Utsikt frå Heggjabottsetra i Billingsdalen i Skjåkålmenninga. Det viser mange sider ved ressursar og verksemd i ålmenninga: seterbruk, høgfjell, produktiv furuskog. I dalbotnen lengst borte kan skimtast tre småbruk i Brumillomsgrenda. I dalbotnen nærast: Heggjabottvatnet, som er ei utviding av Otta-elva. Vatnet vart oppdemt som del av kraftutbygginga i Øvre Otta 2002-2005. Foto: Hans P. Hosar. Skjåk Almennings historie kan delast inn i fem hovudbolkar:
1. Tida fram til 1726, da kongen selde eigedomen til private. Før 1726 kan ein definere Skjåk-ålmenninga som statsålmenning.
2. Perioden 1726-1798, da eigedomen var privatålmenning ått av enkeltpersonar som dreiv ålmenninga med kommersielt føremål.
3. Tida 1798-1930. Skjåk Almenning vart bygdeålmenning da gardbrukarane i fellesskap kjøpte eigedomen i 1798. Fram til 1930 var lite og ingenting av salshogsten foredla innanbygds. Avhending ut over det som gjekk til bruksretten, galdt mest rundtømmer.
4. Tida 1930-1995. I 1930 sette ålmenninga i gang eit større foredlingsanlegg ved Bismo, med sagbruk og høvleri. Frå da av har foredlinga av tømmeret i all hovudsak foregått der.
5. Året 1995 kan brukast som periodeskilje fordi bruksretts- og eigarinteressene det året kom fram til ei ordning som båe partar har funne seg til rette med. Elles har det både før og etter 1995 gradvis skjedd ei vektforskyving i verksemda frå tømmer og trelast til andre type utmarksnæringar.
Les mer …
Mathias P. Lien Foto: sjølvportrett
Mathias P. Lien (fødd 24. april 1872 i Sy Lie på Lesjaskogen, død 26. august 1899) i Minneapolis, Minnesota) var fotograf.
Han starta som bygdefotograf på Lesjaskogen tidleg, kanskje rett etter han var konfirmert, for det er funne eit foto etter han som må vere teke kring 1885-86. Før han byrja i fotograflære gjekk Mathias Lien i snikkarlære i fire år. Han gjekk så i lære hos fotograf Lars Nilsen Sødahl på Veblungsnes i to år før han starta for seg sjølv. I 1897 emigrerte han til Nord-Amerika og etablerte seg som fotograf i Minnesota, men der døydde han berre to år seinare av blodforgifting etter å ha skore seg under barbering. Les mer …
Kvinnelista publisert i Lillehammer-avisa Dagningen 27. september 1928.
Kvinnelista i Skjåk 1928. Til kommunevalet i Skjåk hovudsokn i 1928 vart det stilt ei eiga, rein kvinneliste. Den kom i tillegg til to partipolitiske alternativ, nemleg Bondepartiets liste og «Småbrukernes og arbeidernes liste», som var ei samlingsliste for Venstre/Radikale Folkeparti og Arbeidarpartiet. På båe desse var det oppført berre menn.
Kandidatane på kvinnelista var Guro Tråstad, Tora Bræk, Torø Hørven, Tea Kummen, Live Moen og Ragna Viken Når ein går nærare inn på kven kvar einskild av dei var og kva bakgrunn dei hadde, blir det openbert at dei representerte eit kvinnealternativ på tvers av partipolitiske og sosiale skiljeliner i bygda.Ved valet fekk kvinnelista ei einaste stemme, og den vart forkasta. Dei som stod på lista hadde altså ikkje ein gong røysta på seg sjølve. Ein kunne såleis bli frista til å tolke tiltaket som ein spøk. Les mer …
|