Skredvatn. Skafså i bakgrunnen, Hauggrend i framgrunnen.
Skredvatn, også Skredevatn, ligg i nordre del av Fyresdal, 340 meter over havet. Vasskilet er syd for vatnet ved Skarkerud. Bekkar og elvar syd for dette renn via Fyresvatn vidare i Nidelva, medan vatnet frå Skredvatn via Foldsæelva kjem ned i Vråvatn og vidare i Nisser for så å møte vatnet frå Fyresvatn i Nidelva, som er ein del av Arendalsvassdraget. Skredvatn får sitt vatn frå liene og vatna omkring, men mest frå elvar og vatn i Tokke.
På austsida av vatnet ligg Hauggrend, ei solrik og vestvendt grend med frå gamalt av ein allsidig busetnad. Her ligg mellom anna garden Foldsæ, ein nedlagd landbruksskule. Det gamle namnet på vatnet er Foldsæ, det tyder det breie vatnet, vatnet som faldar seg ut. Etter segna kom folk i folkevandringstida frå syd opp til vatnet Fyrir, vatnet som ligg framom ein, i vegen for ein. På Skredvatn har det i uminnelege tider vore tømmerfløyting, og ved utløpet er det bygd ein større dam. Mykje tømmer kom ned i Skredvatn via elva som kjem frå Skafså, no ein del av Tokke kommune, og mykje tømmer kom og frå skogane på austsida mot Vrådal. Dette vart lagt opp i ruller på tømmerkast ved vatnet. Når så fløytinga skulle ta til, vart det kasta på vatnet og fløyta bort til dammen ved utløpet. Les mer …
Jon Ånison Folsæ (Folseth) (1824-1882) var bonde og predikant. Foreldra var Åni Tarjeison Lønnegrav (1791-1857) frå Vrådal, gift 1814 med Torbjørg Jonsdotter Fjone (1785-1862) frå Nissedal. Åni hadde Naper i Vrådal og vert nemnd som Åni Naper.
Åni Tarjeison Naper kjøpte Folsæ Gnr. 93 i Hauggrend i 1830. Eine sonen Tarjei vart gift til ein gard i Randesund, Korsvig, ein annan son, Gunnar, tok over Naper og det vart difor til at Jon tok over garden Folsæ. Det var og to døtrer, Sigrid som vart gift på Bjåland i Lårdal og Birgit som vart gift på Lofthus i Fardal i Fyresdal.
Jon vart i 1865 gift med Olydia (Lydia) Arntsen (1824-1879) frå Alstahaug, husjomfru hjå prosten Teisner og dotter til sorenskrivar Arntsen. Ho var ei stille kristen kvinne som hadde stor tillit. Dei fekk ingen born. Heimen deira var ein veneheim som stod open for alle kristelege vener og alle som søkte hjelp og rettleiing. Les mer …
Jon og Gro Kiland. Foto: H.R.Norberg, Tvedestrand
Jon K. Kiland (1841-1922) i Kilegrend i Fyresdal var ein stor skogeigar og hadde etter kvart mange eigedomar, mellom anna Uppistog Kiland (gnr. 25/1) og Øvre Væting (gnr. 35/7). Kiland var ordførar i Fyresdal kommune 1902-04. I 1860-åra var der ei stor vekking i Vrådal. Jon Kiland var på eit stormøte der i 1873 og då vart han omvend. Frå den dagen gjekk han fullt og heilt inn for kristent arbeid. Jon kosta av eigen pengepung løn til predikantar som kom og heldt møte, og til predikantar som vart sendt ut. Les mer …
Folkestadbyen og jordbrukslandskapet rundt. Foto: Bjørn Østrem
Folkestadbyen kring 1930.
Folkestadbyen ligg sentralt i Fyresdal kommune. Dette er ei samling hus som ber preg av ein hageby og vart bygd opp etter år 1870 stort sett av handverkarar. Når folk i sentrale delar av Fyresdal skal burt i sentrum i ein forretning eller eit anna ærend, seier dei enno at ein skal ein tur burt i «byen». Les mer …
|