Forside:Tokke kommune

Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Akershus • Buskerud • Innlandet • Oslo • Telemark • (Distrikt: Grenland • Aust-Telemark • Vest-Telemark) • Vestfold • Østfold
KOMMUNE: Bamble • Drangedal • Fyresdal • Hjartdal • Kragerø • Kviteseid • Midt-Telemark • Nissedal • Nome • Notodden • Porsgrunn • Seljord • Siljan • Skien • Tinn • Tokke • Vinje

Om Tokke kommune
0831 Fyresdal komm.png
Tokke kommune i Telemark fylke ligg i enden av Telemarkskanalen, vest i fylket, og grensar til kommunane Vinje, Kviteseid kommune, Seljord, Fyresdal, Valle og Bykle. Høgaste punkt er Urdenosi, 1520 moh.Tokke har lange tradisjonar med eksport av brynestein heilt tilbake til vikingtida. Bygda er frå gammalt av eit bjørneområde, og derfor har kommunevåpenet bilete av ein bjørn. Gruvedrift vart drive på Åmdals Verk fram til 1945. Gruvedrift i området starta allereie i 1540, og gjekk føre seg i over 400 år. Koppermalmleia på Åmdals Verk vart funne i 1689. Tokke er ein kommune med store vasskraftressursar. I Eidsborg ligg ein av Vest-Telemark museum sine avdelingar der ein mellom anna finn den vakre Eidsborg stavkyrkje.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Bjørn Kleppo frå Eidsborg i Tokke.
Foto: Vest-Telemark Museum
Bjørn Kleppo (1894 – 1976) er kjent som «den moderne knivmakars far». Og det med rette, for Bjørn har ei særleg ære for å ha gjeve skap og lag på staskniven, eller bunadkniven, slik me kjenner den i dag. Stasknivar laga han mange av og desse er spreidde over heile landet. Den som eig ein slik omfram gild kniv, har noko særs verdifullt i sitt eige. Ei samling av stasknivar utan ein Kleppokniv er ikkje ei heil samling.

Bjørn, eller Bjønn som han heitte lokalt, var fødd den 22.januar 1894 på garden Kleppo i grenda Eidsborg i det som i dag er Tokke kommune. Der voks han opp, arbeidde og levde all si tid heilt til han vart gamal og ufrisk. Då måtte han ned på Helseheimen på Dalen, der han døydde den 7. april 1976.

Skulle det vera liv laga i dei tider og skulle ein greie seg på ein liten gard i Vest-Telemark, måtte ein vera nøysam og sjølvhjelpen. Folk på slike plassar var nok vanlegvis utan formell utdanning, men mange kunne vera overmåte kunnskapsrike og visste å snu seg.

Bjørn Kleppo var ein bygdekunstnar og eit universalgeni heilt utanom det vanlege. Det er mest ikkje til å tru kva han klarte å få til med små ressursar. I alle fall var han særdeles hendig og hadde eit godt hovud. Han var treskjerar, smed, knivmakar, sylvsmed, våpenmakar og urmakar. På sitt beste, var dette arbeid av høgaste kvalitet. Bjørn ætta både frå smedar og sylvsmedar så han hadde det i seg, og då vekse opp i eit godt miljø for handverk, - ja, då låg alt til rette for kva det skulle bli av guten.   Les mer …

Frå fesjået på Mogen truleg kring 1890.
Fesjået på Mogen blei arrangert i Høydalsmo i Tokke kommune frå 1876. Fesjået blei avvikla på midten av 1950-talet, medan handelsmøtet heldt fram til omlag 1966. Dei som skulle handle med kyr, kom frå Dalen på sundagen, og overnatta i Høydalsmo til måndagen. Måndagskvelden reiste dei vidare til Seljord. Domarane hadde vindjakker og hatt eller luve med blank skjerm og høge støvlar. Det blei også heldt foredrag om avl og stell for å få fram dei beste dyra. Spenninga var alltid stor då "bolagoksen" kom for å bli stilt ut. Langs vegane blei det sett opp sjapper. Stokkar blei slått ned i jorda og tekt med sinktak og honveggar. Kokomnar blei fyra opp for å halde varme i kjøtsuppa som kjeringane hadde med seg. Suppa blei solgt for ei krone tallerken, medan kaffen kosta 25 øre. Mange av dei som budde i sentrum, solgte også mat og drikke heime i husa.   Les mer …

Annonsa til Råmunddal Møbelfabrikk frå 1950-talet.
Foto: Vegviser for Lårdal og Mo herad, Skien, 1950.

Råmunddal Møbelfabrikk vart skipa i 1936 i nedre Lårdal, i dåverande Lårdal kommune, i dag Tokke kommune. Det var Sveinung Gunnarson Råmunddal (f. 30.4.1907) som eigde og dreiv fabrikken, og den sysselsette ei tid seks-sju mann.

