Forside:Valdres

Sideversjon per 21. feb. 2010 kl. 17:41 av Dena Utne (samtale | bidrag) (Erstatter sida med «{{Distriktsmal| |Flertall(er/ar) = er }}»)

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Østfold • Akershus • Oslo • Hedmark • Oppland • Buskerud • Vestfold • Telemark
Hadeland • Land • Gjøvik og Toten • Gudbrandsdalen • Valdres
Etnedal • Sør-Aurdal • Nord-Aurdal • Øystre Slidre • Vestre Slidre • Vang

Om Valdres
Kart over Valdres, med den historiske vandreruta Stølsrute teikna inn.

Valdres er eit landskap i Oppland, med kommunane Nord-Aurdal, Sør-Aurdal, Øystre Slidre, Vestre Slidre, Vang og Etnedal.Dalføret femner størstedelen av nedbørsområdet for Begnavassdraget nord for Sperillen og den øvre delen av Etnedal landskapsområde med kringliggande fjellstrok. I sør finn ein Begnadalen og Hedalen. I nord er Valdresflye ein del av Jotunheimen. Valdres reknast med til Austlandet, men er òg eit grenseområde til Vestlandet. Den eldste busetninga i dalen kom vestfrå, og Valdres var lenge under Gulatingslagen. I 1153 vart dalen ein del av Stavanger bispedøme.

Den største tettstaden, og den einaste mer over 1000 innbyggjarar er Fagernes i Nord-Aurdal. Fagernes som fekk bystatus i 2007 og har drygt 1900 innbyggjarar (2018). Andre tettstader, med folketal per 2018 i parentes, er: Leira i Nord-Aurdal (873), Bagn i Sør-Aurdal (668), Aurdal i Nord-Aurdal (681), Beitostølen i Øystre Slidre (349), Slidre i Vestre Slidre (346), Røn i Vestre Slidre (283), Heggenes i Øystre Slidre (283), Moane i Øystre Slidre (230) og Bruflat i Etnedal (248).

E16 og fylkesveg 51 går gjennom Valdres. Det er bussamband frå fleire stader i dalen til Oslo, Bergen, Gjøvik og Gol. Valdresbanen gjekk til Fagernes, og vart nedlagd i 1989. Fagernes lufthamn, Leirin var den høgast liggande flyplassen i Nord-Europa, på 822 moh. Den hadde daglege avgonger til Oslo lufthavn, Gardermoen. Lufthamna vart opna i 1987, og nedlagd i 2018.   Les mer ...

 
Smakebiter fra artikler
Kart over Vassfaret frå ca. 1840, teikna av kaptein Lund.
Foto: Statens kartverk

Vassfaret er eit område mellom Valdres og Hallingdal. Vassfaret er i dag eit populært friluftsområde. Ein viktig grunn til det er Mikkjel Fønhus sine naturskildringar, der han ofte henta inspirasjon frå Vassfaret og Vidalen. Vassfarstammen av brunbjørn vert rekna som den siste heilnorske brunbjørnstammen. Tidleg i 1980-åra vart han erklært som utdødd, men det har vore bjørn der òg i seinare år. Ulven vart tidleg utrydda i området, men det er jerv og gaupe der. I 1906 døydde den tretten år gamle Johan Sagadalen av skadane han fekk då han gjekk på ein brunbjørn. Ved Blåfjellhaugane står det ei minneplate som fortel om denne hendinga. Det er ellers eit rikt dyreliv, med mellom anna rev, grevling, rådyr, hare, mårdyr og gnagarar.

  Les mer …

Hauk Abel fotografert ca. 1920.
Foto: Jens Carl Frederik Hilfling-Rasmussen/Oslo Museum
Hauk Erlendson Aabel (født 21. april 1869 i Førde, død 12. desember 1961 i Oslo) var skuespiller, mest kjent i samtiden som karakterkomiker, hovedsakelig tilknyttet Nationaltheatret, men han var også med i flere filmer. Hauk Aabel var født i Førde, hvor faren var distriktslege. I 1876 flyttet familien til Nord-Aurdal i Valdres, da faren fikk legestilling der. I første halvdel av 1880-tallet var Aabel elev ved Latinskolen i Drammen, hvor moren kom fra, mens resten av familien fortsatt bodde i Valdres. Aabel gjennomgikk Krigsskolens nederste avdeling, og ble sekondløytnant 1892. Han begynte å studere jus, men avbrøt studiene for å bli skuespiller. Hauk Aabel debuterte på Christiania Theater i 1897 som seminarist Pedersen i Hulda Garborgs Rationelt Fjøsstel. Han ble fast ansatt der i 1898.   Les mer …

Johan-Henrik Eltun Kvam
Johan-Henrik Eltun Kvam (fødd 10. april 1850, død 6. november 1948) var spelemann og gardbrukar på nordre Kvam i Vang i Valdres. Kvam tok til å spela fele då han var 10-11 år. Han brukte då fela åt far sin, Trond Eltun på søre Øye. Då han var 21 år, fekk han seg ei Telemarks-fele, som han gav kr. 30 for. Han kjøpte ho av ein Oslo-mann. Ho var laga av Johan Ellefsson Steintjønndalen, Bø i Telemark. Det var ei retteleg god fele. Far hans, han Trond, fekk ho då han fór til Amerika 1876. Men då kjøpte Johan-Henrik seg att ei ny Telemarks-fele, som Knut Helland hadde laga. Johan-Henrik lærde fyrst og fremst felespel av far sin. Men han lærde og av mange bygdespelemenn, såleis av Ola Strand på Søyne, Krosshaug-sønene Lars og Andris og av Rengjistadane o.a.   Les mer …

Knut Fugllien
Foto: Fra Totens bygdebok (1953)
Knut Fugllien (født 24. september 1876 i Nord-Aurdal, død 7. mai 1940 i Fall) var underoffiser og lærer i Østre Toten. Fugllien underviste ved skolene Stange, Hoffsvangen og Nordli. Som (pensjonert) løytnant møtte han til moblisering etter angrepet på Norge 9. april 1940, men ble fire uker seinere skutt av tyske vakttropper.   Les mer …

Aars har vore både KrF-politikar og lokalhistorikar. Med boka om Oppland KrF kombinerte han desse interessene.
Foto: Ingvar Skattebu (2010)
Ivar Aars (fødd 20. september 1932 i Oslo) er filolog og pensjonert skolemann. Aars vart i 1964 tilsett ved Valdres gymnas (seinare en del av Valdres vidaregåande skule) som lektor og arbeidde der til han gikk av med pensjon. Frå 1983 var han undervisningsinspektør. Han har òg vore engasjert i politisk arbeid (KrF), speidarrørsla og lokalhistorie i Valdres-bygdene. Aars er busett på Leira i Nord-Aurdal. Han har sidan 1963 vore gift med Ingrid Ødegaard frå Aurdal.   Les mer …

Nordli skole rundt 1950, Lundstein bak til venstre.
Foto: Ukjent
Håkon Lundstein (født 1. mai 1908 i Etnedal, død 11. april 2001 i Østre Toten) var lærer. Lengst var han ved Nordli skole i Østre Toten. Han vokste opp i Etnedal i Valdres, som sønn av Martin (1872-1973) og Gunhild Lundstein (1886-1983). Også faren var lærer, og i tillegg ordfører, skribent og en kjent person i Etnedal. Håkon Lundstein tok lærereksamen på Hamar i 1934 og hadde dessuten utdanning fra jordbruksskole, håndverksskole og Norges Lærerhøgskole (1946/47).   Les mer …
 


 
Kategorier for Valdres
 
Andre artikler