Dalan (dial. ["dɑɽaɲ:] ( nominativ/akkusativ), ["dɑɽɔ] ( dativ)), oftast skrive som Dalen i offisiell samanheng, er eit småbruk under matrikkelgarden Hals ved Sålåsundet i Aure kommune på Nordmøre. Bruket vart bygsla den 27. desember 1847, og den 8. september 1866 vart plassen frådelt b.nr. 6 (Søstua) som sjølveigande bruk. Bruket ligg mellom Ekkerbekkjen (Ekrebekken) i sør og Kvennabekkjen eller Sagelva i nord. Namnet Dalan kjem av dei mange dalane som var her føre innmarka vart planert i 1970-åra. Dalane er framleis der i utmarka. Det er funne fleire hundre flintavslag i Dalan. Truleg har det vore flintverkstad her ein gong kring yngre steinalder. Det vart òg funne restar av ei jarnmile under pløying. Det seiest at det var oppgangssag ved Sagelva i hollendartida. Seinare vart det sett opp kvennhus òg, og Sagelva skifta namn til Kvennabekken. Bekken blir òg stundom kalla Slettabekkjen. Både kvennhuset og saga vart rivne kring 1870. Tradisjonen seier at det første huset i Dalan var det som no er kjellaren på gammalhuset, og så vart tømmerkassen sett oppå seinare. Kjellaren hadde doble murar av naturstein i langveggene. I atterveggen var det ei luke som vart bruka til å ta inn potetane. Framveggen, med døra midt på, var lett. Det var ei stor grue i kjellaren. Etter at tømmerkassen vart sett opp vart grua bruka til flatbrødbakst på baksthelle og korntørking i gryte. Les mer …
Grava til sokneprest Peter Thams Buschmann. Foto: Olve Utne.
Peder Thams Buschmann (fødd 6. desember 1762 på Nesna, død 6. april 1845 på Aure) var sokneprest i Ulstein prestegjeld i perioden 1798-1822 og i Aure prestegjeld i perioden 1822–1845. Han var fødd i Nesna, der faren Augustinus Buschmann var sokneprest. Mor hans var Anna Barbara Thams.
Peder Thams Buschmann fekk teologisk eksamen i 1787, og same året vart han personleg kapellan hos faren, som då var sokneprest i Frosta prestegjeld. I 1798 vart han utnemnt som sokneprest i Ulstein prestegjeld på Sunnmøre, og i perioden 1818-1823 var han også prost på Sunnmøre. I 1822 vart han utnemnd som sokneprest i Aure på Nordmøre. Her døydde han i 1845.
Peder Thams Buschmann vart i 1798 gift med Elen Johanne Buschmann (1777-1806). Paret fekk tre born. Etter at kona hans døydde i 1806, vart han året etter gift med Christine Schreuder (1780-1810), dotter til sokneprest i Vanylven prestegjeld, Peder Schreuder. I dette ekteskapet fekk Thams Buschmann to barn. Han gifta seg for tredje gongen i 1811 med Barbro Henrika Wind. Les mer …
|