Skredvatn. Skafså i bakgrunnen, Hauggrend i framgrunnen.
Skredvatn, også Skredevatn, ligg i nordre del av Fyresdal, 340 meter over havet. Vasskilet er syd for vatnet ved Skarkerud. Bekkar og elvar syd for dette renn via Fyresvatn vidare i Nidelva, medan vatnet frå Skredvatn via Foldsæelva kjem ned i Vråvatn og vidare i Nisser for så å møte vatnet frå Fyresvatn i Nidelva, som er ein del av Arendalsvassdraget. Skredvatn får sitt vatn frå liene og vatna omkring, men mest frå elvar og vatn i Tokke.
På austsida av vatnet ligg Hauggrend, ei solrik og vestvendt grend med frå gamalt av ein allsidig busetnad. Her ligg mellom anna garden Foldsæ, ein nedlagd landbruksskule. Det gamle namnet på vatnet er Foldsæ, det tyder det breie vatnet, vatnet som faldar seg ut. Etter segna kom folk i folkevandringstida frå syd opp til vatnet Fyrir, vatnet som ligg framom ein, i vegen for ein. På Skredvatn har det i uminnelege tider vore tømmerfløyting, og ved utløpet er det bygd ein større dam. Mykje tømmer kom ned i Skredvatn via elva som kjem frå Skafså, no ein del av Tokke kommune, og mykje tømmer kom og frå skogane på austsida mot Vrådal. Dette vart lagt opp i ruller på tømmerkast ved vatnet. Når så fløytinga skulle ta til, vart det kasta på vatnet og fløyta bort til dammen ved utløpet. Les mer …
Frå fesjået på Mogen truleg kring 1890.
Fesjået på Mogen blei arrangert i Høydalsmo i Tokke kommune frå 1876. Fesjået blei avvikla på midten av 1950-talet, medan handelsmøtet heldt fram til om lag 1966. Dei som skulle handle med kyr, kom frå Dalen på sundagen, og overnatta i Høydalsmo til måndagen. Måndagskvelden reiste dei vidare til Seljord. Domarane hadde vindjakker og hatt eller luve med blank skjerm og høge støvlar. Det blei også heldt foredrag om avl og stell for å få fram dei beste dyra. Spenninga var alltid stor då "bolagoksen" kom for å bli stilt ut. Langs vegane blei det sett opp sjapper. Stokkar blei slått ned i jorda og tekt med sinktak og honveggar. Kokomnar blei fyra opp for å halde varme i kjøtsuppa som kjeringane hadde med seg. Suppa blei solgt for ei krone tallerken, medan kaffen kosta 25 øre. Mange av dei som budde i sentrum, solgte også mat og drikke heime i husa. Les mer …
Alette Heyerdahl (Aagaard Hansen). Foto: Ukjent, faksimile frå Øverås m. fl. (1952): Trondheim katedralskoles historie 1152-1952.
Alette Maren Helga Henriette Heyerdahl (fødd i Berg på Senja 20. september 1862, død på Alnabru i Oslo 31. mars 1957) var ein pioner blant kvinner som tok høgare utdanning. Ho var blant dei aller fyrste kvinnene i landet som tok eksamen artium. Ho var den fyrste kvinnelege teologistudenten ved universitetet i Kristiania, men satsa ikkje vidare på akademisk karriere. Da ho gifta seg og vart prestefrue, vigde ho evner og krefter til familie, foreiningsverksemd og lokalsamfunn. Ho var samfunnsengasjert, ivrig mellom anna med ungdomsarbeid, og hadde fleire offentlege verv. Ho arbeidde på fleire vis for å fremje kvinneleg samfunnsengasjement.
