Forside:Nord-Fron kommune

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Akershus • Buskerud • Innlandet • Oslo • Telemark • Vestfold • Østfold
TIDLIGERE FYLKE: Hedmark • Oppland (Distrikt: Hadeland • Land • Gjøvik og Toten • Gudbrandsdalen • Valdres)
KOMMUNE: Dovre • Etnedal • Gausdal • Gjøvik • Gran • Lesja • Lillehammer • Lom • Nord-Aurdal • Nord-Fron • Nordre Land • Ringebu • Sel • Skjåk • Søndre Land • Sør-Aurdal • Sør-Fron • Vang • Vestre Slidre • Vestre Toten • Vågå • Østre Toten • Øyer • Øystre Slidre
TIDLIGERE KOMMUNE: JevnakerLunner

Om Nord-Fron kommune
0516 Nord-Fron komm.png

Nord-Fron kommune ligg i Gudbrandsdalen i Innlandet fylke og grensar til kommunane Sel i nord, Sør-Fron i aust og sør, Øystre Slidre i sørvest og Vågå i vest. Administrasjonssenteret er den største tettstaden, Vinstra. I 1855 vart Fron kommune delt i to, Nord- og Sør-Fron. I 1966 vart desse slått saman, og så delt nok ein gong i 1977.

Nord-Fron er ein jordbrukskommune, men det er òg ein del industri i og kring tettstadene Vinstra og Kvam. Folketalet har gått noko ned sidan 1980-åra; i perioden 1995-2005 sank det med 3,4 %.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Bauta over Olav den heilage på ein gravhaug på Hundorp, avduka under eit stemne olsokaftan 29. juli 1907. Skulestyrar Rasmus Stauri, den gongen på Vik i Kvam, leia arbeidet med å få reist minnesmerket. Monumentet over kristningskongen står på skulens grunn, og har nok hatt stor symbolverdi i folkehøgskulemiljøet.
Foto: Øyvind Holmstad
(2011)
Gudbrandsdalens folkehøgskule var i verksemd frå 1902 til 1987. Dei fyrste åra hadde han tilhald på garden Vik i Kvam i Nord-Fron, men i 1915 vart han flytta til Hundorp i Sør-Fron. Skulen var driven i grundtvigiansk ånd, og følgde opp tradisjonen etter Christopher Bruuns verksemd i Gudbrandsdalen. Gudbrandsdalen folkehøgskule er uløyseleg knytt til familien Stauri i to generasjonar, ekteparet Rasmus og Lise Stauri og deira son Are og kone Dagny samanhengande i meir enn 70 år.   Les mer …

Lise Stauri.
Foto: Ukjent.
Lise Karine Stauri (fødd i Stavanger 6. januar 1882, død i Sør-Fron 14. februar 1949) var lærar, folkehøgskulestyrar og organisasjonsmenneske. Namnet hennar er sterkt knytta til Gudbrandsdalens folkehøgskuleHundorp i Sør-Fron. Ho dreiv fyrst saman med mannen sin, Rasmus Stauri, som var grunnleggjar og styrar av skulen. Da han gjekk bort i 1932, tok ho over som styrar og var det i mange år etter det, nesten heilt fram til ho døydde. Lise Stauri var den fyrste, og i si tid den einaste, kvinnelege folkhøgskulestyraren i landet. Ho var internasjonalt orientert, noko som gav seg konkrete utslag i verksemda ved skulen på Hundorp.   Les mer …

Pål Kluften
Foto: Ukjent.
Pål Kluften (fødd i Nord-Fron 16. november 1888, død i Ringebu 30. april 1942) var typograf, spelemann, folkemusikk- og folkeminnesamlar, diktar, journalist og arbeidarpolitikar. Han kombinerte sine sosialistiske haldningar med norskdomsstrev, og var blant dei framståande kulturpersonlegdomane som gjorde sitt for å legitimere målsaka i arbeidarrørsla. Hans verksemd var med på å fremje den massive overgangen til nynorsk i Gudbrandsdalen i slutten av 1930-åra.   Les mer …

Kvam kyrkje (b. 1952).
Foto: Anders Einar Hilden
Den noverande Kvam kyrkje er ei korskyrkjeKvam i Nord-Fron kommune i Gudbrandsdalen. Ho vart bygd i 1952. Arkitekt var Magnus Poulsson, og Arve Hagen stod for utsmykkinga. Byggverket er i tre og har 450 sitjeplassar. Kyrkja har kyrkjegard med ein minnelund over britiske soldatar som omkom i trefningane her i 1940. I tidlegare tider gjekk kvamværar til ei stavkyrkje på garden Vik, men i 1775 gav kongen løyve til å byggje ei ny kyrkje på Røssumvollen. Den nye kyrkja, bygd i 1776, var ei korskyrkje i tømmer med plass til 300 personar. Denne kyrkja vart øydelagt fredag den 26. april 1940 under kampane mellom tyske og britiske soldatar. Kyrkja og eit hundretals hus vart skotne i brann.   Les mer …

Olav Tordsson Åsmundstad (fødd i Kvikne i Nord-Fron 29. november 1850, død 3. april 1925) var friskule- og folkehøgskulelærar, snikkar og nynorskforkjempar. Han var fødd og oppvaksen på garden Søre Åsmundstad i Kvikne. Foreldra var Tor Pedersen Åsmundstad (1808-1888) og Mari Olsdotter Nistugun Skåbu (1805-1885). Faren var oppvaksen på husmannsplassen Hågåstugun i Skåbu. Men familien åtte også garden Klevstadbakken i Kvam. I 1836 kjøpte Tor Pedersen Klevstadbakken av far sin, men bytte denne mot Søre Åsmundstad i 1839.   Les mer …

Martinus Høgåsen (midten) på arbeidarstemne på Hundorp i 1928. Dei to andre på biletet er Hans Baukhol og O.Broløkken
Ola Martinus Høgåsen (fødd 2. august 1900 i Grue, død 1964 i Vågå) var lærar, politikar, folkeminnesamlar, lokalhistorikar, nynorskforkjempar, diktar og sakprosaforfattar. Han blir oftast omtala berre som Martinus Høgåsen. Høgåsen gjorde seg sterkt gjeldande på ei lang rad samfunns- og kulturområde, mest regionalt i Gudbrandsdalen, men også på landsbasis. Han var norskdomsmann og sosialist. Han gjekk mykje i bunad, og omsette «Internasjonalen» til nynorsk. Det meste av yrkeslivet sitt verka han i Gudbrandsdalen (Nord-Fron og Vågå). I båe desse kommunane var han politisk aktiv for Arbeidarpartiet. I Nord-Fron var han mellom anna varaordførar i seks år, og i Vågå var han ordførar 1946-1951. Han var ein markant og aktiv motstandar av tyskar- og NS-regimet 1940-1945. Frå 1945 til han gjekk bort var han redaktør for Årbok for Gudbrandsdalen.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Nord-Fron kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar