Anne Jensdotter Sletto, 1901. Foto: Hol Bygdearkiv.
Anne Jensdotter Sletto (fødd 4. mars 1867 i Hol kommune, død juli 1946 same stad) var tenestejente, vaske- og strykekone. Det er sikkert at ho virka i heimbygda og i Vestfold og at ho budde i Akershus då dottera Jenny vart fødd.
Anne Jensdotter Sletto høyrde til dei småe i samfunnet. Ho var tenestjente i ei eller annan form all si tid. Ei blant mange. Av folketellingane mot slutten av 19. hundreåret er talet på gruppa som hadde personleg tenesteyting som leveveg 95 000 i 1890 og 112 000 i 1900. Med visse atterhald var kring 7-8% av innbyggjarane i Norge tenarar heilt fram til kring 1930. Les mer …
Øvre Skarpmoen. Dette er truleg det eldste tunet på Skarpmo-eiga. Biletet er teke av Narve Skarpmoen ein gong rundt 1905. Skarpmoen er ein matrikkelgard i Rollag, gardsnummer 47, som strekkjer seg frå Numedalslågen i vest og austover til grensa mot Sigdal. Gardsnamnet er forklart slik: «Første Led sigter til Jordbundens Magerhed: her er haard og skarp Mark.» Det er funne fleire gjenstandar på Skarpmo-eiga som vitnar om menneskeleg aktivitet her i lang tid attende. For lang tid sidan vart det funne ei flintøks utan skafthol og eit par bronsespenner på eit av jorda. Desse gjenstandane veit ein ikkje kor er i dag. Universitetets oldsakssamling har ein spjutspiss med mothakar frå eldre jarnalder som er funnen på Skarpmoen. Les mer …
Peter Flor 1842. Maleri av Mathias Stoltenberg.
Pierre Poumeau (Peter) Flor (fødd 25. september 1775 i Vestre Aker, nå Oslo kommune, død 8. april 1848 i Drammen) var offiser, jurist, publisist og politikar. Det franske namnet hans skuldast oppkalling etter general Pierre Poumeau i Christiania, men Flors førenamn har vanlegvis vorte fornorska til Peter både i samtida og i ettertid. Flor vart kjend som ein radikalt liberal politikar, som i dei fyrste åra etter 1814 stod i fremste rekkje i motstanden mot Karl Johans forsøk på å endre grunnlova i monarkisk og unionsfremjande retning. Flor var sentral i «Den gamle opposisjonen» på stortinga 1818-1822. På stortinget 1821 vart denne opposisjonen omtala som Det Flor-Hoelske parti etter han og meiningsfellen Jacob Hoel.
Peter Flor var son av auditør og regiments kvartermeister (og titulær generalkrigskommissær) Jens Lorentz Flor (1731-1806) og Maren Bolette Heegaard. Peter var fødd på garden Lilleaker i Vestre Aker. Om han voks opp der, er uvisst. Faren kjøpte seinare garden Haugbo i Asker og slo seg ned der med familien. Det er mogleg at Peter allereie flytta heimefrå på det tidspunktet. Mora Maren Bollette Heegaard døydde, og faren gifta seg opp att med Abel Margrethe Schnitler. I følgje Ovenstads militærbiografiar skal paret ha blitt separert etter berre eit par års barnlaust ekteskap. Les mer …
Kart over Fram-Sønju, med innmark og utmark, i 2011.
Fram-Sønju er et gårdsbruk i Bingen i Øvre Eiker kommune under gårdsnummer 180 Sønju.
Hele eiendommen er på 526 dekar, derav 140 dekar innmark. Bruket oppsto da gården Fremmere Sønju ble delt i tre i 1723. Denne gårdparten hadde da en matrikkelskyld på 5 lispund. Den kalles som oftest «Østre Sønju» i de eldre kildene, men seinere har det gamle navnet «Fram-Sønju» igjen blitt tatt i bruk. Gårdsbrukene Sønjuhaugen, Hesjebråtan og Kinnes og et par skogeiendommer ( bruksnummer 2) og ( bruksnummer 3) er etter hvert blitt skilt ut fra gården. Les mer …
Postkort som viser Katfos. Originalen tilhører Otto Fotland. Foto: Ukjent
Katfos Fabrikker var en papir- og cellulosefabrikk som lå ved Kattfoss i Drammenselva ved Geithus i Modum kommune. Bedriften ble etablert i 1898 som Katfos Cellulosefabrik og var den siste treforedlingsbedriften som ble etablert på Modum. Selskapet skulle produsere sulfittcellulose og dannes med en kapital på 600 000. Ved aksjeinnbydelsen var dette forhøyd til 700 000, men det skulle vise seg at behovet for anleggs- og driftskapital var om lag dobbelt så høyt. Fortjenestemulighetene innen tremasse ble ansett for uttømt i midten av 1890-årene og man mente at mulighetene nå lå i cellulose og papir. Celluloseteknologien var fortsatt ung. Bare en liten del av vannfallet ble tenkt unyttet og bedriften hadde derfor muligheten til å gå over til elektrisk-kjemisk fremgangsmåte i stedet for å fyre med kull. Produksjonen ble beregnet til 5 000 tonn cellulose. Bedriften ble solgt til Follum Fabrikker i 1970, og papirproduksjonen ble avviklet i 1983. Les mer …
|