vikøyra. Då var talet på tilsette kome opp i 16. Første byggesteget var på ei høgd, men fram til 1947 var bygget utvida til å omfatte tre høgder. Bedrifta hadde då kapasitet til å ta seg av treverkproduksjonen sjølv. Les mer …
Ikornnes sett frå lufta i 1953, til venstre er møbelfabrikken og hjørnesteinsbedrifta Ekornes. Foto: Ekornes fabrikker
Ekornes ASA er ein møbelprodusent med hovudkontor på Ikornnes i Sykkylven. Selskapet er mest kjent for varemerka Stressless og Svane, og er Skandinavias største møbelprodusent. Jens E. Ekornes starta bedrifta i 1934 under namnet J.E. Ekornes Fjærfabrikk.Det fyrste produktet som Ekornnes satsa på, var spiralfjører av metall til stoppmøbelbedrifter. Tidlegare var det Oslobaserte bedrifter som hadde vore einerådande på denne marknaden. For møbelprodusentane på Sunnmøre var det praktisk å få ein fjørleverandør i nærmiljøet.
Når bedrifta hadde tilgang på spiralfjører, var det nærliggande å byrje med produksjon av madrassar. Allereie året etter oppstarten var Jens Ekornes i gang med å lage madrassar under varemerket Svane. Den første madrassen vart vist under ei varemesse i Ålesund i 1935. Les mer …
|