| Om Tinn kommune
|
| Tinn kommune ligg i Telemark fylke. Kommunen grensar i nord og aust mot Buskerud fylke (kommunane Nore og Uvdal, Rollag og Flesberg), i vest og sør mot kommunane Vinje, Seljord, Hjartdal og Notodden i Telemark. Dagens kommune vart oppretta i 1964, da det tidlegare Hovin herad vart delt mellom Tinn og Notodden. Det opphavlege Tinn herad frå 1838 fall saman med Tinn prestegjeld, som da bestod av sokna Hovin, Atrå, Mæl og Dal. Hovin sokn vart skilt ut frå Tinn og lagt til Gransherad i 1860. Tinn kommune omfattar Rjukan by, industristad og kommunesentrum. Rjukan har ein eigen plass i historia om motstandsrørsla under andre verdskrigen, spesielt på grunn av Tungtvassaksjonen i 1943, og fordi ei rad av dei fremste motstandsfolka kom frå Rjukan, deriblant Gunnar Sønsteby. Med sine ca. 3300 innbyggjarar (2012) har byen godt og vel halvparten av befolkninga i kommunen. Andre, mindre tettstader eller bygdesentra er Miland, Atrå, Austbygde og Hovin. Kommunen forandra sterkt karakter da Rjukan-fossen vart utbygd og Norsk Hydro etablerte verksemd i Vestfjorddalen tidleg på 1900-talet. Framleis er det ein god del jordbruk og skogbruk i kommunen, og kommunen omfattar store høgfjellsområde, mellom anna med søraustre delen av Hardangervidda. Gaustatoppen (1883 moh) ligg i Tinn, rett opp for Rjukan. Før jordbruket vart mekanisert, var Tinn kjent for sine mange ljåsmedar. Bygda er elles kjend for folkekunst, særleg felespel og rosemåling. Les mer ...
|
|
|
| Smakebitar fra artiklar
|
Andreas Aarli. Foto: Norske skulefolk, 1934 Andreas Aarli (født 1. mars 1891 i Gjøvdal, død 1973) var lærer i Tinn i Telemark.
Han var sønn av Gunhild og Torjus Aarli. Faren var skogsarbeider, og Andreas hadde samme yrke i ungdommen. Andreas Aarli tok lærereksamen i 1915. Fra 1916 var han lærer i kretsen Haukås-Lurås, Tinn i Telemark.
Han hadde flere tillitsverv. Aarli satt i herredsstyret i Tinn og var medlem av helseheimsstyret i bygda. Les mer …
HKH Kronprins Haakon Magnus og HKH Kronprinsesse Mette Marit avduket denne skulptur ved besøk i Nedre Eiker kommune den 21.09.2003. Det er hva en kan lese på en av de fire steinene som pryder inngangen til Killingrud Ungdomsskole. Foto: Frode Caspersen Syretårn fra Solbergelva i Nedre Eiker, Drammen, ble levert til Rjukan Salpeterfabrikker mellom 1911 og 1913. Etter at Hydro la ned produksjonen av kunstgjødsel på Rjukan på slutten av 1960-tallet, ble syretårna gjenbrukt på ulike måter både på Rjukan og andre steder i landet. Ved Killingrud ungdomsskole i Nedre Eiker pryder fire av dem inngangspartiet. Skulpturene ble avduket av kronprinsparet i 2003. Les mer …
Alette Heyerdahl (Aagaard Hansen). Foto: Ukjent, faksimile frå Øverås m. fl. (1952): Trondheim katedralskoles historie 1152-1952.
Alette Maren Helga Henriette Heyerdahl (fødd i Berg på Senja 20. september 1862, død på Alnabru i Oslo 31. mars 1957) var ein pioner blant kvinner som tok høgare utdanning. Ho var blant dei aller fyrste kvinnene i landet som tok eksamen artium. Ho var den fyrste kvinnelege teologistudenten ved universitetet i Kristiania, men satsa ikkje vidare på akademisk karriere. Da ho gifta seg og vart prestefrue, vigde ho evner og krefter til familie, foreiningsverksemd og lokalsamfunn. Ho var samfunnsengasjert, ivrig mellom anna med ungdomsarbeid, og hadde fleire offentlege verv. Ho arbeidde på fleire vis for å fremje kvinneleg samfunnsengasjement.
Les mer …
Atrå kyrkje frå sud. Foto: Per Espeland (mai 2011)
Atrå kyrkje i Tinn stod ferdig i 1836, og vart innvigd av prost og sokneprest Søren Schive 4. september 1836 med fleire av prestane i prostiet til stades. I 1936 var det arrangert eit gildt 100-årsjubileum med biskopen James Maroni som det naturlege midtpunktet. Ein komité med Halvor Gjøystdal, Olav Høgehaug og Anders E. Hedem førebudde festmarkeringa. Dei utarbeidde òg eit hefte med ein gjennomgang av Atrå kyrkjes historie. Gjøystdal skreiv ein liten prolog til festen Les mer …
Sørensbjørka vart freda 1917. Ho skal ha ruva godt i terrenget, men kunne ikkje stå imot hardvinden ein julidag i 1942. Foto: Ukjent fotograf/Tinn kommune
Sørensbjørka var eit legendarisk høgt tre som sto i nærleiken av Dugningshaugen i Atrå, Tinn kommune, på prestegarden sin grunn. Treet vart freda ved Kongelig resolusjon 19. januar 1917, men sto støtt enno i 25 år, før det fall under hardvinden sommaren 1942. Bjørka skal på sitt største ha vore omkring 30 meter høg og vel 3 meter i omkrins. Sørensbjørka er også kjent i lokal munnleg tradisjon under namn som Prestebjørka og Rarebjørka. Så vel namnet Sørensbjørka som Prestebjørka peiker attende til treet sitt opphav. Les mer …
Doro Heyerdahl på skitur i Skjåk på 1930-talet. (Utsnitt). Foto: Ukjent. Doro (Dorothea) Heyerdahl (fødd på Voss 8. desember 1894, død i Oslo 25. april 1988) var folkeskule-, framhaldsskule- og folkehøgskulelærar. Den lengste samanhengande delen av si yrkesgjerning hadde ho ved Lom og Skjåk framhaldsskule, frå 1925 til ca. 1950, med mindre avbrot. Som det står i ei femtiårsomtale av henne, hadde ho i løpet av denne tida «hatt en stor del av ungdommen i Lom og Skjåk som sine elever». Og ho var ein svært avhalden lærar. Med bakgrunn frå universitet, lærarskule, folkehøgskule og ungdomslagsarbeid, og ved sitt elskelege og interesserte vesen, verka «ho Doro» utan tvil som ein sterk inspirasjon for mange av desse ungdomane.
Les mer …
|
|
|
| Sjå òg
|
|
|
|
|
| Kategoriar for Tinn kommune
|
|
|
|
|
| Andre artiklar
|
|
|
|
|
|