Framskåp laga av Skjåk-Ola, frå slutten av 1700-talet. Skåpet var opphavleg frå Nigard Lund i Skjåk. Det er nå på Kunstindustrimuseet i Oslo. Foto: Ukjent
Skjåk-Ola, eller Ola Rasmussen Skjåk, (fødd 1744 i Skjåk og død same stad 1803) var snikkar og treskjerar. Han er særleg kjend for stoveinnreiingar med store stuguskåp (framskåp) og anna fast inventar med rik akantusornamentikk. Ei rekkje av arbeida hans er bevarte, og framskåp frå hans hand har i vår tid vore takserte for millionbeløp på antikvitetsmarknaden. Ola Rasmussen er også kjend under namnet Teigroen, etter ein av bustadene han hadde. Han levde ugift livet ut.
Skjåk-Ola vart ein tonegjevande utøvar av ein meir prangande interiørstil og ein ny byggjeskikk som fekk gjennomslag i heimbygda hans nettopp i andre halvparten av 1700-talet. Det var ein del av det som har vorte kalla eit kulturskifte i Gudbrandsdalen 1750-1850. Som mange andre stader i landet var dette ei tid med aukande velstand blant gardbrukarane. I Skjåk hadde det samanheng med inntekter av tømmerdrift, og særleg frå ein aukande eksport av byggkorn til kornfattige bygder og til verkssamfunn som Røros, Folldalen og Lesja. Les mer …
Olav Aukrust. Udatert foto.
Olav Aukrust (fødd i Lom 21. januar 1883, død same stad 3. november 1929) var folkehøgskulemann og kulturvernentusiast, men framfor alt diktar. Han blir rekna blant dei fremste lyrikarane i norsk litteratur, og er blitt omtala som «en av de store kristne mystikere i europeisk diktning» (Hodne). Om livssynet var djupt kristent, var Aukrust også påverka av Austens religionar, og han vart sterkt oppteken av teosofien og antroposofien.
Olav Aukrusts dikting innbyr både til begeistring og til sterke motforestillingar, både kva gjeld innhald og form. Dikta hans er på den eine sida prega av ekstatisk, visjonær religiøsitet, og på den andre sida av ein ytterleggåande norskdomsideologi. Naturmystikken er eit tredje berande element, som også er tett innvove både i nasjonalismen og i religiøsiteten. Likeins er kjærleiksmotivet, både erotisk elskhug og den altomfattande Guds kjærleik, framherskande i mykje av diktinga hans. Han dyrka det «rotekte bondenorske» med utgangspunkt i ein tradisjonsbunden gardbrukarstand i ei fjellbygd som han sjølv kom frå. Den nasjonalistiske tankeverda og retorikken vekte begeistring ikkje minst i dei norrøndyrkande krinsane som slutta opp om Nasjonal Samling, noko som har gjort sitt til at Aukrusts dikting i periodar har vore ideologisk sterkt omdiskutert. Les mer …
Budeier på Billingen seter 1892. Embjørg Kvale (den gongen Stensgård) nr. 3 frå høgre bak (i lyse klede) Foto: Ukjent
Embjørg Kvale (fødd Stensgård i Skjåk 1870, død i Skjåk 1966) var meierist, gard- og landhandlarkone. Ho var ei føregangskvinne for meieri-/ysteridrift i heimbygda.
Allereie den sommaren ho vart konfirmert, var Embjørg budeie på Stensgårds-setra på Øverstulen på Billingen. Der fekk ho ansvaret for 11 kyr og 40 geiter, men mora måtte avløyse henne dei dagane jentungen skulle på konfirmasjonsførebuing. Som attenåring kom Embjørg i lære ved Stange meieri, der ho var i halvtanna år. Deretter var ho tilsett ved eit meieri i Enebakk på Nedre Romerike i fire år, moglegvis som styrar. Ho fekk og eit stipend som gav henne vidare utdanning i Danmark, og fleire gonger oppnådde ho premiar for produkta sine på utstillingar. Les mer …
Lesjaskog sentrum omkring 1923. Foto: Hans H. Joramo
Lesjaskog sentrum eller Strande er nemninga på ein del av Kyrkjekretsen, det som i dag er eit av tettstadsområda på Lesjaskogen. Det rekk grovt sett frå og med Skulemuseet i Lisser, Lesjaskog kyrkje og Mølme vest for Mølmsåe, langs den gamle riksvegen (før han vart omlagt ca 1987) til og med Lesjaskog skule. Det er ikkje funne kjelder som fortel om busetjing i dette området før fyrst på 1700-talet. Da var jernverket kome i drift, og det vart nok meir trafikk over Lesjaskogsvatnet, truleg både vinter og sommar. Her ved den vestre vassenden vart det tidleg bygd dam for å heve vasspeglet, og det er det grunn til å tru at det gjekk ein god del transport ved hjelp av prammar over vatnet. Dermed vart det behov for omlasting, og gardsnamnet Rundtom ovafor Gameldammen har vore sett i samanheng med at det var her hestetransporten som kom nede frå Veblungsnes snudde her etter å ha lasta over varene på båtar. Les mer …
Lomsk såmaskin Foto: Arnfinn Kjelland Den såkalla lomske såmaskina var ei radsåmaskin for korn som etter kvart erstatta såing av åkrane for hand i Nord-Gudbrandsdalen og i andre fjellbygder på Aust- og Vestlandet. Den sette såkornet like djupt i jorda, og det gjekk ikkje med meir enn knapt det halve i høve handsåinga. Maskina vart forbetra i fleire omgangar og var i bruk til ut på 1900-talet.
Sokneprest Niels Petersen i Lom skal etter Ivar Kleiven ha vore den som fekk ei slik maskin til bygda i 1780-åra. Rolv K. Øygard meiner Vass-Per fann opp maskina kring 1806. Men stykket hans i Årbok for Gudbrandsdalen inneheld i alle fall ein faktisk feil; han påstår at den første maskina Per laga kom til Sygard Geilo og at presten Petersen fekk sjå ho der og kjøpte ho. Det må da ha vore etter 1806, men Petersen reiste frå Lom alt i 1797. Les mer …
|