Den gamle og den nye kyrkja i Vingelen 1882. Garden i framgrunnen er Ousta (?), der Sara Oust var frå. Vingelen gruve låg tre km nord for denne staden. Foto: Ukjent. Digitalt museum.
Vingelen kopargruve låg i Vingelen sokn i Tolga. Verksemda der var starta av Røros koparverk ein gong på 1700-talet. Med kortare og lengre avbrekk var det regulær drift i gruva fram til 1835. På byrjinga av 1900-talet var det ein del prøvedrift der, som ikkje resulterte i noko meir. Verksemda har vekt ekstra historisk interesse av di ho i ein periode på byrjinga av 1800-talet vart driven av eit haugiansk kollektiv under leiing av den unge lekpredikanten Sara Oust.
Les mer …
Hytta ved Pollvatnet. Hildur og Jo Turtumøygard sitjande til høgre.
Jo Turtumøygard (fødd i Lom 18. mars 1898, død same stad 5. januar 1984) var lærar. Han hadde mangfelte interesser, og var aktiv på mange måtar innan kulturliv, organisasjonsarbeid og generelt samfunnsengasjement. Ikkje minst er han kjend som ein forkjempar for lokalt kulturvern. Særleg arbeidet i Lom heimbygdslag og bygdemuseet opptok han sterkt i seinare år. Han har mykje av æra for at heimen til Tor Jonsson vart teke vare på og gjort til museum. Turtumøygard var ein nær ven av den ein god del yngre diktaren.
Les mer …
Faksimile frå Aftenposten 19. november 1959: annonse for Aslaug Høydal si bok Sevje.
Aslaug Høydal (fødd i Seljord 22. desember 1916, død i Skjåk 20. juli 2007) var lærar, forfattar og samfunnsdebattant. Særleg markerte ho seg i debatten om skulesentraliseringa på 1960-talet, med ein roman som var eit kraftig åtak på den nye, linjedelte ungdomsskulen. Ho hadde eit kristent livssyn, og kan på mange måtar kallast verdikonservativ. Samstundes hadde ho markante standpunkt som mest har vore identifisert med den radikale venstresida i norsk politikk, engasjert for eksempel i antiatomvåpenkampanjen frå slutten av 1950-talet, og for palestinarane si sak i Midtausten.Høydal var fødd og oppvaksen på småbruket Anåskosi i grenda Langlim i Seljord kommune. Foreldra var gardbrukarparet Hans Høydal og Anne fødd Bakken. Aslaug hadde sju sysken, deriblant lærar og forfattar Olaus Høydal og trekunstnaren Torvald Høydal. Ho var ugift.Høydal hadde ei mangesidig utdanning etter grunnskulen i heimegrenda. Ho gjekk på Telemark Folkehøgskule i Kviteseid, Den kvinnelege industriskulen i Oslo, Askov Højskole i Danmark. Lærareksamen tok ho ved Elverum lærerskole i 1959, og gjekk også på Noregs lærarhøgskule i Trondheim. Ho vidareutdanna seg til adjunkts grad.
Sterkt internasjonalt orientert som ho var, drog ho på fleire studiereiser utanlands, mellom anna til Italia og til fleire land i Midt-Austen.