Til å byrje med leigde Råmunddal den gamle dampturkebygningen til Lårdal Fabrikker som på denne tida vart drive av Olav Sandåker. I 1942 bygde han privathus på ei leigetomt frå prestegarden. I 1952 fekk han også leigetomt til møbelfabrikken, og bygde verkstad, kontor og lagerbygning i 1956.

Møbelfabrikken dreiv produksjon av mange typar møblar, men særleg småmøblar, stolar og bord. Fabrikken låg lagleg til ved Lårdal brygge, og fekk slik god tilgang på bjørketømmer frå skogeigarane langs Bandakskanalen.   Les mer …

Eidsborg stavkirke i januar 2013.
Foto: Siri Johannessen
(2013)

Eidsborg stavkirke er en stavkirke i Tokke i Telemark. Kirken i Eidsborg er enskipet og blant de minste i landet. Selve stavkirken er et rom på ca. 30 kvm. Den er 6,9 m. fra grunnmur til øverst i mønet.

I motsetning til laftebygninger med horisontale stokker over hverandre, er tømmeret stilt på høgkant. De store stokkene i hvert hjørne kalles staver. Øverst og nederst er disse bundet sammen ved rammeverk, som taket hviler på. I Eidsborg mangler bunnrammen så veggplankene (tilene) hviler direkte på grunnmuren. Veggplankene har not og fjær som i moderne panel.

Kirken er datert til midten av 1200-tallet. Den ble delvis ombygd på 1800-tallet og 1900-tallet. Den er en pilegrimskirke, eller vakekirke, idet den ligger langs Pilegrimsvegen til Røldal.   Les mer …

Truleg har Peder her fotografert kona si.
Foto: Peder B. Frøysnes
(ukjend)
Peder Bårdsen Frøysnes (født 20. desember 1859 på Sandtveit i Hægeland, død 1. desember 1928) var omreisande fotograf. Bilete finst i Gamle Bergen Museum og på SetesdalsmuseetRysstad, sjå Knut Jonsson Heddis samling, truleg også andre stader.

Peder vart fødd på den vesle garden Vintermyran under Sandtveit i Hægeland (Vest-Agder), og foreldra Anne Katrine Ånonsdotter (f. Tjomsås, 1830–1891) og Bård Simonson (1824–1891) let guten døype 15. januar 1860. Han var den sjette av ein syskjenflokk på ni, fire brør og fem systre. Faren arbeidde som «lastehugger» og åtte den vesle garden. Han sette upp huset dei budde i, og dei hadde tre sauer. Ein gong mellom folketeljinga 1865 og 1869 vart bruket seld for 30 spd., og familien tok med hus og alt til Frøysneset. Der fortel folketeljinga 1875 at faren arbeidde som «fyrbøder ved dampskibet i Sætersdalen» ved sida av at han var husmann. I 1875 hadde Peder allereie reist heimanfrå.

6. juli 1893 vigde han med Gyro (skrive som Guro i folketeljingane), dotter til Torbjørg Olsdotter Helle (1842–1885) og Olav Bjørnson Uppstad (1834–1890) i Valle prestegjeld. Ho kom frå husmannsplassen Mo nede ved Otra i Hylestad (Setesdal). Peder er «fotografist, f.t. Kvæstad» i Valle. Frå Setesdal reiste dei over fjellet til Dalen, der han arbeidde som fotograf.

I folketeljinga 1900 bur han, Gyro og tri ungar på Tønsberg i Mo i Telemark, som no er ein del av Tokke kommune. Her budde familien frå 1898 til 1905. Ti år seinare er dei busett på Nystad i Mo, og kalla «Hyttebyen». Pe(r)der er «Husmand Veivogter» medan Guro tek seg av huset og driv kaffihandel. Seks ungar he dei fengje, yngstedottera Selma er berre 9 månader då teljinga fann stad.   Les mer …

Hovudbygningen på Grinder. Halvor var 13 år gammal da denne bygningen stod ferdig.
Foto: Ukjent.
Halvor Arntzen (fødd i Grue i Solør 27. september 1756, død i Christiania 19. oktober 1832) var utdanna teolog. Han var kapellan fleire stader før han vart sokneprest, fyrst i Lårdal så i Lom.

Foreldra var proprietær og krigsråd Ole Arntzen (1731-1811) på storgarden Grinder i Grue og hans fyrste kone Karen Pedersdotter Vøyen (1733-1769). Båe foreldra kom frå bondefamiliar, men Ole Arntzens krigsrådstittel vitnar om at dei sjølve hadde avansert sosialt til kondisjonert stand.

Halvor hadde 11 sysken som voks opp, og fem halvsysken frå farens andre ekteskap med Marthe Hansdotter Gjerdrum. Syskenflokken, iallfall gutane, fekk uvanleg god utdanning. Foreldra heldt huslærarar som gav dei grunnutdanninga. To av brørne/halvbrørne til Halvor vart teologar som han sjølv, fem vart juristar, ein filolog og tre offiserar. Ein av halvbrørne var høgsterettsassesor, stortingsmann og statsråd Andreas Gjerdrum Arntzen.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Tokke kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar