Ivar Joakim Larssen Beite (født 1. november 1862, død 26. august 1942) var skolelærer, organist og ordfører for Venstre. Beite ble født på garden Yttrebeite (gnr 66) i Skodje på Sunnmøre, og var sønn av gardbruker Lars Jørgen Olsen (1835-1869) og kona Anne Sivertsdatter Vestre (1829-1891). Han var femtemann i en søskenflokk på sju der seks vokste opp, bare broren Lars Andreas døde fjorten år gammal.[1]
Han ble gift første gang i 1891, og arbeidet som lærer i hjembygda. I 1900 var Beite blitt gift andre gang, og var kommet til Fjuk i Blaker, der han arbeidet som lærer ved Fjuk skole. Han kjøpte bnr 15 av Fjuk i 1902. Senere ble han ordfører i Aurskog kommune, først fra 1908 til 1913, og så igjen fra 1917. I 1919 ble Blaker egen kommune, og Beite fortsatte som første ordfører der helt fram til 1934, med Hjalmar Mørk som varaordfører. Les mer …
Løypestrengar i Austefjorden (Volda) er eit oversyn over slike innretningar ein kjenner i dag.Her skulle gjerne vore presentert full oversikt på Løypestrengar i Høydalen, men det er jammen ikkje lett. Tek her med frå «Ytre Høydalen». Kan ikkje hugse at eg har sett når dei var i bruk. Det var ein streng i Rabben, , den finn ein i terrenget, lett å sjå i Joledalsråsa. Ser ut som dimensjonen har vore om lag 5/16 tomme. På Øggarden var strammespel på eit par stader Går ein nøye gjennom terrenget vil ein truleg finne restar av strengen opp i bakkane der. Vidare var det Løypestrengar i Bøstranda. Ein innom Storeklubben, og ein i området mellom Dekkja og Lissjeklubben Les mer …
Dette bilde viser fremste spanta, me ser at dei to fremste er tydeleg kantra.
MB «Notøybuen» M-114- HØ, vart bygd ved L/L Vik Båtbyggeri i 1982 for Sæmund Helde, Nerlandsøy. Står i fiskeriregisteret med bygge år 1982. Båtens lengde 10,55 m, br 3,43 m. og djupne 1,68 m. Båten er bygd på laminerte spant og er tverrhekka, med heil bakk. På denne båten er også stemnet laminert. Hud av 1 ½” Bjørkedalsfure.
Båten var levert utan dekk og overbygg men med lagd bjelkevegarar. For å halde skroget stabilt for sleping til heimehamna vart det lagt nokre midlertidige bjelkar. Ved overtaking var båten lavare enn det kjøpar meinte ha avtala, det vart likevel kjøp og eigar la inn spantestubbar og forhøya båten med ein planke. På grunn av at båten hadde heil bakk kunne han forlenge hudplanken derfrå vidare bakover. Han la inn garnering av pløgd material. Eigar bygde sjølv dekk og dekkshus i aluminium, og han utførte også all innreiing sjølv. Båten har slingrekjøl og ein stålkjøl på ca 600 kg. Helde tok over båten i 1982 men ferdig i 1991, det kan ein forstå når den store eigeninnsatsen skulle gjerast i ledige bolkar. Les mer …
Ikornnes sett frå lufta i 1953, til venstre er møbelfabrikken og hjørnesteinsbedrifta Ekornes. Foto: Ekornes fabrikker. Ikornnes er ei grend på sørsida av Sykkylvsfjorden i Sykkylven kommune. Denne sida vert gjerne kalla Sørestranda. Fram til 1930-åra var kulturlandskapet heilt dominert av gardsbruk der det vart drive landbruk. Spreidde næringstiltak utanom landbruket var her heilt frå starten av det førre hundreåret. I 1904 kom Johan O. Erstad i gang med møbelfabrikk ved Ekornes-elva. Når Johan flytte frå Erstad til Ikornnes, var det fordi det var isfri hamn her og fordi han fekk tilførsel av stabil vasskraft frå elva.Kaia på Ikornnes vart tidleg eit lokalt sentrum. Her var det landhandel og skipsekspedisjon. Buda var elles tilhaldsstad for ulike verksemder, mellom anna Strømpefabrikken AS som dreiv tilverking av strømper frå 1919 til 1925.Heilt avgjerande for utviklinga av Ikornnes vart etableringa av J.E. Ekornes Fjærfabrikk i 1934. Jens E. Ekornes hadde vore både på Stranda og i Ørsta og arbeidd i møbelverksemder. I 1934 såg han at det var ein marknad for møbelfjører som han byrja å produsere i eit toetasjes trehus ved strandkanten på Ikornnes. Les mer …
Carl Eliassen Tandstad (fødd 3. februar 1875 i Sykkylven, død 1938) var lærar, musikar og komponist frå Sykkylven. Han vart fødd i Johannesgarden på Tandstad, som son av Elias og Guri Tandstad. Carl E. Tandstad ville nytte dei rike evnene sine, og som ung reiste han til Volda der han gjennomførte mellomskulen. Volda-tida vart ei rik tid for han. Der fann han også kona si, Ida. Etter som åra gjekk, fekk dei ein stor barneflokk. I Volda kom han i lag med den vidgjetne spelemannen og komponisten Per Bolstad. Begge var, trass i unge år, framifrå felespelarar. Dei inspirerte kvarandre som musikarar og utvikla ein varm, livslang venskap. Les mer …
|