Erkebispegarden var lensherresete frå kring 1556 til overgangen til amt i 1662. Foto: Olve Utne Trondheims len, òg kalla Trondhjems len, og i ein periode frå 1530-åra til 1550-åra Steinvikholms len, var eit av fire hovudlen i Noreg som vart oppretta i 1503, og det bestod som len med ymse grensejusteringar fram til lenssystemet vart avvikla og erstatta med amt i 1662. Administrasjonsstaden for hovudlenet var for det meste byen Nidaros, seinare kalla Trondheim og Trondhjem. Kjerna i hovudlenet var sjølve slottslenet, og i tillegg fanst det eit varierande antal smålen som underlen. Lensherrens residens ble kalt Kongsgaarden eller Trondhjemsgaard.
Smålena vart ofte samanslegne i ulike, meir eller mindre kortvarige konstellasjonar, men etter kvart vart smålena tekne inn i sjølve slottslenet, slik at dette dekte heile Trøndelag, Namdalen og Nordmøre midt på 1600-talet. Les mer …
|