Hans Romundset ( 1904- 1992) var ein skreddar og spelemann frå garden Romundset («Hansgarden») på Skarsøya i Aure kommune på Nordmøre. Han var son av gardbrukar Hans Knutsen Romundset (f. 1873) og Elen Olsdatter (f. 1876)Hans byrja med felespel då han var i 10-14 års alderen. Ein viktig læremeister i denne tida var den eldre broren, Ola. Men for det meste var Hans sjølvlærd i felespeling. Hans og Ola spela mykje i lag, både privat og offentleg. Ofte var også systra Oline med på gitar. Hans fekk si eiga fele då han var 14-15 år gamal. Denne fela brukte han omtrent heile livet igjennom. Hans var særs aktiv som spelemann i 1930-åra og fram til han gifta seg med Ingrid Johansen frå Vesterålen i 1943. Då Hans var 23-24 år byrja han som skreddarlærling hjå Halvard Husby i Foldfjorden. Les mer …
Dalan (dial. ["dɑɽaɲ:] ( nominativ/akkusativ), ["dɑɽɔ] ( dativ)), oftast skrive som Dalen i offisiell samanheng, er eit småbruk under matrikkelgarden Hals ved Sålåsundet i Aure kommune på Nordmøre. Bruket vart bygsla den 27. desember 1847, og den 8. september 1866 vart plassen frådelt b.nr. 6 (Søstua) som sjølveigande bruk. Bruket ligg mellom Ekkerbekkjen (Ekrebekken) i sør og Kvennabekkjen eller Sagelva i nord. Namnet Dalan kjem av dei mange dalane som var her føre innmarka vart planert i 1970-åra. Dalane er framleis der i utmarka. Det er funne fleire hundre flintavslag i Dalan. Truleg har det vore flintverkstad her ein gong kring yngre steinalder. Det vart òg funne restar av ei jarnmile under pløying. Det seiest at det var oppgangssag ved Sagelva i hollendartida. Seinare vart det sett opp kvennhus òg, og Sagelva skifta namn til Kvennabekken. Bekken blir òg stundom kalla Slettabekkjen. Både kvennhuset og saga vart rivne kring 1870. Tradisjonen seier at det første huset i Dalan var det som no er kjellaren på gammalhuset, og så vart tømmerkassen sett oppå seinare. Kjellaren hadde doble murar av naturstein i langveggene. I atterveggen var det ei luke som vart bruka til å ta inn potetane. Framveggen, med døra midt på, var lett. Det var ei stor grue i kjellaren. Etter at tømmerkassen vart sett opp vart grua bruka til flatbrødbakst på baksthelle og korntørking i gryte. Les mer …
Ungdomshuset Strandtun. Foto: I. Bakk, 2012
Ungdomshuset Strandtun er eit forsamlingshus på Lesund i Aure kommune. Huset var opprinneleg soldatheim på det tyske festningsanlegget Melland fort. I mai 1946 gjorde UL Havsus og Lesund skyttarlag vedtak om at styra i dei to laga skulle gå saman og utarbeida eit framlegg for å skaffa eit forsamlingshus. Etter kvart vart det m.a. nedsett eit husstyre. Dei to laga fekk overta den tidlegare soldatheimen frå staten. Men det var vanskeleg å finna tomt til huset. Etter kvart løyste dette seg ved at Sivert Ødegård selde tomt der huset står i dag, sentralt og like ved sjøen. Demonteringa av soldatheimen starta truleg sommaren/hausten 1947. Sentralt i flyttinga av huset stod jernbaneanlegget som tyskarane hadde bygd opp kring festninga. Les mer …
Bedehuset «Louises Minde» er eit kristeleg forsamlingshus som vart bygd på Leira på Tustna i 1923. Thore P. Leren ( 1855- 1947) var pådrivar for å få huset reist. Huset vert bruka til kristeleg møteverksemd, basarar med meir. Det var til å byrja med strid om kva dette huset skulle brukast til. I 1922 vart det halde eit møte der det vart ordskifte ang. byggjinga av huset. Mange ungdomar ynskte at huset skulle vera eit ungdomshus, med eit breiare bruksområde enn det reint kristelege. Det vart ei splitting i bygda, noko som førde til at det etter kvart vart reist eit eige frilynt ungdomshus. Les mer …
|