Allereie før ho tok lærarprøva i Elverum var Høydal tilsett som lærar ved folkehøgskular i Ryfylke og på Vestoppland. Etter lærarprøva var ho ei tid ved Sandbu skule i Nord-Fron. Frå 1960 var ho tilsett ved Tokke ungdomsskule. I 1971 vart ho tilsett som adjunkt ved Nordberg skule i Skjåk (grunnskule), der ho vart verande til ho nådde pensjonsalderen. Ho vart buande i Skjåk livet ut, og fekk bygt sitt eige hus nær heimstaden til Jan-Magnus Bruheim. Les mer …
Hans B. Osnes med familie kring 1910. Foto: Gustav Osnes
Hans Berntsen Osnes (fødd i Ulstein 19. juni 1872, død same stad 14. oktober 1958) var lærar, gardbrukar, forretningsdrivande og pressemann. Han var aktiv i norskdoms- og fråhaldsrørsla og i lokalpolitikken. I ei jubileumsomtale da han runda 85 år, vart han karakterisert som «ein av sentrumsfigurane i bondereisinga i Møre og Romsdal». Han var engasjert i Landmannsforbundet frå 1906 og i Bondepartiet da det vart stifta, og var ei tid redaktør for bondebladet Sunnmøre Tidend. Han var også ein tiltaksmann som sette i gang ei rekkje moderniseringstiltak i heimbygda. I ei omtale frå 1919 blir han av ein sambygding karakterisert slik: «Hans B. Osnes er ein evnerik og energisk mann - full av idear og handlekraft, og det stend javnt eit friskt ver av han.» Les mer …
Løten kirke sett fra sør med kirkeporten i front. Foto: Chris Nyborg (2014)
Løten kirke er ei langkirke i Løten kommune på Hedmarken. Byggverket er i stein og har 400 plasser. Den ble trolig bygd rundt 1200, er nevnt første gang i 1323, og var opprinnelig viet til apostlene St. Peter og St. Paulus. Den var hovedkirke for Løten prestegjeld, og var i 1814 valgkirke for prestegjeldet. Løten kirkegård ligger på øst- og sørsida av kirken.
Kirken ble sterkt ombygd på 1800-tallet. Den ble omkring 1827 gjort en del større. I 1873 ble vesttårnet og sakristiet bygd, og det ble satt inn vinduer på nordsida. Takrytteren med høyt spir som hadde stått på kirken ble fjerna da tårnet ble bygd. Kirken ble med dette omkring dobbelt så stor som middelalderkirken hadde vært. Samtidig leverte totningen Anders Olsen Holte ei ny kirkeklokke. Det er tydelige spor på ytterveggen etter hvor middelalderkirken stoppa, spesielt på nordveggen der man ser en utbuktning der middelalderdelen og 1800-tallsdelen er skjøta sammen. På spiret står i dag årstallet 1873 til minne om den siste store ombygginga. Les mer …
Strand Brænderi rundt 1900. Foto: Kristoffer Horne
Strand og Veldre brennerier var de første samvirkeforetaka i norsk jordbruk. Da ringsakerbøndene etablerte Strand og Veldre brennerier i 1843, var de forut for si tid. Dette skjedde hele 13 år før Norges første samvirkemeieri, Rausjødalen andelsmeieri i Tolga, ble stifta. Samvirkebrenneriene i Ringsaker er å betrakte som pionerprosjekter innafor norsk landbruk. Det skal visstnok ha blitt brent brennevin på Hedmarken allerede fra sist på 1500-tallet. Bøndene i Ringsaker hadde derfor lange tradisjoner å bygge på da de gikk sammen om å etablere Strand og Veldre brennerier. Les mer …
Arstun Hval i Fet på Romerike. Foto: Akershusbasen (ca. 1930)
Arstun er eit bruksnamn og appellativ som har vori brukt på Romerike, i Sør-Hedmark, østfoldbygda Rømskauen og den nordvestre delen av Värmland. Arstun er framleis levande som appellativ på Romerike, og brukast oftast i tydinga nabogarden eller nabohuset. Ordet er ei samansetning av andre stova, der fyrste leddet er rekkjetalet andre, og der hovudleddet er ordet stove (f.). Tydinga kan samanliknas med det peikande pronomenet hin, som òg kan tyde den andre av to. Med ei slik tyding blir ordet òg gjensidig, alt etter kor ein sit eller står. Fra gammalt av ser det ut til at der ein gard har vori delt i to eller fleire bruk, har ein brukt Arstun om einannan, ofte med utmerkingsledd som Oppi eller Neri. Framleis finn ein den appellative bruken om gardsbruk på Romerike, men i dei fleste høva har Arstun stivna. Les mer …
|