Peter S. Brandal (1870-1933) fotografert i 1911, 41 år gammal.
Peter S. Brandal (fødd 21. desember 1870, død 23. mars 1933) var selfangstreiar og Svalbardpioner. Han var ein av pionerane innan moderne selfangst og ein forgrunnsfigur i næringa i fleire tiår. Han starta selfangstreiarlag, seloljedamperi og sildoljefabrikk, og var med på å starte Kings Bay Kull Company på Svalbard.
Peter S. Brandal kom frå den kjende ishavsbygda Brandal på Hareidlandet, rett sørvest for Ålesund. Han var nummer to i ein søskenflokk på åtte. Foreldra var Severin L. Brandal (1847-1934) og Davide P. Brandal (1842-1902). Dei fekk overta eit utmarksstykke av Peder P. Brandal, far til Davide, då dei gifte seg i 1869. Her oppe i Haugen bygde dei hus og løe og busette seg, og dyrka opp jorda med tida. Men Severin var meir fiskar enn gardbrukar. Han dreiv fiske frå unge år av og vart etter kvart skipper på fiskeskøyter frå Ålesund. Les mer …
Kart over Trondhjems Stift / Nidaros bispedømme (med grenser frå føre 1983) som viser kvar Hemne prestegjeld låg.
Hemne prestegjeld, fram til 1918 skrive Hevne prestegjeld, var eit prestegjeld i Orkdal prosti i Nidaros bispedømme i Den norske kyrkja. Hemne prestegjeld, som vart frådelt Hitra prestegjeld ved reskript av 5. desember 1765, dekte dei daverande kommunane Hemne og Snillfjord og hadde fire sokn: Hemne, Vinje, Heim (frå 1884) og Snillfjord (frå 1899). Gardane Bjørnslia, Ljøsevollen og Lillehaugen, som tidlegare høyrde til Rindal prestegjeld, vart lagt til Vinje sokn av Hemne prestegjeld ved kongeleg resolusjon av 4. desember 1862. Den noverande kyrkja i Hemne sokn vart innvigd den 29. juni 1817 etter at den gamle hovudkyrkja, «Sancta Margrethæ», som stod på gården Kirkesæter, etter et lynnedslag brann ned natt til 15. desember 1815. Kyrkja er åttekanta og har totalt 500 sitteplassar. Ved Vinjeøra har det vore kyrkje sidan føre reformasjonen. Den noverande kyrkja i Vinje sokn, ei åttekanta tømmerkyrkje, vart bygd i 1820 etter at den gamle kyrkja vart riven, men tårnet og preikestolen, så vel som den gamle altartavla frå 1712 i nederlandsk barokkstil, vart flytta over til nykyrkja. Les mer …
Kart over indre del av Austefjorden Notlag i Austefjordområdet. Fjordagardane på Vestlandet har hatt behov for matauk meir enn det garden kunne gi, slik var det også på gardane i Austefjorden i Volda. Dette var meir naudsynt i gamledagar enn no. Gamle dagar er vel ikkje så langt att i tida i denne samanheng. Ser ein på korleis det var i 1930-åra, så var det ikkje så mykje kontantar mellom folk. Gardane var små så maten frå fjorden var naudsynt for både livberging og busetjing. Heimefiskje høyrde kvardagen til, og den som var heime tok del. Ein kan seie at fjorden berga liv, men nokre gonger gjekk det gale, og fjorden tok liv. Les mer …
Fartøyet/båten sine lengdemål som del av å oppgi storleiken på ein båt skulle ein tru er ei enkel sak.
Ta eit målband, mål ditt fartøy og samanlikn med andre fartøy: Det er truleg best å ta lengdemåla i fyrste omgang. Tenk slik: Lengste lengde er forståeleg for folk flest. For dei andre måla er ein avhengig av kunnskap om fartøytypar og for gamle fartøy/båtar endar ein opp med eit spørsmål om kor høg ein vaksen mann var i dette tidsromet for å kunne føreta ei fornuftig samanlikning av størrelsar.Register over merkepliktige norske fiskefarkostar, også kalla Fiskebåtregisteret har frå 1920 til dags dato registrert mange fiskefartøy og har denne formuleringa for måling 1923: 3dje rubrikk:
Lengde, bredde og dybde: Kjennningsmålene er angitt i fot og tiendedeler derav. Engelske mål er trykt med skrå skrift, norske mål med opretstående skrift. Mål oppgitt til registeret i meter, meterfot eller norske fot og tommer, er omregnet til norske fot og tiendedele. Det mål som er oppgitt som lengde for en rekke hekksbyggede farkosters vedkommende, antas å angi farkostens største lengde, mens der skulde være opgitt lengde fra forkant av forstevnen til akterkant av øverste ende av bakstevnen.
Tenk perpendikulærene og at bakstevnen er den rett oppståande planken på kjølen som propellhylsa sit i med "attklossingar" eller rotvaksen bakstamn for gjenomboring for rorstamme eller beslag for rorhengsle. Lokale konstruksjonar blir tolka. Blir synleg ved ommåling, måla endrar seg, ikkje båten. Les mer …
Edvard Drabløs les Ivar Aasens brev og dagbøker. Foto: Leif Ørnelund
Edvard Drabløs (fødd 1. april 1883 i Sykkylven, død 27. april 1976 i Oslo) var skodespelar, fødd og oppvaksen på Dravlaus i Velledalen, Sykkylven kommune. Foreldra var Jens Helgesen Drabløs (1856–1925) og Olave Velle (1852–1917). Edvard Drabløs vart i 1920 gift med Astrid Peersen (1895–1979). Edvard Drabløs var i nesten heile sin karriere ein av hovudkreftene ved Det Norske Teatret, som han hadde vore med å grunnlegge. Drabløs var æresmedlem i Norsk skuespillerforbund, fekk Statens kunstnarløn frå 1959 og vart riddar av St. Olavs Orden i 1953. Les mer …
|