Om Valdres
|
Kart over Valdres, med den historiske vandreruta Stølsrute teikna inn.
Valdres er eit landskap i Oppland, med kommunane Nord-Aurdal, Sør-Aurdal, Øystre Slidre, Vestre Slidre, Vang og Etnedal.Dalføret femner størstedelen av nedbørsområdet for Begnavassdraget nord for Sperillen og den øvre delen av Etnedal landskapsområde med kringliggande fjellstrok. I sør finn ein Begnadalen og Hedalen. I nord er Valdresflye ein del av Jotunheimen. Valdres reknast med til Austlandet, men er òg eit grenseområde til Vestlandet. Den eldste busetninga i dalen kom vestfrå, og Valdres var lenge under Gulatingslagen. I 1153 vart dalen ein del av Stavanger bispedøme.
Den største tettstaden, og den einaste mer over 1000 innbyggjarar er Fagernes i Nord-Aurdal. Fagernes som fekk bystatus i 2007 og har drygt 1900 innbyggjarar (2018). Andre tettstader, med folketal per 2018 i parentes, er: Leira i Nord-Aurdal (873), Bagn i Sør-Aurdal (668), Aurdal i Nord-Aurdal (681), Beitostølen i Øystre Slidre (349), Slidre i Vestre Slidre (346), Røn i Vestre Slidre (283), Heggenes i Øystre Slidre (283), Moane i Øystre Slidre (230) og Bruflat i Etnedal (248).
E16 og fylkesveg 51 går gjennom Valdres. Det er bussamband frå fleire stader i dalen til Oslo, Bergen, Gjøvik og Gol. Valdresbanen gjekk til Fagernes, og vart nedlagd i 1989. Fagernes lufthamn, Leirin var den høgast liggande flyplassen i Nord-Europa, på 822 moh. Den hadde daglege avgonger til Oslo lufthavn, Gardermoen. Lufthamna vart opna i 1987, og nedlagd i 2018. Les mer ...
|
|
Smakebitar fra artiklar
|
Faksimile fra Østlands-Posten 27. mai 1995: utsnitt av portrettintervju med Ruth Lagesen.
Ruth Lagesen (født 10. august 1914 i Bagn i Sør-Aurdal kommune i Valdres, død 7. april 2005 i Larvik) var pianist, orkesterleder og musikkpedagog, kjent som landets første kvinnelige orkesterdirigent. Les mer …
Skip og kor, frå Gamle norske kirker, utg. 1922. Hedalen stavkyrkje står i bygda Hedalen i Sør-Aurdal, sør i Valdres. Ho vart reist som ei einskipa langkyrkje kring 1165, og vart i 1699 ombygd til ei korskyrkje. Den vestre delen av skipet er den opphavlege stavkyrkja. Ho er framleis soknekyrkje for Hedalen sokn. Kyrkja trakk òg folk frå mellom anna Ådalen, dei andre delane av Sør-Aurdal, Etnedal og Hallingdal til feiring av jonsok og mikkelsmess heilt fram til «Hedalsmessa» vart avskaffa kring 1850.Kyrkja vart stilhistorisk datert til kring 1165. Det er ikkje alltid lett å treffe blink med slik datering, men i dette høvet har seinare årringdatering vist at tømmeret vart hogd vintrane 1161/1162 og 1162/1163. Les mer …
Mikael Myhre (født 6. juni 1917, død 13. desember 2003) er en figurativ maler fra Begnadalen i Sør-Aurdal. Hans bilder er kjent for duse fargekombinasjoner og lysets virkning. Bildene hans er regnet for å ha stor kulturhistorisk verdi ved å fremstille lokale steder og aktiviteter i historisk perspektiv. Blant annet handelsstedet Bymoen og dampskipstrafikken på Sperillen. Myhre voks opp med fire søsken på gården Myhre i Begnadalen. Han var aldri heltidsbeskjeftiget som maler, han var skogsarbeider hele livet. Allerede som åtteåring startet han i skogen. Under kafferastene brukte han tiden til å tegne skisser fra skogsarbeidet og naturen. Det nærmeste Myhre kom en offisiell utdanning i faget som maler var to kurs i frihåndstegning ved Spanges tegneskole i Oslo. Les mer …
|
|
|
|
|
Kategoriar for Valdres
|
|
|
Andre artiklar
|
|
|