Forside:Nordmøre

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
KOMMUNE: HustadvikaSunndalTingvollGjemnesAverøyKristiansundSurnadalSmølaAureHeimRindal

Om Nordmøre
Kart over Midt-Noreg med det noverande Nordmøre markert i grønt.

Nordmør (eldre namneform) eller Nordmøre (den vanlegaste namneforma i dag) er eit historisk landskap og ein region i Midt-Noreg. I nyare tid blir Nordmøre vanlegvis definert som dei noverande kommunane Aure, Averøy, Eide, Gjemnes, Kristiansund, Smøla, Sunndal, Surnadal og Tingvoll i Møre og Romsdal samt Rindal og delar av Heim i Trøndelag.

Historisk sett har Nordmøre lege under Frostating lagdømme (til dags dato) og Nidaros bispedømme (til Møre bispedømme vart oppretta i 1982). Frå 1500-talet til i dag har Nordmøre sortert under Trondheims len (til 1662), Trondhjems stiftsamt (til amtssystemet vart avvikla først på 1900-talet. Lokalt har Nordmøre vore eige futedømme (fogderi), og frå 1662 av har landskapet sortert under Romsdals amt, som frå 1689 av har inkludert Sunnmøre òg. Frå 1919 av har nordmørskommunane utgjort dei nordaustlegaste 40 % av Møre fylke, no Møre og Romsdal fylke. Av desse gikk Rindal kommune over til Trøndelag den 1. januar 2019.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Niels Tygesen Knag kjøpte Kaupanger hovedgård i 1710. Bygningene som står i dag er av nyere dato, men deler av hans bibliotek er bevart på setegården.
Foto: Francis Bull

Niels Tygesen Knagenhielm (født 11. mai 1661Vågsneset, død 1737 i Bergen), opprinnelig Niels Tygesen Knag, var viselagmann i Stavanger og Bergen, og lagmann i Bergen fra 1695 til 1737.Niels Knag var viselagmann i Stavanger fra 1688 med bestalling datert 17. mars 1688,og i Bergen 1692–1695 før han fikk bestalling som lagmann 2. februar 1695. Han innehadde embetet til han døde i 1737. Han fungerte flere ganger som stiftamtmann i Bergen stiftamt.

Knag ble adlet i 1721 under navnet Knagenhielm «som rete innfødde norske adelige». Han fikk rang som justisråd i 1733.

I 1701 fikk han permisjon til å reise til Danmark mot å sørge for at embetet ble forsvarlig betjent.

Knag ble 14 år gammel sendt til søsteren i Kristiania og hennes mann, sorenskriver Søren Bartum i Gausdal. Han ble så dyktig at han i 1680, bare 19 år gammel, kunne bestyre sorenskriverembetet i Gausdal i en overgangsperiode før Bartums etterfølger tiltrådte embetet.   Les mer …

Kristofer Leirdal.
Foto: Yngve Sakarias Leirdal.
Kristofer Leirdal (født 15. desember 1915, død 6. juli 2010 i Trondheim) var ein bilethoggar frå Aure kommuneNordmøre. Han var son av småbrukar og snekkar Sakarias Skogan (1880–1951) og Karen Leirdal (1883–1966), og var gift med Aina Thiis (f. 1924). Leirdal laga fleire skulpturar til Nidarosdomen i Trondheim, hovudsakleg frå 1941 til 1942 og 1946 til 1983. Han var sentral i oppbygginga av eit vitalt kunstmiljø i byen. I Steinkjer har han laga statuen «Mann og hjul» i parken ved Biltilsynets verkstedhall (1970) og relieffet «Livets gang» kring hovudinngangen ved Steinkjer krematorium (1951).   Les mer …

Nils Bakke ca. 1915-1920.
Nils Bakke (fødd 10. januar 1887, død 11. august 1969) var ein felespelar av romanifolket og ein av dei viktigaste tradisjonsberarane av folkemusikken på Nordmøre kring midten av 1900-talet. Nils Gulbrand Forselius Fredriksen Bakke vart fødd på Oppdal i Sør-Trøndelag den 10. januar 1887 av Anne Kathrine Gulbrandsdatter (Rosenberg) (Nordli 1847- Lesja 1906) og Kristian Fredrik Benjaminsen Forselius (Elverum 1859-Kristiansund 1935). Nils var god ven med Erik Almhjell og Magnhild Havdal Almhjell og spela mykje saman med Erik og med Hallvard Ørsal. Utanom musikken arbeidde Nils Bakke blant anna på Løkken verk og ved Gideon Motorfabrikk i Molde. I sine seinare år budde Nils på Innlandet i Kristiansund. Nils Bakke døydde der den 11. august 1969.   Les mer …

Sørveggen på Hals skule.
Foto: Olve Utne
(2008)
Hals skule, Halsskulen, var ein folkeskule på Tustna i Aure kommune. Skulebygninga vart tømra i 1890-åra på grunn frå garden Hals. Skulekretsen inkluderte matrikkelgardane Hals, Innersetra og StorsetraTustna så vel som Innerberg og FjelnesdalenStabblandet. Skulen har eitt klasserom, og i tillegg er det eit lærarkammers, yttergang og mørkloft. Hals skule vart nedlagt i juni 1972 og er no skulemuseum.   Les mer …

Hermann Fischer.
Herman(n) Fischer (født 1. januar 1893 i Litauen, død 2. januar 1943 i Auschwitz) var ein forretningsmann, cellist, målmann og sjakkspelar i Kristiansund. Han tok over forretninga Beklædningsmagasinet Fix etter faren i 1914 og dreiv ho med eit kortare avbrott fram til tidleg i 1940-åra. Han var cellist i Kristiansund Symfoniorkester og leiar av orkesteret. Hermann Fischer vart fødd den 1. januar 1893 i Leckava (jiddisch Latskeve) i Litauen som den eldste av åtte born av foreldra Dina f. Bekker (f. 1872 i Leckava; d. 1943 i Auschwitz) og Abraham Fischer (1867–1942). Han vaks opp hovudsakleg i Trondheim, der familien hadde busett seg midt i 1890-åra — den første tida i Nedre Møllenberg gade 36B (Folket. 1900), og seinare i Krambodgate 15 (Folket. 1910) og Innherredsvn. 27. Hermann gikk på 7-årig folkeskule ved Bispehaugens folkeskole i Trondheim, og deretter utdanna han seg ved K. Solbergs handelsskole. Han må nok òg ha fått god opplæring i cello som vi ser av rolla hans i Kristiansund Symfoniorkester, men vi veit ikkje enno kven læraren hans var. Han gifta seg med Gusta Berman i Trondheim den 19. september 1915.   Les mer …

Imarbu er ei av hyttene langs Fjordruta.
Foto: Olve Utne

Kristiansund og Nordmøre Turistforening (KNT) er en av Den Norske Turistforenings medlemsorganisasjoner. Den ble grunnlagt i 1888 med Innerdalen som det første arbeidsområdet. Allerede i 1889 åpna foreningen sin første hytte, Innerdalshytta.

Foreningen forvalter omkring hundre mil med merka løyper. Det største løftet i senere tid har vært Fjordruta, som ble påbegynt i 1994. Dette er ei sammenhengende rute fra Tømmervåg i Tustna kommune til Halsanaustan i Halsa kommune, med en rekke hytter langs ruta.   Les mer …
 
 
Kategoriar for Nordmøre
 
Andre artiklar