Kornmagasinet på Lesjaskog. (2009) Lesjaskog kornmagasin vart bygd i 1818 på Magasinhaugen ved Mølme. Same året vart det òg bygd tilsvarande magasin i dei andre sokna i Lesja prestegjeld: hovudsoknet og Dovre, etter at prestegjeldet hadde mottatt 200 tønner korn i gåve frå kongen, Karl Johan. Bygdefolket måtte hente kornet sjølv på Akershus festning, så det vart ikkje ei heilt gratis gåve. Av gåva til prestegjeldet gjekk 18 tønner hit til magasinet på Lesjaskog. Kornbehaldninga i magasinet skulle lånast ut som såkorn til dei bøndene som ikkje hadde nok sjølv. Renta var 12,5 % p.a. fram til 1854, da ho vart sett ned til det halve. Utlåna kunne vera små, berre ei skjeppe. Kornet skulle halde ei viss minstevekt, men vart lånt ut etter mål ( tønner). Les mer …
Tore Ørjasæter som ung mann (1906) Foto: Johan von der Fehr Tore Ørjasæter (fødd i Skjåk 8. mars 1886, død på Lillehammer 29. februar 1968) var forfattar. Fyrst og fremst var han lyrikar og dramatikar, men han har også gjeve ut ein roman og to essayistiske reiseskildringar. Enda han levde størsteparten av livet sitt utanfor Skjåk, var han tett knytt til fødebygda. Heimegrenda Bråtå og oppveksten der har gjeve motiv og bilete til mykje av diktinga hans. Sentrale tema i dikt og drama er tilhøvet mellom vilje og lagnad, modernitet og tradisjon, det kreative menneskets fridom og rett til utfalding versus medmenneskeleg ansvar og nestekjærleik. Dessutan utspelar det seg ein kjønnskamp i fleire av hovudverka hans. Dei mest kjende og omtykte enkeltdikta frå Ørjasæters hand er venteleg «Malmfuru», «Elgen», og ikkje minst «Vestland, Vestland» - det siste tonesett av Sigurd Førsund og gjort til folkeeige gjennom Sissel Kyrkjebø si innspeling. Les mer …
Hovudbygningen på Grinder. Halvor var 13 år gammal da denne bygningen stod ferdig. Foto: Ukjent. Halvor Arntzen (fødd i Grue i Solør 27. september 1756, død i Christiania 19. oktober 1832) var utdanna teolog. Han var kapellan fleire stader før han vart sokneprest, fyrst i Lårdal så i Lom.
Foreldra var proprietær og krigsråd Ole Arntzen (1731-1811) på storgarden Grinder i Grue og hans fyrste kone Karen Pedersdotter Vøyen (1733-1769). Båe foreldra kom frå bondefamiliar, men Ole Arntzens krigsrådstittel vitnar om at dei sjølve hadde avansert sosialt til kondisjonert stand.
Halvor hadde 11 sysken som voks opp, og fem halvsysken frå farens andre ekteskap med Marthe Hansdotter Gjerdrum. Syskenflokken, iallfall gutane, fekk uvanleg god utdanning. Foreldra heldt huslærarar som gav dei grunnutdanninga. To av brørne/halvbrørne til Halvor vart teologar som han sjølv, fem vart juristar, ein filolog og tre offiserar. Ein av halvbrørne var høgsterettsassesor, stortingsmann og statsråd Andreas Gjerdrum Arntzen. Les mer …
|