Les mer …
Stølen Nordre Tuva i 1916. Birgit Flatåker med borna Margit, Anne, Svein, Georg og Olav. Foto: Ukjend. Eigar: Hol bygdearkiv. Tuva turisthytte ligg på 1186 moh. sør for Tuvenuten, Hol kommune, på den nordaustlege delen av Hardangervidda. Tuva er privateigd og har 20 senger og 20 sovesalsplassar (2015). Både sumar og vinter er ho også serveringsstad for dagsturistar. Det går bilveg heilt fram til hytta på sumarstid og nokre dagar i veka jamvel rutebuss frå Geilo. Turisthytta ligg om lag ti km frå Ustaoset stasjon.
Fram til midten av 1960-talet var det stølsdrift på nordre Tuva, som ligg litt opp i bakken for turisthytta. På eigedomen står i dag (2015) stølsbua frå 1800-talet med stall og ein grunnmur etter fjøset. Ruinar etter ei steinbu, antakeleg brukt som feleger, ligg lenger vest. I området finst også godt bevarte steingjerder kring fem tydelege teigar som ligg voll i voll. Desse har truleg vore brukte i samband med fedrift. Stølshusa og bygga som høyrer til turisthytta ligg i midtre teigen.
I 1763 kjøpte Ola Knutson (1732-1805) frå Fossgard i Ustedalen nordre Tuva. Fem år seinare fekk han bygsel på Halvorsknutplassen, som låg under Åker. Husmannsplassen vart sjøleigarbruk i 1810 og frå omkring 1819 kalla Flatåker (gnr 82, bnr 1). Tuva har sidan vore i Flatåker-gardane sitt eige. Les mer …
Anton Kristensen Ødegaard Anton Kristensen Ødegaard ( 1856 - 1928) grunnla i 1899 Indre Smaalenenes Avis. Han verka også som pastor i metodistkyrkja ei rekkje stader i landet.
A. K. Ødegaard vart fødd i Trøgstad i indre Østfold. Faren Kristen Andersen, som var fødd 1810 i Trøgstad og død 1887, var gift med Anne Fransdatter frå Askim, fødd 1822, død 1881. Kristen var sjølveigande bonde. På garden var det ni stort kveg, fire får, og det vart dyrka kveite, rug, bygg, mykje havre, erter og poteter. Det var ein «Tjenestekarl» og ei «Tjenestepige» på garden i 1865.I 1870-åra vart Anton omvend til metodismen. Han fortalde seinare at han ønskte å bli lege, men faren meinte det var ikkje råd. «Du får vera heime og arbeida med jorda, du som meg», sa faren. Og slik vart det inntil Anton var om lag 30 år gammal. Då reiste han ut som forkynnar, og på sin veg land og strand rundt grunnla han også fleire mindre verksemder. Les mer …
Høydølen på prøvetur i 1950.
MB «Høydølen» M 47 HØ. Eigarar var Anfinn Skorpen og sønene Olav og Peter Skorpen. Dei budde i Flåver, Herøy kommune der dei hadde kai og sjøhus. Båten var bygd på L/L Vik Båtbyggeri i 1950, men var kvart år attende for slippsetjing og pussing. Denne båten var vide kjend for godt vedlikehald. Båten sine mål står i båtlista for Vik.
Båten var bygd som kryssar på doblingspant, og med halvbakk. Det var for å gje meir høgde i lugaren. Lugarkappe, lukekarm og kaising var i stål, eller jarn som det vart sagt i den tida. Alt jarnarbeid, som dekkshus, beslag, kjølhakar og fjørboltar, for å nemne noko, vart utført på båtbyggeriet. Påbygg på kaising var i tre, rorhusfronten var som vanleg av teak. På «Høydølen» var han skinande blank, takka vere godt vedlikehald. I sildefiska hadde dei spesialsydd presenning som dei festa på rorhusfronten til vern mot sildereista.
Det vert fortalt at Olav ein gong hadde pussa så godt rorhusglasa at Arnfinn trudde glaset var ope då han skulle spytta ut skråa, så det vart rett i ruta. Sikkert heilt krise for han, men til morskap for resten av mannskapet. Båten vart i 1974-75 forlengd til 55,5 fot (engelske). I 1983 fekk han nytt overbygg. Les mer …
|