Frå møte i Den skandinaviske tannlegeforening 1886. Alle dei fire tannlegesyskena Bræck og Bræck Aurlie er med her. Lina sitjande som nr. 3 frå venstre. Ståande: Syver nr. 3 frå venstre, Gudbrand Julius nr. 6, Hans nr. 9. For komplett namneliste: Klikk på biletet og vidare til kjelda. Foto: Ukjent.
Lina Breck (fødd i Skjåk 5. april 1858, død i Oslo 14. desember 1948) var tannlege. Lengste praksisen sin hadde ho i Drammen. Ho var ein pioner som kvinneleg utøvar av dette yrket, som framleis var nokså nytt i landet som offentleg autorisert profesjon. Da Breck tok tannlegeeksamen i 1883, var ho den fjerde kvinna i Noreg som hadde gjort det. Hennar val av yrke er ikkje minst slåande med tanke på at ho var ei jente frå ein vanleg bondefamilie i ei noko avsidesliggjande fjellbygd. Lina var forresten ikkje den einaste i syskenflokken som etter tid og omstende gjorde utradisjonelle livsval. Ikkje mindre enn tre av brørne var som henne tannlegar. Les mer …
Lesja kyrkje er hovudkyrkje i Lesja prestegjeld og ligg på ein haug sentralt i bygda. Kyrkja vart bygd på denne staden i åra 1748-49 og vigsla 20. juni 1750. Ho fekk da namnet Betel. Den eldre hovudkyrkja var truleg ei stavkyrkje som låg nokre hundre meter nedafor nåverande kyrkjetomt, ned mot Lesjavatnet. Kyrkje er soknekyrkja for Lesja sokn, og var tidlegare hovudkyrkje i Lesje prestegjeld.
Det kan ha vore ein førkristen kultstad i området her, for Prestgarden ligg like nedafor den noverande kyrkja og like nord (vest) for den gamle kyrkjestaden.
Byggmeister for den nye kyrkja var Ola Fredriksson frå Nistugu Sør-Hole i Lesja (ca 1711-1769), og ho vart dekorert av den landskjende treskjeraren Jakob Bersveinsson Klukkstad opphavleg frå Lom. Han kom til Lesja for å skjere preikestol kring 1742, og er rekna som den som skapte den nye akantusskurden i Gudbrandsdalen. Prekestolen var han ferdig med i 1745. Betalinga var 40 riksdalar. Samstundes starta bygginga av den nye kyrkja, og Jakob fekk oppdraget med å skjere altartavla. Den var han neppe ferdig med før nokre år etter kyrkja var vigsla – han fekk i alle fall ikkje betalinga, 35 dalar, før i 1766. Jakob skar også korskiljedekorasjonane i kyrkja. Les mer …
Hytta ved Pollvatnet. Hildur og Jo Turtumøygard sitjande til høgre.
Jo Turtumøygard (fødd i Lom 18. mars 1898, død same stad 5. januar 1984) var lærar. Han hadde mangfelte interesser, og var aktiv på mange måtar innan kulturliv, organisasjonsarbeid og generelt samfunnsengasjement. Ikkje minst er han kjend som ein forkjempar for lokalt kulturvern. Særleg arbeidet i Lom heimbygdslag og bygdemuseet opptok han sterkt i seinare år. Han har mykje av æra for at heimen til Tor Jonsson vart teke vare på og gjort til museum. Turtumøygard var ein nær ven av den ein god del yngre diktaren.
Les mer …
Ola O. Skjaak i Brekk. Fotograf ukjent
Ola O. Skjaak (fødd i Skjåk 29. oktober 1836, død same stad 15. september 1921) var gardbrukar, lokalpolitikar og norskdomsforkjempar. Han var ordførar i Skjåk i to periodar ( Venstre). Han var fødd på Uppigard Skjåk, men vart med ekteskapet gardbrukar i Øvre Brekk, og blir derfor ofte omtala som Ola Skjåk i Brekk. Namnet hans blir skrive i mange variantar, og det er ikkje heilt på det reine kva han sjølv føretrekte. Ein del etterkomarar nyttar etternamnet Skjaak Bræk. Les mer …
Martinus Høgåsen ved skrivebordet i familiens heim Grindstugu i Vågå, tidleg på 1960-talet. Biletet er teke av Ole Arnfinn Torgersrud. Høgåsen og Torgersrud stod i spissen for arbeidarmållaget. Gudbrandsdal Arbeidarmållag var ein nynorsksamskipnad knytt til arbeidarrørsla i Gudbrandsdalen, og vart skipa i 1955. Laget gav i 1961 ut eit hefte med tittelen Foraktet av de store, men elsket av de små. Der er journalisten og forfattaren Ole Arnfinn Torgersrud frå Gausdal nemnd som formann for laget. Hovudinnhaldet i heftet er elles eit kåseri av Ola Martinus Høgåsen om arbeidarrørsla og målsaka. Høgåsen var venteleg ei hovuddrivkraft i arbeidarmållaget saman med Torgersrud.
I heftet er det attgjeve eit opprop spesielt retta til arbeidsfolk i Gudbrandsdalen om å slutte opp om nynorsken. Av 23 underskrivne står tidlegare kyrkje- og undervisningsminister Lars Moen fremst. Rektor ved Gudbrandsdal offentlege landsgymnas Agvald Gjelsvik er likeins blant underskrivarane, og elles består lista av ordførarar og andre knytta til arbeidarrørsla i bygdene i Gudbrandsdalen. Les mer …
|