Forkynnaren Hans Nielsen Hauge var på vitjing i Hemne to gonger: i 1802 og 1803. Under desse opphalda dreiv han både med forkynning og praktisk arbeid. Mange av hemnværingane slutta seg til haugianismen som eit resultat av desse vitjingane. Det er opphaldet i 1802 vi veit mest om. I april månad kom Hauge gåande over fjellet frå Lensvik ned til Snillfjord. Her tok han inn på garden Snilldal. Ein preikesundag tala han med og forkynte for folket som hadde samla seg på kyrkjebakken etter at gudstenesta var over. Mange vart gripne av preika hans. Men det var òg dei som spotta, eller dei ergra seg over at ein ulærd bonde gav seg til å lære folket frå Bibelen. Les mer …
Bautaen av lys stein er kring 1,8 m høg. Foto: Olve Utne
Gravrøysa med bauta på grensa mellom bnr. 1 og bnr. 240 (utskilt i seinare tid frå bnr. 4) av Leira i Aure kommune på Nordmøre ligg på eit høgdedrag rett innom Leirsundet. Røysa, som trulig ligg rett på berget, er ei ovalrøys på kring 10×5 meter med høgd på kring 0,4–0,5 m. Bautaen, som står i midtpartiet, er av lys stein og er kring 1,7 m høg. Gravrøysa har vore overgrodd av tre i fleire tiår. Les mer …
Arnt Olsson Semundset (ca. 1770-1822) var fødd på garden Hestnes i Valsøyfjorden i Aure prestegjeld kring 1770. I folketeljinga i 1801 finn ein han på garden Våg i Aure i same prestegjeldet, og same året gifta han seg med Inger Jonsdtr. Våg (d. 1802). Ekteparet fekk ei dotter, men mora døydde like etter fødselen, 21 år gammal. Arnt Olsson gifte seg på nytt i 1804 med Gjertrud Hansdtr. Ormset, men ho døydde allereie i 1810. Ekteparet hadde ikkje born. På dette tidspunktet hadde Arnt Olsson fått skøyte på eit av dei to bruka på Semundset som faren hadde kjøpt kring 1780. I 1811 gifta Arnt Olsson seg for tredje gong, no med Gjertrud Arntsdtr. Melland. Då Arnt Olsson døydde i 1822, hadde dei fire born saman. Våren 1814 var Arnt Olsson valmann for Aure prestegjeld. På dette tidspunktet var han også medhjelpar til presten i Aure. I samband med utskrivinga av sølvskatten i 1816 sat han i den lokale likningskommisjonen, og han var også medlem av bygdekommisjonen i åra kring 1820. Les mer …
MB «Safir» her på veg inn på Ålesund hamn.
MB «Safir» M-44-B bygd ved Vik Båtbyggeri i 1947 for Peter J. Hessen m.fl. Heissa pr. Ålesund. Frå 1968 vart Borgund kommune innlemma i Ålesund kommune og båten vart registrert M-44-A.
Dette er ein av fleire båtar i denne størrelsen som var bygde rundt midt på 1940 talet. Denne har vore registrert i fleire kommuner og fylker, sjå avsnitt om andre eigarar. Hausten 2011 kom den attende til Sunnmør, den er no ute av Fortegnelse over Merkepliktige Norske Fiskefarkoster
I fiskeriregisteret 1950 står desse spesifikasjonane. Mkr. Safir, Mkr står for motorkryssar. Brukast til, fk som står for kystfiske. Lengde er 34,3 fot, breidde 11,3 fot, djupte 5,1 fot. Motor Volda 22 hk. Den er bygd på doblingspant slik den vanlege byggemåten på Vik var. Les mer …
|