Forside:Fosen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 29. apr. 2010 kl. 22:58 av Dena Utne (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Trøndelag
TIDLIGERE FYLKE: Nord-TrøndelagSør-Trøndelag
DISTRIKT: (Sunnmøre) • Romsdal • Nordmøre • Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherad • Namdalen
KOMMUNE: FrøyaHeimHitraIndre FosenOsenØrlandÅfjord
TIDLIGERE KOMMUNE: BjugnHalsaHemneRoanSnillfjord

Om Fosen
Kart over Midt-Noreg med Fosen innteikna i blått.

Fosen er eit landskap og tidlegare futedømme i Midt-Noreg. Landskapet omfattar dei ytste kommunane på begge sidene av Trondheimsfjorden i Trøndelag fylke. Landskapet utgjorde fram til høgmellomalderen den nordlege halvparten av Norðmǿrafylki, men vart seinare delt av — først som Fosen len, seinare som futedømme under namnet Fosens fogderi.

Kommunane som reknast med er Frøya, Heim (der tidlegare Halsa tilhøyrer Nordmøre), Hitra, Indre Fosen, Osen, Ørland og Åfjord. Tidlegare Agdenes kommune vart dels rekna til Fosen og dels til Orkdalen; då denne kommunen i 2020 gjekk inn i nye Orkland kommune er det grunn til å vente at blikket vendast meir mot Orkdalen i framtida.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
1613 Snillfjord komm.png
Snillfjord (uttale ["sniʎ.ˌfjɷ:ɽ] el. ["sniʎ.ˌfjɷ:ɾ]), oftast kalla Snillfjorden (uttale ["sniʎ.ˌfjɷ:’ṇ] (nominativ/akkusativ), ["sniʎ.ˌfjɷ:ɽa] (dativ)) er ein tidligare kommune i det tidlegare Fosen futedømme i Trøndelag fylke. Kommunen grensa til Agdenes i nordaust, til Orkdal i søraust og til Hemne i vest; og på nordsida av Trondheimsleia grensa Snillfjord til Hitra. Snillfjord var opprinnelig del av Hemne kommune, men vart utskilt som eigen kommune i 1923. I 1964 vart den austlige delen av Heim kommune og ein del av Agdenes lagt til Snillfjord. Kommunen vart oppløyst den 1. januar 2020, da Ytre Snillfjord vart lagt til nye Heim kommune, Sundan (Sunde) vart lagt til Hitra kommune, og Krokstadøra inkludert Vuttudalen, vart lagt til nye Orkland kommune.   Les mer …

Lensvikens radiatormeieri var et andelsmeieri på Melandsfossen i nåværende Agdenes kommune. Det ble opprettet i 1898, og var et smørmeieri. Meieriet innstilte driften i 1911.

I 1905 var produksjonsvolumet 168 800 kg melk (Bentrud).

I Agdenes ble det på kort tid etablert to meierier; dette og Lensvikens dampmeieri (1899-1927), og dette forklares i bygdeboka (Singstad) med at meierikonsulenten «haltet til begge sider [og] gjorde bygda en bjørnetjeneste» ved å ikke kreve samarbeid, men antyde at like små meierier hadde lyktes i andre bygder.   Les mer …

Torspråklig sørsamisk/norsk skilt på biblioteket i Snåsa kommune.
Foto: Olve Utne
Sørsamisk (sørsamisk åarjelsaemien gïele, åarjelsaemien) er eit samisk språk med tre nolevande hovuddialektar som blir snakka blant sørsamar. Det tradisjonelle utbreiingsområdet til sørsamisk er sørom Korgen i Noreg og Umeälven i Sverige. Hovuddialektane av sørsamisk er vefsnsamisk (i Sverige: vilhelminasamiska), jamtlandssamisk og rørossamisk (i Sverige: härjedalssamiska eller sydlig jämtlandssamiska). Umesamisk blir òg ofte rekna til sørsamisk, men ligg med sin kombinasjon av omlyd og stadieveksling nært opp til pitesamisk. I Noreg blir samiske stadnamn i det tradisjonelt umesamiske området offisielt normert til sørsamisk.   Les mer …

Lærer Ole Aalmo.
Foto: Ukjent (skanna av Gunnar E. Kristiansen)
Ole Aalmo (født 14. mars 1861 i Aure, død 1943) var lærer og kirkesanger. I åra 1920-28 satt han som ordfører i Sandstad kommuneHitra. Han var sønn av bonde Lars Olsen Aalmo og Beret Olsdatter. Ole Aalmo tok eksamen ved Klæbu lærerskole i 1881. Han tok seinere flere lærerkurs og skytterkurs. Aalmo var i perioden 1884-1903 ansatt som lærer i Bøfjorden i Stangvik i nåværende Surnadal kommune, til dels var han også lærer ved fortsettelseskolen i bygda, i tillegg til å arbeide som poståpner. Fra 1903 til 1928 var han lærer ved Strand, delvis også Utset krets, i Sandstad, og samtidig arbeidde han som kirkesanger samme sted. Han fortsatte som kirkesanger til 1931.   Les mer …

Foto: Erlend Leirdal
Den samiske historiaNordmøre (inkludert Sunndalsfjella/Dovre) og i Sør-Fosen (i tydinga Agdenes/Snillfjord/Hemne-området og øyane utanfor) er foreløpig lite kartlagt. I 2006 vart det funne fire aernieh (sørsamiske eldstader) med tilhørande båassjoeh, så vel som bl.a. mange fangstgroper for rein ved Aursjøen i fjella mellom Sunndal og Lesja. Ulike skikt av trekolet i eldstadene er datert til ymse tidspunkt i perioden frå 600-talet til kring begynnelsen av 900-talet. Vi veit at det har vore sørsamisk reindrift i Trollheimen og på Fosenhalvøya i lange tider, og det har òg vore reindrift kring Hemnkjølen og så langt vest som fjellområda mellom Valsøyfjorden i Halsa kommune og Bøverdalen i Surnadal kommune heilt fram til 1980. I Aure og Smøla kommunar er det først og fremst i stadnamna at den samiske delen av lokalhistoria kjem til synes. På Veiholmen er det òg gjort éit vesentleg arkeologisk funn: ein gjenstand som vart tolka som ein vevspjelk eller vevkam i horn med typisk sørsamisk ornamentikk, stildatert til kring 1200—1500 evt.   Les mer …

Blandaball servert med potet, kålrabi, gulrøter, flatbrød og vatn.
Foto: Olve Utne (2009)
Blandaball (utt. ["bɽɑɲ:aˌbɑʎ:]), stundom skrive blainnabaill o.l., er ein fiske- og potetrett frå Ytre Nordmøre og Fosen, og til dels òg i Romsdal. Hovudingrediensane i blandaballen er fisk (gjerne hyse eller lyr), potet og grynmjøl og/eller kveitemjøl. Ball, og særleg blandaball, er spesielt populær mat i Kristiansund, som ofte spøkefullt blir kalla Baillsund.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Fosen
 
Andre artiklar